Mann arrestert i Russland for å ha planlagt ATTENTAT mot Tucker Carlson

Ein mann har blitt arrestert i Russland for å ha planlagt eit bilbombe-åtak mot den amerikanske journalisten Tucker Carlson under besøket hans i Russland for å intervjue Putin. Dette rapporterer nettstaden The People’s Voice. Dei skriv (mi omsetjing):

«Den mislykka attentatplanen involverte ein IED [improvisert, eksplosiv gjenstand] som hadde køyretøyet til Carlson som mål utanfor Four Seasons-hotellet i Moskva. Den mistenkte skal, etter han vart pågripen, ha innrømt å ha motteke 4000 dollar for å utføre åtaket.

Ein forstår det slik at attentatforsøket vart orkestrert av ukrainsk etterretning, som plasserte Carlson på si Myrotvorets ‘drapsliste’ førre månad som ei følgje av nyheiter om planane hans om å intervjue den russiske presidenten Vladimir Putin i Moskva.

Myrotvorets er ei Kiev-basert nettside som publiserer ei stadig oppdatert liste over, og ofte personleg informasjon om, folk som blir sett på som ‘fiendar av Ukraina’, eller som det står på nettsida, ‘folk med handlingar som har teikn på brotsverk mot den nasjonale tryggleiken i Ukraina, fred, menneskeleg tryggleik og den internasjonale lova’.

Ifølgje Kiev-regimet har Carlson blitt utpeikt som ein ‘fiende av Ukraina’ på grunn av hans velkjende anti-Zelensky-synspunkt og sitt nylege intervju med Putin, som den ukrainske regjeringa fryktar vil svekkje vestleg ønske om å halde fram med å støtte krigen. […]

I 2016 rapporterte The Daily Beast at Myrotvorets-nettsida blir driven av Kiev-regimet sitt politi- og etterretningsbyrå Ukraina sin tryggleiksteneste, og nettsida blir hamleg konsultert for å integrere statlege informasjonssystem.

Ifølgje reportasjar har nettsida ført til arrestasjon av 1000 menneske, inkludert spionar, forfattarar og religiøse leiarar, av ukrainske tenestepersonar.

Sosiale media har erklært støtte til Carlson, der mange brukarar stemplar Zelensky som ein ‘diktator’ for å bruke den Kiev-baserte doxing-nettsida, som ordrett omsett tydar ‘fredsskapar’, til å råke Carlson.

Carlson sitt bilete og informasjon på Myrotvorets si ‘drapslite’ gjekk raskt viralt på sosiale media i januar.»

Kommenter innlegget