Vaksinatørar i New Zealand fryktar for liva sine etter at sensitive opplysningar om dei lak ut etter datainnbrot

Nettstaden The People’s Voice melder at tusenvis av sjukepleiarar i New Zealand seier at dei fryktar for liva sine fordi dei tok del i massevaksineringa som øydela liv og helse hjå store delar av befolkninga. Nyleg vart namn og sensitive opplysningar til meir enn 12 000 vaksinatørar lekne på nettet i det som blir kalla Te Whatu Ora-datainnbrotet. Dei eksponerte vaksinatørane fryktar med rette reaksjonar frå det rasande folket.

Sean Adl-Tabatabai på nettstaden skriv (mi omsetjing):

«Ein av sjukepleiarane, som ikkje vil stå fram med namn, seier ho vart sjokkert då ho fekk ein e-post frå Te Whatu Ora fredag [23.februar 2024] der det stod at namnet hennar var på lista.

Nzherald.co.nz rapporterer: Ho var ikkje sikker på kva ho skulle gjere for å føle seg tryggare, og har no bede husverten som ho leigar hjå om å fikse gjerdet hennar.

‘Eg er berre uroleg for at nokon skal kome heim til meg og truge meg og barna mine,’ sa ho.

E-posten som vart sendt til vaksinatørane seier at namna deira vart oppdaga på eit dokument på den amerikanske sida 25.januar.

‘Sovidt vi veit vart namnet ditt fjerna frå den offentleg tilgjengelege fila 29.januar,’ stod det å lese. ‘Når eg seier dette, må eg òg erkjenne at informasjonen framleis er i hendene på éin eller fleire aktørar utanfor vår kontroll.’

Sjukepleiaren uroa seg over om folk kunne spore ho opp fleire år seinare, og ville at Te Whatu Ora skulle garantere at dei kom til å støtte alle sjukepleiarar med langsiktig tryggleikshjelp.

Ho følte at ho hadde blitt svikta av datainnbrotet. Kor viktig vern av private opplysningar var, fekk ho og kollegaene drilla inn under opplæringa, og ho hadde forventa det same frå Te Whatu Ora, sa ho.

‘Eg gjekk utifrå at deira standard når det gjeld konfidensialitet og privatliv ville ha topprioritet, at alt skulle hemmeleghaldast slik at noko sånt ikkje kunne skje,’ sa ho. ‘Eg er temmeleg frustrert over at dei ikkje har gjort sin del av jobben for å halde oss, som sjukepleiarar, trygge i New Zealand under ein pandemi.’

Fagforeininga Nurses Society representerte rundt 6000 sjukepleiarar, og direktør David Willis sa at dei hadde fått tilbakemelding frå mange bekymra menneske. Dei var òg uroa over at dei kunne oppsøkjast.

Willis sa at han hadde ikkje snakka med nokon som hadde blitt truga eller trakassert, men fagforeininga hadde sendt råd på e-post til alle medlemmene kva dei skulle gjere om dette skjedde.

‘Naturlegvis går folk og tenkjer på at [dataa] framleis er i hendene på folk utanfor deira kontroll, dette er bekymringsverdig og urovekkjande, og eg håper Te Whatu Ora har teke steg for å sikre seg at dette ikkje skjer igjen.’

I ei melding sa Te Whatu Ora sin HR-sjef Andrew Slater at kvar ei uautorisert offentleggjering av data var eit grovt tillitsbrot, og dei var særs skuffa.

Byrået forstod at personale og folket hadde vist tillit ved å gje dei sensitive data, og at dei arbeidde med å forbetre interne kontrollprosedyrar og styrke datatryggleiken, sa han.

Han bad om orsaking til alle som hadde blitt påverka.

Byrået hadde opna ei hjelpelinje som vaksinatørane kan ringje, og i brevet antyda dei at der òg skulle kome andre tenester som folk kunne kontakte om dei trong råd.

Den tidlegare Te Whatu-Ora-tilsette Barry Young var i retten fredag, skulda for å skaffe seg tilgang til ei datamaskin med uærlege føremål i relasjon til dei lekne Te Whatu-Ora-dataa.»

Kommenter innlegget