Ein veteran-farmasøyt med meir enn tre tiårs erfaring i det britiske offentlege helsevesenet (National Health Service, forkorta NHS) seier at legar i landet vart bedne om å rulle ut drapslegemiddel «berre i tilfelle», etter å ha funne ut at ein ny sjukdom det ikkje fanst ein kur for hadde sleppt ut av Kina. Denne sjukdommen skulle seinare bli kalla covid-19.
Ethan Huff i Natural News rapporterer (mi omsetjing):
«Graham Atkinson, òg ein rådgjevar for den farmasøytiske industrien, bestemte seg for å slutte i yrket i oktober 2021 etter at han var vitne til kva den britiske staten dreiv med då dei gav legar ordre om å rett og slett drepe pasientar med legemiddel slik som Midazolam.
‘Eg såg på medan dette skjedde,’ hugsar Atkinson om all skrekken han såg med sine eigne auge på den tida.
Basert på gjettingar om at der ville kome utbrot av den då nye sjukdommen på sjukeheimar like før den fyrste nedstenginga i byrjinga av mars 2020, vart Midazolam og andre ‘berre i tilfelle’-legemiddel administrert for å avslutte liva til mogleg smitta pasientar med vilje.
‘Mange ting endra seg nasjonalt i byrjinga av mars,’ la Atkinson til. ‘Dødsattest-reglane vart endra. Kremeringsreglane vart endra, og det vart òg NICE-retningslinjene.’ […]
[NICE = National Institute for Health and Care Excellence; «nasjonalt institutt for helse- og omsorgsbriljans». Evidensbaserte tilrådingar for helse- og omsorgssektoren som er utvikla av uavhengige komitear; oms.komm.]
Ei av nøkkelendringane som Atkinson observerte, var NICE NG163-retningslinja, som vart endra for å late dei som testa ‘positivt’ for covid få ‘døy på ein meir behageleg måte’ med ‘ein god død’.
‘Det nasjonale instituttet for klinisk briljans (‘NICE’) er eit utøvande ikkje-statleg offentleg organ, sponsa av det britiske helsedepartementet og Sosialomsorga (‘DHSC’), forklarer The Exposé om gruppa bak endringane.
‘Det er eit byrå i Den nasjonale helsetenesta (‘NHS’) og utviklar retningslinjer og tilrådingar om effektiviteten til behandlingar og medisinske prosedyrar.’
13.oktober 2020, seinare det året, vart NG163 erstatta av NG161, men ein arkivert kopi av fyrstnemnde er tilgjengeleg på The Wayback Machine.
‘Berre i tilfelle’-legemiddela som britiske legar vart bedne om å administrere til sine ‘covid-smitta’ pasientar er laga for å hemme pusten og gjere pasienten medvitslaus – ‘og so finst der legemiddel som reduserer angsten din før det’, forklarte Atkinson.
‘Der er fem legemiddel som blir brukt som vanlegvis blir kalla ‘berre i tilfelle’-legemiddel,’ sa Atikson vidare. ‘I årevis har desse blitt brukt på kreftpasientar eller kanskje på dei med KOLS, ein luftvegssjukdom, som gjer at… dei strevar med å puste, so dei blir svært engstelege før dei døyr. Altso finst der legemiddel som hjelper dei med å føle mindre angst over at dei ikkje får puste, legemiddel som reduserer smertene deira, legemiddel som gjer dei avslappa, og Midazolam veit vi jo gjer deg medvitslaus.’
Når dei blir brukte saman utfører desse fem legemiddela med andre ord eutanasi på pasienten, dei drep dei på ein fredelegare måte.
‘Dei kjem til å få fortgang i din bortgang i livets siste dagar fordi dei siste dagane i ditt liv er forventa,’ heldt Atkinson fram.
Hugs at alt dette vart basert på løgna om at der ikkje fanst fungerande behandlingar for den nye sjukdommen, som verda seinare erfarte at ikkje var tilfelle. Ivermectin, hydroksyklorokin og andre remediar hjelpte faktisk mange pasientar som trudde dei hadde covid, og dei kom seg utan varige mein.
‘Vi veit no at alt dette er uriktig, men det som vart fortalt til legar på den tida var at dette var ein ny sjukdom,’ sa Atkinson. ‘Fordi dette var den tida då folk vart kopla til respirator og døydde raskt rundt om i verda. Du veit, vi såg jo alt dette på TV.’
Covid-‘pandemien’ vil sannsynlegvis gå over i historia som det verste skjule folkemordet som nokosinne har funne stad.»
