Pasientar som fekk operert puppar og ræver vart infisert med kjøtetande SOPP og døydde!

Enkelte vil bokstavleg tala gjere alt for å få fysisk tiltalande kroppar, inkludert farlege tarmoperasjonar som får dei til å rase ned i vekt ved å minke magemålet drastisk, injisere seg med diabetes-medisin (eigentleg gift) som lammar tarmane – og kirurgi som ikkje alltid har eit heldig utfall. Forfengelege menneske har ein tendens til å møte seg sjølv i døra, og resultatet er langt frå alltid vakkert. Som til dømes denne saka frå vår journalist-racer Ethan Huff i Natural News.

Minst 12 menneske er rapportert døde i meksikanske Matamoros etter at dei fekk ein dødeleg soppinfeksjon medan dei fekk utført operasjonar på puppane og rævene sine. Mi omsetjing:

«Personane omkom som ein følgje av eit dødeleg meningitt-utbrot der soppen, etter operasjonen, åt seg gjennom blodkara og gjekk til åtak på hjernen. Alle hadde før døden fått puppe-implantat eller fått løfta rumpene sine.

Alt i alt vart rundt 24 menneske påverka av utbrotet, dei andre 12 tilfella fann stad i USA, inkludert i Texas. Det viser seg at ein kontaminert injeksjon introduserte soppen i ryggradene deira.

‘Det vi enda opp med å sjå, er at denne soppen bokstavleg tala et seg gjennom blodkar og forårsakar proppar i tillegg,’ sa dr. Louis Ostrosky ved UTHealth Houston i ei pressemelding til media.

Meningitt [i Noreg best kjent som hjernehinnebetennelse; oms.an.] er ein type infeksjon som råkar det beskyttande vevet rundt hjernen og ryggmergen. Det kan forårsake dødeleg sepsis [blodforgifting; oms.an.] og resultere i permanent hjerneskade, og påverkar vanlegvis små barn, tenåringar og unge vaksne.

Symptom på meningitt inkluderer feber, hovudverk, utslett, stiv nakke, lyssensitivitet, trøyttleik, anfall og ei generell sjukdomskjensle.

(Relatert: Visste du at folk som vart covid-vaksinerte har større tendens til å bli sjuke og døy av soppar og andre sjukdommar?)

Auke i medisinsk turisme

I dette utbrotet fann alle infeksjonane stas hjå ‘unge, elles friske pasientar’ som hadde reist frå USA til to ulike klinikkar i Tamaulipas, so vel som til andre delar av Mexico for ‘medisinsk turisme’, noko som tydar at dei reiste til Mexico for å få behandling som mest sannsynleg er mykje billegare der nede.

I kvart tilfelle av meningitt fekk den råka pasienten spinalbedøving, eit injiserbart smertestillande som blir administrert før operasjonen. Alle tilfella fann stad mellom januar og mai i fjor.

Ni av dei 12 pasientane, eller 69%, enda opp døde av den resulterande meningitt-infeksjonen som skjedde etter operasjonen.

Medan slikt eit utbrot er uvanleg, vil det sannsynlegvis ikkje bli det siste forårsaka av spinalbedøving administrert under medisinsk turisme.

‘Dette er truleg ikkje vårt siste sopputbrot,’ sa dr. Ostrosky.

Fordi medisinomsorg i USA er uoverstigeleg dyrt for folk flest, blir det stadig meir populært for amerikanarar å reise til Mexico og andre land som Tyrkia og Thailand som tilbyr dei same prosedyrane til ein langt rimelegare pris.

Medisinsk turisme til Mexico er òg populært blant amerikanarar som leitar etter alternative behandlingsmetodar for sjukdommar som kreft som ikkje er lovleg tilgjengelege i USA på grunn av restriksjonar frå Food and Drug Administration (FDA).

Ifølgje forsking publisert i New England Journal of Medicine (NEJM), vart dette nylegaste meningitt-utbrotet forårsaka av ein sopp ved namn Fusarim solani. I gjennomsnitt utvikla kvar råka pasient symptom rundt 39 dagar etter operasjonen.

‘Nøkkelproblemet med kvar form for operasjon er tryggleik,’ seier professor Omar Khan, ein rådgjevande slankeoperasjonskirurg ved Ashtead Hospital i britiske Surrey.

‘Når det gjeld pasientar som reiser utanlands for slankeoperasjonar, kan ein reelt stille spørsmålsteikn ved kvaliteten på vurderingar som blir gjort før operasjon, og mangelen på oppfølging som blir tilbydd desse pasientane.’

Khan seier at dei fleste komplikasjonar finn stad rundt to veker etter operasjonen, iallfall når det gjeld slankeoperasjonar, som er ein annan prosedyre som pasientar frå i-land som Storbritannia ofte får utført i andre land for å spare pengar.

‘Alle etter operasjonar må kunne bli vurdert og behandla av kirurgen sin, spesielt dersom det skulle skje komplikasjonar,’ åtvarar Khan. ‘Ikkje berre dette, men desse pasientane krev langsiktig oppfølging, og nokon som kan koordinere omsorga deira på lang sikt – alt dette er fråverande hjå pasientar som blir operert i utlandet.’»

Det er elles Saksyndig bekjent at mange nordmenn reiser til utlandet for å fikse tennene sine, sidan tannlegar generelt er særs dyre i Noreg. Prisen på tannlegar, som ikkje opererer med eigenandel, er ein indikator på kor dyre helsetenester og operasjonar er i land som ikkje har eigenandelsordning.

Kommenter innlegget