Å misse jobben er for dei aller fleste ei dramatisk hending, om ikkje ei livskrise. I sjeldne tilfelle er tap av jobb derimot å rekne som karmisk rettferd, slik som Wall Street Journal (WSJ)-journalisten som nyleg bad amerikanarar som slit med økonomien om å hoppe over frukost for å spare pengar. No viser det seg at han har mist jobben – og dermed sjølv mest sannsynleg må hoppe over frukost eller andre måltid medan han lever på oppsparte midlar og ser etter ny jobb.
Ethan Huff i NewsTarget, systersida til Natural News, skriv (mi omsetjing):
«På X erklærte Gabriel T. Rubin at han ‘verkeleg elska’ sin no tidlegare jobb, som han nyleg fekk fyken frå ‘då toppleiinga i WSJ bestemte seg for å knuse [Washington] D.C.-byrået’.
I desperasjon etter å finne seg ein ny skrivejobb, trygla Rubin sine følgjarar og alle andre som tilfeldigvis ser innlegget hans om å ‘ta kontakt dersom der er nokre jobbar igjen i denne hardt herja bransjen’, fordi han er ‘ivrig etter å bli verande i journalistikken’.
I tilfelle du gjekk glipp av det, skreiv Rubin ein bisarr artikkel nyleg som tilsynelatande forsvarte Biden-regimet sin ‘Bidenomics’-plan for USa som har ført til raskt aukande inflasjon med ingen ende i sikte. Sidan egg, frukostblanding, frukt og kaffi no har dei mest inflaterte prisane på den amerikanske marknaden, var Rubin sitt forslag til løysing til USA å rett og slett slutte å ete dagens fyrste måltid.
I staden for å kritisere Biden-regimet for å gjere den noverande økonomiske krisa endå verre enn den allereie var under Wuhan-koronavirus (covid-19)-‘pandemien’, la Rubin skulda på Russland for amerikanarane sine noverande økonomiske sorger, og bad kort fortalt amerikanarane om å slutte å syte og ete mindre. […]
Rubin angrar truleg på at han skreiv sin berykta anti-frukost-artikkel no når han har slutta seg til den same rekkja av arbeidsledige som millionar av andre amerikanarar har gjort dei siste månadene. Mange brukarar på X svarte på Rubin sitt ønske om ny jobb ved å spele hans eige råd tilbake på han sjølv.
‘Høyrest ut som gaslighting og det å lyge til befolkninga har konsekvensar,’ skreiv ein av dei til Rubin. ‘Å spreie statsgodkjent propaganda ser ikkje ut til å lønne seg lenger.’
‘Prøv å hoppe over frukosten medan du lærer deg å kode,’ skreiv ein annan. ‘Lykke til.’
Nokon andre skreiv at der finst mange jobbar der ute for ekte journalistar som fortel sanninga, ‘derimot kan det sjå ut som om marknaden for propagandistar er i nedgang’.
Desse små stikka held fram utan ende, og so godt som alle tek Rubin i skule for hans eklatante propaganda-artiklar som viste lite sympati for fattige og arbeidsledige som slit, og ironisk nok er han sjølv no sistnemnde.
Kanskje alle dei andre feilinformasjons-propagandistane der ute som Rubin burde bite seg merke i det som har skjedd med den tidlegare so stolte mediebedragaren. Dei er dei neste dette vil skje med, med mindre – kanskje – dei bestemmer seg for å slutte å vere talerøyr for etablissementet og slutte seg til sida der vi har ærlegdom og sanning.
Det er berre eit spørsmål om tid før Rubin og mange andre som han må følgje sitt eige råd om å hoppe over frukost, og kanskje òg lunsj og middag enkelte dagar, berre for å få endane til å møtast. Dersom resten av arbeidarklasse-USA er forventa å gjere dette, kvifor skulle ikkje Rubin og hans propaganda-kompisar bli forventa å gjere det same?
‘Eg kunne ha rådgjeve han om å kode, men KI [kunstig intelligens] kjem til å ta den jobben òg,’ skreiv nokon andre om uføret til Rubin.
‘Han støtta regimet, men dei støtta ikkje han,’ uttrykte ein annan.
‘Det er berre eit spørsmål om tid før han hamnar på gata og må hoppe over dei fleste måltid,’ skreiv ein annan. ‘Ein boks kald suppe per dag skulle halde. Kast inn eit knippe Pfizer-boosterar og han treng ikkje uroe seg for noko.’ [Denne var kanskje litt stygg… Oms.komm.]
Hovudstraums-‘journalistikk’ taper raskt lesarar, lyttarar og sjåarar når folket går over til uavhengige journalistar.»
Kommentar frå Saksyndig: Eg veit om minst éin journalist/skribent som burde misse jobb og all heider og ære. Men kanskje vil ho forsvinne utan at nokon treng å seie ho opp, iallfall etter det ho sjølv skriv.
