Hemali-redaktør Julia Schreiner Benito skriv 23.februar 2024 om saka om sjukepleiaren Iris Frohe som vart usakleg oppsagt av Hamar kommune, og som difor valde å gå til sak for å få oppreisning og erstatning. Eg som redaktør i Saksyndig har følgt saka med stor interesse heilt sidan byrjinga, sidan den har fleire likskapar med mi eiga personalsak frå 2021, der eg under trugslar om avskjed vart tvinga til å inngå ein sluttavtale som i praksis har gjeve meg yrkesforbod i helsesektoren i landets nest største by. Utfallet av saka hennar vil difor vere ein indikator på korleis det kunne ha gått med meg om eg sjølv hadde valt å saksøkje min tidlegare arbeidsgjevar, som eg jobba hjå i 15 år.
Som Julia skriv:
«Iris Frohe (41) tapte i to rettsrunder og skylder Hamar kommune nesten en halv million kroner. Hun jobber som nattevakt og venter sitt fjerde barn. Hvordan orker hun enda en mulig rettsrunde?»
Iris sjølv seier at ho «vil belyse noe av det koronatiden bragte med seg. Vi er mange som har opplevd lignende. Når jeg føler meg liten, kan jeg miste det overblikket. Så tenker jeg på barna mine, jeg ønsker også at de står opp for seg selv ved urett.»
Ho vedgår at kampviljen hennar er meir lunken no enn dei førre rundane i retten, men ho ønskjer å fullføre det ho starta. «Min person er ikke viktig, men prinsippet er å belyse at dette skjedde.»
Det har for tredje gong blitt oppretta ein spleis for å hjelpe Iris, som i skrivande stund skuldar kroner 444 729 kroner til Hamar kommune. Underleg nok står det i dommen frå lagmannsretten at dei meiner at summen «har liten velferdsmessig betydning for henne». Det er i beste fall ei ekstrem overvurdering av hennar eigen økonomiske situasjon som trebarnsmor som ventar sitt fjerde barn. Spleisen har i skrivande stund (24.februar) samla inn over 237 000 kroner. Saksyndig registrerer at ein sponsor ved namn Mette Eriksen har gjeve heile 10 000 kroner – ho har logoen til Noregsdemokratane som sin avatar.
Eit sitat som er verdt å ta med frå spleisen er:
«Om vi ikke tar urett til domstolen fordi det kan ruinere oss, da har vi ingen rettsstat mer.»
For å kort oppsummere Iris Frohe-saka (og mi eiga 2021-sak), so nekta vi å godta det vi meinte var forskjellsbehandling frå våre dåverande respektive arbeidsgjevarar (begge var kommunale). Konteksten er at det i slutten av mai 2021 vart innført differensierte retningslinjer for vaksinert og uvaksinert helsepersonell. Uvaksinerte måtte gå med munnbind medan fullvaksinerte ikkje trong det. «Ta to stikk, so kan du hive maska!» vart sagt av ymse avdelingsleiarar rundt om på norske helseføretak. Seinare måtte uvaksinerte òg teste seg to gonger i veka med hurtigtestar trass fråvær av symptom, noko fullvaksinerte slapp. I likskap med Iris kravde eg medisinsk grunnlag for forskjellsbehandlinga, men verken eg eller ho fekk det. I staden vart vi oppsagt. I mitt tilfelle vart eg bortvist frå arbeidsplassen av etatsdirektøren og i sjutida fredag kveld skriftleg truga med avskjed frå ein kvinneleg jurist i kommunen og kalla inn til drøftingsmøte tysdag veka etter. Saka mi enda i sluttavtale etter eit nesten tre timar langt møte der eg saman med min tillitsvalde tilbakeviste alle påstandane i det lange skrivet eg fekk frå den kvinnelege juristen. Iris valde som vi alle veit å gå til sak.
Det føreligg den dag i dag framleis ingen medisinske bevis for at differensierte retningslinjer hadde nokon effekt. I ettertid har Pfizer sjølv innrømt at dei visste heilt frå byrjinga av at covid-«vaksinane» ikkje hindra smitte. Sjå elles Saksyndig sine mange artiklar om Pfizer sin korrupte og tvilsame natur.
Advokatane til Iris Frohe er Adara Ryum Høeg og Barbro Paulsen – nyleg starta dei eit eige advokatselskap, Bergfruene. Dei jobbar no for Iris friviljug, altso utan å krevje det vanlegvis høge salæret advokatar er berykta for. Dette står det etter mitt syn stor respekt av.
Julia skriv vidare om ein tredje advokat med 20 års erfaring, Anne Cecilie Kristensen, som no jobbar friviljug i Norsk hjelpefond. Ho meiner Frohe-saka har «stor samfunnsmessig betydning og at det både taler for at Høyesterett godtar anken og at Iris ikke burde ha vært idømt kommunens saksomkostninger». Dette har heimel i tvisteloven sin paragraf 20-2:
«Motparten kan helt eller delvis fritas for erstatningsansvar hvis tungtveiende grunner gjør det rimelig. Det legges særlig vekt på
- om det var god grunn til å få saken prøvd fordi den var tvilsom eller først ble bevismessig avklart etter saksanlegget,
- om den vinnende part kan bebreides at det kom til sak eller har avslått et rimelig forlikstilbud, eller
- om saken er av velferdsmessig betydning og styrkeforholdet partene imellom tilsier slikt fritak.»
Kristensen meiner punkt b og c er relevante for Iris si sak:
«Dommen fra lagmannsretten bekrefter at kommunen hindret god avveiing av interesse og at oppsigelsen derfor var usaklig. Om Hamar kommune hadde sørget for dialog med Iris, så hadde kanskje ikke rettssaken vært nødvendig.»
Mi personalsak hadde òg vore unaudsynt dersom arbeidsgjevar faktisk hadde gått i dialog med meg, i staden for i all hast å opprette ei avskjedssak på eit so spinkelt grunnlag at den fall frå kvarandre so fort fagforeiningsjuristen tok i den. Faktisk var total mangel på dialog og helsefaglege diskusjonar og refleksjonar eit konsekvent trekk gjennom heile «pandemien». Mi oppleving av situasjonen blir òg delt av Kristensen:
«Restriksjonene under pandemien rammet mange sykepleiere, men det var lite rom for å diskutere dem. Verken i Sykepleierforbundet eller i samfunnet generelt. Det viser at Iris’ sak er av samfunnsmessig betydning. Samfunnet var i en spesiell situasjon med politiske føringer.»
Eit utval av Saksyndig sine artiklar om Frohe-saka kan lesast her.
