Byllepest, den bakterielle infeksjonen som drap fleire titals millionar i Europa på 1300-talet, eksisterer framleis. Den er betre kjent under namnet Svartedauden, og kravde meir enn 100 millionar menneskeliv då den herja i det bysantiske imperiet på 500-talet. I dag finst sjukdommen hovudsakleg hjå villdyr slik som ekorn, mus og villkattar, men kan òg krysse over til menneske ved hjelp av bit og infiserte lopper.
Byllepest er forårsaka av bakterien Yersinia pestis. No har helsestyresmaktene i den amerikanske delstaten Oregon rapportert det fyrste tilfellet av byllepest på nesten ti år. Ifølgje CDC (Centers for Disease Control and Prevention), var der ti tilfelle av sjukdommen og to dødsfall i 2023. Sjukdommen er særs sjeldan, men har høg dødelegheit på grunn av evna bakterien har til å infisere blodet og danne koloniar i lungene.
Dette rapporterer Natural News, og dei skriv vidare (mi omsetjing):
«Helsetilsette i Oregon meiner å ha fått kontroll på det siste tilfellet. Tilfellet vart identifisert i Deschutes fylke. Innbyggjaren vart sannsynlegvis smitta av ein symptomatisk huskatt. Deschutes fylke sin helseoffiser dr. Richard Fawett sa at byrået tilbyr legemiddel til alle som har vore i nær kontakt med katten og den infiserte personen, som her blir verande anonym.
Ifølgje helsedepartementet byrjar symptom på pest vanlegvis to til åtte dagar etter at ein person har blitt eksponert til eit infisert dyr eller loppe. Desse symptoma kan inkludere plutseleg feber, kvalme, svakheit, kuldegysingar, muskelverk og/eller synleg oppsvulma lymfeknutar som blir kalla bubon. [Derav det engelske ordet for byllepest, bubonic plague; oms.komm.] Per 7.februar 2024 har ikkje desse symptoma blitt registrert hjå nokon av nærkontaktane til den infiserte personen.
‘Bakteriane formeirar seg i lymfeknutane som ligg nærast der bakteriane kom seg inn i menneskekroppen. Dersom pasienten ikkje blir behandla med passande antibiotika, kan bakteriane spreie seg til andre delar av kroppen,’ sa helsetenestepersonar i Deschutes fylke.
Tidleg behandling er viktig for å stoppe progresjonen til meir alvorleg sjukdom. Dersom den ikkje blir behandla, kan byllepest bli ein blodinfeksjon ved namn septikemisk pest, eller den kan infisere lungene og bli lungepest. So fort den kjem i lungene kan bakterien forårsake lungebetennelse, respirasjonssvikt og sjokk. Når den fyrst kjem i lungene, har bakterien større sannsyn for å reise via spytt, og kan kanskje smitte andre og forårsake lungeinfeksjonar hjå nærkontaktar. […]
Det siste tilfellet av byllepest i Oregon var nesten dødeleg. Ei 16 år gammal jente frå Crook fylke fekk bakterien via bitet til ei infisert loppe under ein jakttur i 2015. Tenåringsjenta vart alvorleg sjuk og måtte innleggjast på akuttmottaket på eit sjukehus i Bend, som ligg midt i Oregon. I 2015 var der 16 rapporterte tilfelle i USA og fire dødsfall. I dag oppstår tilfelle mest sannsynleg i nordlege New Mexico, nordlege Arizona, sørlege Colorado, California, sørlege Oregon og i dei vestlege delane av Nevada.
Det har gått eit heilt hundreår sidan USA sist såg ein fullverdig pestepidemi i gatene. Los Angeles i California opplevde ein pestepidemi frå 1924 til 1925. Epidemien kravde meir enn 30 liv.
Pesten kom fyrst til USA i 1900. Dampskip fulle i rotter tok med seg bakterien over havet og transporterte menneske gjennom tungt infiserte område gjennom Asia til Vesten. Infiserte rotter spreidde bakterien mellom andre gnagarar i urbane område, før dei spreidde den vidare til ville dyr. Program for å utrydde rotter og andre samfunnstiltak for å få kontroll over spreiinga hjelpte til med å minke talet infeksjonar i Los Angeles i 1925.
I dag oppmodar helsetenesta i Deschutes fylke innbyggjarar om å unngå gnagarar og lopper. Dette inkluderer å gå med langbukser og insektspray for å redusere eksponering overfor infiserte lopper. Helsedepartementet frårår òg kjæledyreigarar å late kattane sine jakte på gnagarar, og ber campingturistar om å unngå dyrehi og daude gnagarar. Ein ber òg lokalsamfunnet om å ikkje mate ekorn eller andre ville gnagarar.»
