Det nylege dødsfallet til Alexei Navalny, topp-opposisjonsleiaren i Russland og Vladimir Putins verste fiende, har fått Internett til å fløyme over av teoriar om kva som eigentleg skjedde. Ein av desse teoriane går ut på at han døydde av covid-vaksinasjon i sitt iskalde arktiske fengsel, pussig nok av Pfizer-vaksinen, som Russland aldri gav til befolkninga. Dette skriv Ethan Huff i Natural News. Han skriv vidare (mi omsetjing):
«Ein X-konto ved namn ‘Richard’ (@ricwe123) påstår at dei ‘nylegaste obduksjonsresultata’ viser at Navalny (47) døydde av ‘ein blodpropp i hjartet’, som høyrest underleg likt ut det som har skjedd med tusenvis av andre mottakarar av Wuhan-koronavirus (covid-19)-‘vaksinar’.
‘Legar mistenkte at det var forårsaka av vaksinasjon mot koronaviruset med Pfizer-vaksinen,’ stod det å lese på X-kontoen. ‘Navalny hadde visstnok blitt vaksinert fire gonger.’
I slutten av ‘Richard’-innlegget la X til ein ‘Lesarar la til kontekst’-boks som hevdar at desse ‘nylege obduksjonsresultata’ ikkje kan vere ekte fordi ‘der ikkje finst nokon obduksjonsresultat i skrivande stund’. Under denne meldinga la X til ein link til ein artikkel publisert av The Telegraph (Storbritannia). […]
Forgifta USA Navalny med mRNA-sprøyter før dei gav Putin skulda?
Denne forfattaren [Ethan Huff] sine umiddelbare tankar når han las påstanden, var at Russland ikkje brukte mRNA-injeksjonane frå Pfizer som del av sitt Wuhan-koronavirus (covid-19)-‘pandemi’-respons. Denne kjensla delte òg ein av dei fyrste som svarte på ‘Richard’-innlegget, som spurde:
‘Kor fekk han mRNA-vaksinen frå? Russland brukte ikkje dei.’
Ein annan svarte at Navalny ‘var i Tyskland ein periode’, som kunne forklare korleis han visstnok fekk Pfizer sine mRNA-injeksjonar slik det vart påstått.
Der verserer òg ville påstandar om at Navalny, medan han var i Tyskland, vart forgifta med Novichok, ein nerveagent som ingen kan overleve, men dette gjev heller inga meining ettersom Navalny overlevde til han reiste tilbake til Russland.
‘Dersom han vart forgifta av Novichok, ville han ha vore død for lengst,’ skreiv nokon andre. ‘Det faktum at han mirakuløst kom seg, er mistenkjeleg.’
Andre spekulerte i at dersom Navalny faktisk fekk fire mRNA-injeksjonar slik det blir påstått, vil dette peike på Vesten – og spesifikt USA – som medskuldige i hans mystiske og plutselege død.
‘So dersom det viser seg at USA faktisk drap han, slik mange trur, kva då?’ spurde nokon.
‘Navalny var ei nazi-nikkedokke til den korrupte Vesten,’ føreslo ein annan, og kalla Navalny ‘ikkje ein heilt’. ‘Han var ein bedragar som svindla eit fransk selskap. Ved sida av covid-sprøyta var han ein type 2-diabetikar og tok ikkje vare på helsa si. Hans popularitet hjå den russiske mannen i gata: 3%.’
Den russiske regjeringa sin offisielle påstand om at Navalnys død, er at det er nok eit døme på ‘plutseleg død-syndrom’, noko som tydar at ingen eigentleg veit korleis han døydde – visstnok.
‘Då advokaten og mora til Alexei kom til kolonien i dag tidleg, vart dei fortalt at årsaka til Navalnys død var plutseleg død-syndrom,’ rapporterte Ivan Zhdanov, direktør i Anti-korrupsjonsstiftinga.
Pressesekretæren til Navalny, Kira Yarmysh, sa til Etterforskingskomiteen i Salekhard at dødsårsaka ikkje har blitt etablert, men at ‘det er openbert at dei lyg og gjer alt for å ikkje gje frå seg lekamen.’
Når sant skal seiast kjem verda sannsynlegvis aldri til å få vete den fulle sanninga om Navalnys død og kvifor den skjedde, fordi ærlegdom er sjeldan vare i 2024, same kva ‘side’ ein står på politisk.
‘Navalnys død blir brukt til å selje forteljinga om å starte krig med Russland og drepe Putin,’ føreslo nokon andre. ‘Mangelen på konkluderande evidens som impliserer den russiske regjeringa i forgiftinga av Navalny, er markert.’»
