Manipulering av vêret, mest kjent som geoengineering blant «konspirasjonsteoretikarar», er kanskje ikkje ein so fjern idé likevel. Det som ein gong vart sett på som ein myte frå utkantane av samfunnet har no blitt om til offisiell politikk for å redde planeten frå «oppvarming» eller «koking». Dette skriv Ethan Huff på NewsTarget, systersida til Natural News.
I artikkelen står det å lese (mi omsetjing):
«Vi snakkar om chemtrails og andre former for geoengineering, som dei som utfører slikt brukte å nekte for å gjere, før dei til slutt innrømte at ja, ein utfører forsøk på å endre funksjonen til den naturlege ordenen for å stoppe ‘klimaendring’.
Konsept slik som ‘dumping av kjemikaliar i havet’ og ‘injisere reflekterande partiklar på himmelen’ lagar overskrifter hjå prominente medieformidlarar som ein gong nekta for eksistensen av slike ting. På grunn av den påståtte ‘klimakrisa’ driv forskrudde vitskapsfolk no og finn opp bisarre idear slik som å stengje ute sola med gift, som dei hevdar vil beskytte Jorda frå å smelte.
(Relatert: I fjor sommar forbaud Mexico chemtrails og geoengineering etter at eit amerikansk oppstartar-selskap prøvde å stengje ute sola med kjemikaliar i Baja California Sur.)
Å gjere skyer lysare, atmosfæriske kjemikaliar, farga hav
So nyleg som her om dagen rapporterte Wall Street Journal om enkelte av desse nymotens prosjekta, og hevda at dei kjem til å ‘redusere utslepp av drivhusgassar’ i ein mykje større fart enn eksisterande teknologiformer.
For å stoppe ‘skremmande’ ting slik som hetebølgjer, torevêr og flaum, har klimaindustrien hastverk med å endre måten skyer fungerer på og endre pH-nivåa i havet, blant andre storskala, planetære føretak.
Dei ønskjer framleis at alle skal slutte å ete kjøt og køyre elektriske køyretøy (EV-ar), naturlegvis, men desse inngrepa er rett og slett ikkje nok for å oppnå den ‘karbonfrie økonomien’ som dei ønskjer å sjå fullbyrda innan år 2030.
Eit av dei nyaste prosjekta som går føre seg for tida, involverer å skyte ein saltlake-mikstur opp i himmelen for å skape større, lysare skyer som reflekterer sollyset tilbake i rommet. Dette prosjektet finn stad ved Southern Cross University i Australia med midlar frå staten, andre universitet og ymse bevaringsorganisasjonar.
På andre sida av verda i Israel, bruker eit oppstartar-firma ved namn Stardust Solutions 15 millionar dollar i private midlar på å skyte reflekterande partiklar opp i himmelen i stor høgd for å prøve å redusere solstrålinga. I løpet av dei ‘neste par månadene’ skal testar som bruker den sjølvlaga kjemiske blandinga flyttast frå ein innandørs testfasilitet til utandørs.
I USA i Martha’s Vineyard, har Woods Hole Oceanographics Institute planar om å dumpe tusenvis av liter med natriumhydroksid [kaustisk soda] blanda med kjemiske fargar i havet for å skape ein sokalla ‘karbon-vask’ [carbon sink på engelsk, som òg kan tyde ‘karbon-søkkehol’] for å trekkje karbondioksid (CO2) ut av atmosfæren og ned i vatnet.
So har vi det berykta ‘Make Sunsets’ geoengineeringsforsøket i California som til slutt fann vegen til Mexico, som skapte utbreidd kritikk og raseri på grunn av svovelet og andre skadelege kjemikaliar som vart sleppt ut i atmosfæren.
Klimakulten byrjar endeleg å innrømme at forsøka deira på å redusere karbon ikkje fungerer, so dette er grunnen til at dei går over til meir ekstreme tiltak slik som å prøve å stengje ute sola og gjenskape atmosfæriske gasskonsentrasjonar og blandingsforhold for å ‘reparere’ kva enn dei trur er gale med klimaet.
I FN snakkar ein òg meir og meir om at alderen av ‘global oppvarming’ faktisk er over, og korleis verda er på veg over i ein periode av ‘global nedkjøling’.
‘Alt dette er eit tydeleg teikn på at ‘klimakrisa’ eller snarare ‘klimakriseforteljinga’ er på veg over i ein ny og farlegare fase,’ åtvarar The National Pulse.
‘Rasjonell tankegang går i aukande grad over i alarmisme og, til slutt, hysteri om ein nært føreståande dommedag. Under slike forhold vil dei mest urimelege og dårleg gjennomtenkte responsane verke rimelege og passande.’»
