Nettstaden NewsAddicts.com skriv at ein globalt anerkjent vitskapsmann har avslørt eksplosiv evidens som antydar at covid-mRNA-sprøyter vart utvikla som eit verktøy for masseavfolking, og åtvarar at dei vart «laga for å drepe». Nettstaden skriv (mi omsetjing):
«Professor Denis Rancourt seier at ikkje eit einaste liv vart redda av covid-vaksinane. Derimot har millionar av menneske rundt om i verda blitt skadd eller drepne av dei kjemiske giftene i injeksjonane.
Rancourt og fleire vitskapskollegaer utførde ein analyse av covid-ineksjonsdata der dei avgjorde at død av alle årsaker auka kvar gong ei covid-sprøyte vart rulla ut, anten det var den fyrste serien eller ein følgjande ‘oppfrisknings’-dose.
For kvar 800 administrerte injeksjonar fann Rancourt med fleire ut at der skjedde minst eitt sprøyte-relatert dødsfall, som dei skreiv i ein 180-siders artikkel som dei publiserte om emnet.
Dette eitt-dødsfall-per-800-dosar-talet blir endå meir urovekkjande når ein tenkjer på kor mange dosar av sprøytene som vart administrerte.
På den tida då Rancourt og kollegaer sette saman rapporten, hadde 13,5 milliardar covid-sprøyter blitt injiserte i menneskekroppar.
‘Del det talet på 800 og du endar opp med rundt 17 millionar covid-19-vaksine-relaterte dødsfall,’ skreiv The Vigilant Fox [‘den årvakne reven’] på X, i tillegg til å dele den følgjande videoen av Dan Skorbach.
Elektroingeniøren John Beaudoin har undersøkt dataa i sin heimdelstat Massachusetts òg, og trekt ein liknande konklusjon om den stygge naturen til covid-sprøyter.
Når Beaudoin såg på dødsdatabasen som er samla av Massachusetts helsedepartement, fann han ut at 2020 ‘var eit år med luftvegsrelatert overdødelegheit’, følgt av ei endring i 2021 etter at covid-injeksjonane vart sleppt laus på verda.
Beaudoin oppdaga at luftvegsrelatert overdødelegheit faktisk gjekk ned i 2021 etter at sprøytene vart rulla ut, ‘medan ein på same tid såg ein auke av blod- og sirkulasjonsrelaterte dødsfall i staden for ein minke’.
Med andre ord forsvann hosten og forkjølinga som folk leid av under covid-‘pandemien’ i stor grad etter at sprøytene vart rulla ut for bruk på folket, berre for å bli erstatta av mange no kjende biverknader som kjem direkte frå covid-sprøytene.
‘So det folk døyr av no… er hjarteinfarkt, blodpropp i lungene, bløding i tarmen, problem med aorta [hovudpulsåra], meir enn luftvegsproblem, som gjekk ned på same tid,’ sa Beaudoin.»
Kort fortalt viser desse dataa at folk gjekk frå å døy av «covid», til å døy av dei påstått trygge og effektive mRNA-injeksjonane.
