Etter mitt syn var «pandemien» eit skuleeksempel på massehysteri, der dei fleste blindt følgde instruksar frå styresmaktene, sjølv om dette ikkje var i samsvar med etablerte pandemi-beredskapsplanar og i direkte strid med etablert vitskap og sunn fornuft. Saklege, rasjonelle argument vart møtt med emosjonelle utbrot frå det som framstod som menneske i djup psykisk ubalanse. Her var det tidleg klart for meg at det hadde skjedd omfattande programmering av massane.
Det same synet har to ekspertar på covid-historie, Alec Zeck og Mike Winner. Dei står bak ein dokumentarserie med tittelen The End of Covid. Den fortel den ærlege og skrekkelege sanninga som Big Pharma og regjeringane ikkje ønskjer at folket skal få vete om covid-19-prosjektet. Det er òg påfallande at den same skremselsstrategien vart brukt under AIDS-kampanjane på 1980- og 90-talet, og at Anthony Fauci òg var ein av hovudaktørane på den tida, slik som han var under covid. Natural News skriv (mi omsetjing):
«Under ein nyleg episode av [Natural News-eigar] Mike Adams sin Health Ranger Report, avslørte Alec Zeck og Mike Winner […] korleis folk vart servert ‘sinn-kondisjoneringsscenario’ og forteljingar som fremja skremselspropaganda for å få dei til å underkaste seg kva enn slags protokollar som ‘helsestyresmaktene’ rulla ut. Brighteon-grunnleggjaren [Adams] nemnde ein studie dekt av Natural News om hypnose-studiar, der personar som var hypersensitive overfor Toxicodendron (poison ivy) vart valde ut. Ein forskar bad dei om å strekkje ut handa på eit bord, og sa deretter til dei ‘eg kjem til å stryke eit lauv av poison ivy på handa di’. Forskaren gjorde so dette, men ikkje med den giftige planta. Men hudutslett braut likevel ut; deira sinn gjorde det ekte.
‘Der var ein annan studie der forskarar lest som dei stumpa ein glødande sigarett på huda til ein person, sjølv om han eigentleg berre brukte viskelæret på ein blyant – og so fekk personen eit brannsår fordi dei trudde dei vart brende,’ sa han vidare. ‘Sinnet er særs mektig. Om det speler noka rolle i forhold til det vi såg under pandemien, so er det særs skremmande fordi makta til falske autoritetar i det medisinske systemet og media er langt større enn folk flest innser.’
Zeck var einig, og relaterte det til og med til nye ‘skremselspropaganda’-taktikkar for tida med ‘sjukdom X’. ‘Alle er so redde for at ein kjem til å sleppe laus nok eit ‘biovåpen’ på massane,’ sa han. ‘Manifestasjonen av symptom, spesielt når ein er i ein sterk frykttilstand, er reelt. Og det vi lærer frå oss i dokumentaren, spesielt i dei siste modulane, er at vi går inn i omfattande detalj når det gjeld kor briljant menneskekroppen er, og at ein må forstå at der er ingenting der ute å vere redd for.’
Ifølgje Zeck kan folk, so fort dei blir merksame på ting, oppretthalde helsa. I tillegg må ein forstå at symptom på sjukdom i seg sjølve ikkje er ille. ‘Å forstå at kroppen din er eit briljant designa maskineri som veit nøyaktig kva den skal gjere og har alt den treng inni seg, so lenge miljøet og næringsstoffa for å lækje seg er der, kjem den til å gjere nøyaktig det den vart laga for å gjere for å bli frisk,’ sa han og la til at filmen faktisk har som føremål å motverke frykta som er særs utbreidd blant helsefridom-gruppene for tida.
Winner la til at det er sant at menneske har massive manglar i den moderne æraen, spesielt celle- og saltmineral fordi vi ikkje har dei i maten vår lenger på grunn av ‘masselandbruk’. […] ‘Kroppane våre kan ikkje gå gjennom denne naturlege progresjonen ved namn pleomorfisk syklus, til dømes. Dei endogent gode bakteriane som er i oss, som ofte blir forveksla med bakteriell infeksjon, dersom desse kjem ut av kontroll er det ikkje på grunn av ein eksogent angripande vektor av denne dårlege bakterien, det er fordi vi har mangel [på næringsstoff] og difor ikkje er i stand til å fullføre den naturlege syklusen,’ diskuterte han vidare. […]
Elles i programmet snakka trioen òg om korleis Erverva immunsviktsyndrom (AIDS) faktisk var eit ‘tidleg pilotprogram for covid-19’, då nemnde sjukdom fekk skulda for alt, akkurat korleis tilfellet var med koronavirus for nokre år sidan.
Winner sa spøkjefullt at AIDS hadde skulda for at han var jomfru på 1980-talet. ‘Eg vart definitivt skremd av AIDS då eg voks opp på 80-talet og som ein stor fan av Magic Johnson. Eg voks opp i Los Angeles som ein Lakers-fan. So, då dei rulla ut at Johnson hadde AIDS og eg gjekk på ungdomsskulen, sa eg ‘eg skal aldri ha sex’.’
Etter å ha flirt litt, sa Adams deretter at på den tida fekk ein folk til å tru at til og med heterofile par, som var monogame, likevel kom til å få AIDS. ‘Dette er fullstendig i strid med heile overføringsteorien,’ peikte han ut. Han sa òg at Centers for Disease Control and Prevention (CDC) fekk massive midlar for å spreie skremmehistorier om AIDS. Og ‘det rare’ er at tidlegare leiande medisinsk rådgjevar i Det kvite huset, Anthony Fauci, var involvert i AIDS-kampanjen. I tillegg: legemiddela som vart pusha for å behandle AIDS, forårsaka symptoma som vart diagnostiserte som AIDS, som kan samanliknast med dei noverande covid-19-vaksinane. […]
Ein ting til er sjølve AIDS-testane, som ikkje var berre biokjemiske eller fysiologiske. ‘Pasientane’ vart spurde om kor mange sex-partnarar dei hadde, om dei brukte intravenøse sprøyter, om dei var narkomane, og andre spørsmål om livsstilen sin. ‘Eg trudde dette liksom skulle vere vitskapleg. Eg trudde du skulle sjå noko under eit mikroskop,’ kommenterte Adams. ‘Det viste seg at akkurat som med PCR [polymerase-kjedereaksjon]-testar for covid, so var AIDS-testane berre noko forbanna tull heile tida.’»
