Følgjande omsetjing kjem frå ein artikkel av Jeffrey A. Tucker publisert på nettstaden til Brownstone Institute 22.februar 2024.
«Der var ei tid. Det som såg ut til å utvikle seg var ein enorm intellektuell feil for historiebøkene. Eit nytt virus hadde dukka opp, og alle miste hovudet og raserte all normal sosial funksjonsevne.
Orsakinga viste seg å berre vere dekkhistoria. Likevel er det verdig ein gjennomgang.
Sjølv om rikeleg med kommentatorar frå utsida sa at patogenet burde handterast på vanleg måte – med kjent behandling og ro medan dei mest sårbare skulle vere forsiktige fram til viruset vart endemisk – vart enkelte på innsida offer for ein enorm tankefeil. Dei hadde kome til det punktet at dei trudde på datamodellar i staden for dei kjende realitetane. Dei trudde at du kunne skilje alle, drive ned smittetala, og so ville viruset døy ut.
Dette var aldri eit plausibelt scenario, slik alle som visste noko om historia til pandemiar kom til å seie. All kjent erfaring stod mot denne meiningslause og latterlege planen. Vitskapen var særs tydeleg og lett tilgjengeleg: nedstengingar fungerer ikkje. Fysiske inngrep generelt oppnår ingenting.
Men, hei, folkens, dei sa at dette var eit eksperiment fødd ut av nytenking. Dei skulle gje det eit forsøk.
Då det vart tydeleg at nedstengingstilhengjarane hadde greidd å påverke politikken, tenkte mange av oss kor lenge dette eigentleg kunne vare. Ei veke, kanskje to. So ville vi vere ferdige med det. Men so skjedde noko rart. Pengane byrja å flyte. Og flyte. Statane tykte dette var fabelaktig, so dei heldt fram med det. Pengetrykkjarane sette til verks. Og generelt kaos braut ut: sosialt, kulturelt, utdanningsrelatert, økonomisk og politisk.
Alt skjedde so fort. Månadene gjekk med ingen pause i forteljinga. Det vart sprøtt etter ei tid. Der var so få kritikararar. Vi visste ikkje det då, men dei vart stilna av eit nytt maskineri som allereie hadde blitt konstruert for dette føremålet.
Blant det som vart sensurert var kritikk av inokuleringsbrygget som vart rulla ut, og som til slutt ville bli tvinga på befolkningar over heile verda. Dei sa det var 95% effektivt, men det var ikkje tydeleg kva dei meinte med det. Ingen koronavirus hadde nokosinne blitt kontrollert av nokon vaksinasjon. Korleis kunne dette vere sant? Det var det heller ikkje. Ei heller stoppa sprøyta spreiinga.
Mange sa dette på den tida. Men vi kunne ikkje høyre dei. Stemmene deira vart dempa eller stilna. Sosialmedieselskapa hadde allereie blitt tekne over av statleg tilknytte interesser som arbeidde på vegner av etterretningsbyråa. Vi hadde trudd at desse verktøya hadde blitt laga for å auke sambandet vårt med andre og leggje til rette for frie ytringar. No vart dei brukte til å kringkaste ei på førehand konstruert forteljing.
Underlege industrielle forskyvingar fann stad. Bensinbilar vart snakka ned til fordel for eit nytt eksperiment med elektriske bilar, takka vere intenst forbrukarbehov som vart forårsaka av mangel på grunn av brot i forsyningskjeder. Digitale læringsplattformer fekk ein enorm oppsving fordi dei fysiske klasseromma var stengde. Nettbestilling og dørlevering vart det store fordi folk vart bedne om å ikkje forlate heimane sine, og småbedrifter vart stengde med tvang.
Farmasiselskapa gjekk naturlegvis so det suste, og dei fekk folk gradvis over på ein abonnementsmodell. Der var forsøk på å omdanne heile land til eit helsepass-system. New York by prøvde dette, saman med bokstavleg fysisk segregering av heile byen, der vaksinerte vart sett på som reine medan uvaksinerte ikkje fekk kome inn på restaurantar, bibliotek eller teater. Den digitale appen fungerte derimot ikkje, so den planen fall fort frå kvarandre.
Alt dette skjedde på mindre enn eit år. Det som byrja som ein intellektuell feil i folkehelsa enda opp med å sjå ut som eit digitalt statskupp.
Kupp i fortida inneheldt opprørshærar som frå åsane storma byar og slutta seg til militæret der dei invaderte palasset, og leiaren og familien flykta i ei hestekjerre eller eit helikopter avhengig av epoken.
Dette var annleis. Det var organisert og planlagt av etterretningsbyrå og innåt i strukturen til den globale staten, ei stor tilbakestilling [great reset] som avviste formene frå fortida og erstatta dei alle med ein ny dystopi.
Fyrst vart dei som sa at dette var ei stor tilbakestilling hengt ut som galne konspirasjonsteoretikarar. Men so viste det seg at leiaren i World Economic Forum, Klaus Schwab, hadde skrive ei bok med nøyaktig den tittelen [The Great Reset], som du til og med kunne kjøpe på Amazon. Det viser seg å vere H.G. Wells sin The Open Conspiracy oppdatert til teknologien i det 21.hundreåret.
Der viser seg å vere mykje meir enn det. Der var ei vinkling til alt dette som påverkar mekanismane vi bruker for demokratisk kontroll over samfunn. Gravlagt i haugen av lovforslag som vart trumfa gjennom i mars 2020, var ei liberalisering av avstandsrøysting som aldri ville ha blitt tolerert før. I sosial avstand sitt namn, kom røysting via posten til å bli norma, saman med dei kjende irregularitetane dei fører med seg.
Dette var usannsynleg nok òg ein del av planen.
Å forske på og innsjå alt dette på direkten har blitt litt for tungt. Det har knust dei gamle ideologiske paradigma. Dei gamle teoriane forklarer ikkje lenger verda slik den utfaldar seg. Det får oss alle til å stille spørsmål ved alt vi veit, i det minste dei med sinn som er tilpassingsdyktige nok til å følgje med. For svære delar av den intellektuelle klassen er ikkje dette mogleg.
Når vi ser tilbake burde vi ha visst at noko låg i gjære. Der var for mange avvik. Var dei som styrte verkeleg so dumme at dei trudde at ein kan få eit virus til å forsvinne berre ved at alle held seg heime? Det er absurd. Ein kan ikkje kontrollere mikrobe-kongedømmet på denne måten, og alle med eit minimum av intelligens veit då dette.
Eit anna spor: der var aldri ein endeleg plan. Kva meinte dei eigentleg at dei fjorten dagane med frosen aktivitet skulle oppnå? Kva var måleeininga for suksess? Det vart vi aldri fortalt. I staden dreiv elitane i media og stat rett og slett og piska opp frykt. Og so møtte dei denne frykta med latterlege protokollar, slik som å dynke oss i desinfiserande sprit, munnbind på gåturar og trua på at alle var ein sjukdomsvektor.
Dette var psykologisk krigføring. Kor omfattande og ambisiøse er desse skjulte planane for oss?
Fyrst fire år seinare kan vi begripe omfanget av det som har skjedd.
For dei av oss som har fått inn med morsmjølka kor inkompetente regjeringa er i å gjere noko korrekt, langt mindre setje i verk ein plan med noko som liknar på presisjon, framstår detaljerte konspirasjonsteoriar om komplott og planar alltid usannsynlege. Vi trur rett og slett ikkje på dei.
Dette er grunnen til at det tok so lang tid for oss å sjå omfanget av det som vart sett i verk i mars 2020, ein plan som kombinerte ei rekkje tilsynelatande ulike statlege/industrielle ambisjonar inkludert:
- Utrullinga av abonnerings-/plattform-modellar av Big Pharma-distribusjon
- Massesentur
- Valstyring/-fusk
- Borgarlønn
- Industrielle subsidiar til digitale plattformer
- Masseovervaking av befolkninga
- Kartelldanning av industrien
- Ei forflytting av inntektsdistribuering og solidgjering av administrativ statleg makt
- Knusing av ‘populistiske’ rørsler over heile verda
- Sentralisering av makta generelt
For å setje prikken over i-en var alle desse forsøka globale i omfang. Heile denne modellen tøyar verkeleg grensene av plausibilitet. Og likevel peiker alt beviset på nettopp punkta ovanfor. Det viser berre at sjølv om du ikkje trur på konspirasjonar, trur konspirasjonar på deg. Det var eit digitalt statskupp ulikt alt anna menneskeheita nokosinne har opplevd.
Kor lang tid vil vi bruke på å prosessere denne realiteten? Vi verkar å vere berre på dei tidlege stadia av forståing, langt mindre gjere motstand.»
