Iran hevdar at dei eig ANTARKTIS – vil sende soldatar dit i direkte strid med Antarktis-traktaten

Kommandøren i den iranske marinen har sagt i ei direktesending at regimet i Teheran offisielt har kravd Antarktis som iransk territorium, og legg no planar om å stasjonere soldatar på Sørpolen. Dette er eit soleklart brot på Antarktis-traktaten, som vart underskriven av mange land tilbake i 1959. Dette melder Natural News, og dei skriv (mi omsetjing):

«Shahram Irani, kommandør i Den islamske republikken Iran sin marine, sa at Iran sit på eigedomsrett til Sørpolen i ei melding som elles la ut om framtidige planar om å heise det iranske flagget på kontinentet i sør, og utføre både militære og vitskaplege aktivitetar der. […]

Denne erklæringa kjem etter ein periode med sabel-rasling frå Iran og marinen deira, noko som trekkjer merksemd frå det internasjonale samfunnet, spesielt etter involveringa av Iran-støtta militsar i drapet på tre amerikanske soldatar i Jordan førre månad.

Etter avsløringa frå Iran søkte Fox News Digital svar frå ein talsperson på innsida av Utanriksdepartementet om dei seks milliardar dollarane i ufrosne sanksjonerte iranske midlar som Joe Biden tilbyr Teheran, kan bli brukt til å etablere ein iransk militærbase i Antarktis.

Talspersonen tydeleggjorde at midlane til Iran, som for tida er i Qatar, er bundne av føringar, og kan berre bli brukt til å kjøpe humanitære varer slik som mat, medisin, medisinsk utstyr og landbruksprodukt slik som gjødsel. Responsen var spesielt utforma for å avfeie bekymringar om den potensielle misbruken av ufrosne sanksjonsmidlar for militære prosjekt.

Trass at Iran blir meir sjølvsikre globalt, med nylege utviklingar slik som av-frysinga av midlar og auka spenningar i Midtausten, tviler ein på kor praktisk og internasjonalt anerkjent Iran sitt krav på Antarktis er.

‘Iran sine framtidige planar om å prøve å utvide si militære tilstadevering og påverknadskraft til Antarktis, vil ikkje berre vere i strid med multilaterale konvensjonar kring temaet, men halde fram regimet sin aggresjonstrend på kloden,’ åtvara den Israel-baserte forfatteren, journalisten og militær- og etterretningsanalytikaren Yonah Jeremy Bob. ‘Om det gjeld terrorisme på so godt som kvart einaste kontinent eller den eklatante piratverksemda i det maritime området, held Den islamske republikken fram med å vise kvifor den er ein fare for stabiliteten i verda.’ […]

Antarktis er ikkje eigd av noko enkeltland. I staden blir det styrt av eit unikt internasjonalt partnarskap danna under Antarktis-traktaten, som vart underskriven 1.desember 1959. denne traktaten utpeiker Antarktis som eit kontinent vigd til fred og vitskaplege prosjekt. Opp gjennom åra har 54 nasjonar slutta seg til Antarktis-traktaten, og teke del i dette hittil usette dømet på globalt samarbeid og diplomati.

Antarktis-traktaten dukka opp under ein periode med global turbulens og Den kalde krigen. Dei underskrivande nasjonane inkluderte Argentina, Australia, Belgia, Chile, Frankrike, Storbritannia, Japan, New Zealand, Noreg, Afrika, USA og den tidlegare Sovjetunionen.

Det primære føremålet med Antarktis-traktaten er å leggje til rette for internasjonalt vitskapleg samarbeid i Antarktis, løyse dei fleste territoriale disputtar og forby absolutt alle militære aktivitetar på det frosne kontinentet, slik at det kan bevarast for fred og vitskapleg forsking.

Under Antarktis-traktaten blir nasjonar oppmuntra til å ta del i vitskapleg forsking og internasjonalt samarbeid. Eit nøkkelaspekt er dyrkinga av tillit og gjennomsiktigheit, der nasjonar blir oppmoda til å utføre inspeksjonar av kva som helst forskingsstasjon når som helst utan forvarsel. I tillegg set traktaten ein stoppar for alle territoriale krav.

Medan traktaten gjeld kan ingen aktivitetar styrke eksisterande krav, og ingen nye krav kan bli gjort av nokon nasjon. Iran har ikkje skrive under på Antarktis-traktaten.»

Kommenter innlegget