Meta lèt foreldre selje bilete av barna sine til pedofile på Instagram

I våre økonomisk utfordrande tider er enkelte viljuge til å gjere kva som helst for å få inn litt pengar til hushaldet. Ifølgje avisa Wall Street Journal har tilsette i Meta gått ut og åtvara om at foreldre utnyttar barna sine seksuelt ved å late pedofile sjå bilete av dei i bikini og andre avslørande antrekk. Dette skriv nettstaden The Post Millennial. Mi omsetjing:

«Tilsette i tryggleiksseksjonen i Meta åtvara i fjor om at selskapet sitt abonnementsverktøy for ‘foreldre-styrte kontoar for mindreårige’ lét foreldre utnytte sine mindreårige barn ved å ta imot betaling frå pedofile, ifølgje Wall Street Journal.  

Innhald som vart selt frå desse kontoane, styrt av dei mange barna sine eigne foreldre, viste små jenter kledd i bikini og leotards [heildekkjande, tettsitjande drakter].

Dette innhaldet vart selt til eit for det meste mannleg publikum som var seksuelt interesserte i barna som vart presenterte då dei kommuniserte med kontoane.

Meta sin tryggleiksseksjon oppdaga at mange foreldre forstod kva dei gjorde for å få betaling frå sitt pedofile publikum, og stundom kommuniserte dei med brukarar på seksuelle måtar via direkte meldingar med abonnentane av innhaldet.

I fjor vart ei teneste for betalingsabonnement og donasjonar rulla ut på Instagram for å få influencerar til å lage meir innhald. Berre vaksne fekk lov å styre desse kontoane. Derimot kunne kontoar som hadde innhald frå mindreårige bli styrt av ein vaksen.

Sarah Adams, ei mor i Canada, byrja å merke og gav merksemd til ei liste av ymse kontoar som selde materialet med små- og tenåringsjenter til pedofile i fjor vår.

Meta sine system og algoritmar dreiv aktivt og promoterte dette innhaldet til brukarar som søkte etter denne typen innhald, og som var mistenkt for å ha pedofile ønske.

Tryggleiksteamet i selskapet kom med fleire målretta og manuelt kontrollerte førespurnader om å stoppe dette – i staden valde selskapet å skape eit automatisert system for å hindre mistenkte pedofile i å abonnere på kontoar styrt av vaksne for mindreårige. Systemet fungerte ikkje alltid, og ein kunne unngå det ved å lage ein annan konto. WSJ [Wall Street Journal] registrerte fleire tilfelle der dette ikkje fungerte.

Meta-talsmann Andy Stone sa til WSJ: ‘Vi lanserte verktøy som skaparar kunne tene pengar på med eit robust sett av tryggleikstiltak og fleire sjekkar både av skaparar og innhaldet deira.’»

Kommenter innlegget