No er det ikkje berre lastebilsjåførar som trugar med å boikotte New York etter den skandaløse dommen mot tidlegare president Donald Trump – no trugar forretningsmenn med å gjere det same. Vår flittige skribent Ethan Huff i Natural News skriv (mi omsetjing):
«Enkelte Donald Trump-støttande føretakseigarar i the Big Apple er fly forbanna etter den nylege sivilbedrageri-dommen mot den tidlegare presidenten, der han må betale 355 millionar dollar [over tre milliardar kroner] i bøter, pluss rente, for brotsverk han vart funnen skuldig i å utføre med sine eigedoms- og andre forretningsføretak.
‘Shark Tank’-investor Kevin O’Leary seier han er ‘sjokkert’ over dommen, som hevda at Trump blåste opp verdien av sine aktiva for å oppnå betre satsar frå utlånarar og forsikringsagentar.
‘Eg kan ikkje eingong fatte eller gripe avgjerda i det heile,’ sa O’Leary om dommen, som òg forbyr Trump sine søner frå å styre sine eigne føretak i New York dei neste tre åra. ‘Der ligg absolutt ingen rasjonal bak.’
O’Leary, som er frå Canada og ofte blir kalla ‘Mr. Wonderful’, kalla New York ein ‘mega-tapar-delstat’ for forretningseigarar i kjølvatnet av dommen mot Trump.
‘New York var allereie ein tapar-delstat, akkurat som at California er ein tapar-delstat,’ freste O’Leary.
‘Der finst mange tapar-delstatar på grunn av politikk, høgt skattetrykk, ikkje-konkurransedyktig lovverk. Den låg allereie på toppen av lista over tapar-delstatar. Eg kjem aldri til å investere i New York no.’
O’Leary seier at han i staden vil kome til å utføre forretningar i delstatar som Oklahoma, Nord-Dakota og West Virginia, som han kallar for ‘vinnar-delstatar’ fordi ‘dei ikkje gjer slike ting som dette’.
På si Truth Social-plattform takka Trump O’Leary for kommentarane, og kalla han ‘so fabelaktig’ fordi han ‘seier det som det er’.
‘Føretak kjem til å flykte frå New York by og delstat etter den korrupte dommaren si rettslege avgjerd!’ erklærte Trump vidare. […]
Ein annan rasande føretakseigar er Grant Cardone, eigar av eigedomsselskapet Cardone Capital og aksjespekulant, som hevdar at han var i ferd med å leggje planar om å investere i New York før dommar Engoron sin dom mot Trump.
‘Cardone Capital hadde akkurat starta å undersøkje eigedomsinvestering i New York i den trua at det var på tide å kome seg inn på marknaden,’ skreiv Cardone på X. ‘Etter overtrampet frå dommaren i Trump-saka og bøter på 355 millionar, sa eg til teamet at dei ikkje skulle kaste vekk tid i New York.’
I staden planlegg Cardone å utvide mega-føretaket sitt i andre delstatar slik som Arizona, Florida, Tennessee og Texas.
Kona til Cardone, Elena, oppretta ein GoFundMe-kampanje [eit av dei amerikanske motstykka til Spleis; oms.komm.] der ho trygla det amerikanske folket om å bidra til å betale Trump si bot på 355 millionar dollar. I løpet av dei fire fyrste dagane samla GoFundMe inn meir enn 660 000 dollar til Trump.
‘Eg står urokkeleg med president Donald Trump overfor det eg ser på som hittil usett og urettferdig behandling frå visse juridiske element i New York,’ skreiv Elena på GoFundMe.
‘Dei nylege juridiske kampane han står overfor er ikkje berre eit åtak på han, men òg eit åtak på sjølve ideala rettferd og rettferdig rettargang som kvar amerikanar fortener.’
Elena la til at føremålet med innsamlinga ikkje berre er å sende pengar til Trump, men òg å beskytte alle føretak mot ‘eit system som i aukande grad er ute etter å straffe dissens og kvele fridommane våre’.
Dei 355 millionane som Trump må betale kjem i tillegg til dei 83 millionane som han òg nyleg fekk ordre om å betale til forfattar E. Jean Carroll i ei ærekrenkingssak som involverte påstandar om at han oppførte seg seksuelt krenkjande mot ho.
Trump seier han kjem til å anke alle sakene, og klagar på Truth Social at han ‘ikkje burde måtte gå gjennom nokon falske straffeforfølgingar før valet’ [i originalinnlegget hans skrive med store bokstavar, som Saksyndig her vel å gjengje i vanleg skrift]. ‘Dette er kommunisme og ein trugsel mot demokratiet.’»
