Kvalifikasjonsprinsippet, at den best kvalifiserte kandidaten får stillinga i ein søknadsprosess, blir i stadig større grad ikkje følgt i den norske offentlege sektoren. Ofte kan det liggje økonomiske incentiv bak, til dømes at den best kvalifiserte kandidaten har høg ansiennitet og dermed kostar meir for bedrifta enn nokon som er yngre. Den private sektoren treng ikkje rette seg etter prinsippet i same grad, og står i utgangspunktet fritt til å velje kven dei vil tilsetje, til og med på usakleg grunnlag. Det er derimot ein uheldig strategi å ikkje tilsetje den best kvalifiserte kandidaten, og dette kan på sikt skade interessene og ryktet til bedrifta. Av og til er det latterleg openbert at prinsippet ikkje har blitt følgt. Til dømes fekk Anniken Huitfeldt stillinga som Noregs ambassadør i Washington D.C., endå ho ikkje hadde søkt på stillinga.
Men kva med tilfelle der ein arbeidsgjevar gjev fullstendig blaffen i kvalifikasjonane og heller tilset ein kandidat basert på til dømes hudfarge? I dette tilfellet alle andre hudfargar enn kvit?
I Storbritannia har kvalifikasjonsprinsippet no blitt stempla som «diskriminerande» av fleire universitet. Dei hevdar at det å tilsetje folk basert på kvalifikasjon, i staden for til dømes hudfarge, er ein «mikro-aggresjon» og ei form for «diskriminering» som ikkje må tolererast. Dette melder Ethan Huff i Natural News. Mi omsetjing:
«I kjølvatnet av kritikk om at DEI (diversity, equity, inclusion [«mangfald, utfallslikskap, inkludering»])-politikk fører til at folk, stort sett kvite, ikkje får jobbar dei er kvalifiserte for, snakkar gjeldande universitet ut mot å tilsetje folk basert på meritt, og kallar dette ein ‘dårleg’ ting, sjølv om universitet eksisterer for å tilby kvalifikasjon gjennom utdanning.
På Universitetet i Glasgow kom ‘dei store hjernane’ med ei melding som del av ein ‘anti-rasisme’-kampanje som slår fast at tilsetjing basert på meritt er feil fordi det insinuerer ‘at rase faktisk speler ei rolle når det gjeld kor godt ein har lykkast i livet’.
Når det gjeld påstandar om at ‘alle kan lykkast om dei jobbar hardt nok’, ser Universitetet i Glasgow på dette som ein ‘mikro-aggresjon’, der implikasjonen er at slik ei ytring er fornærmande overfor underytande ikkje-kvite som tydelegvis er ute av stand til å jobbe hardt nok, ifølgje utdanningsinstitusjonen.
Ved Imperial College i London blir det no rekna som ‘diskriminerande’ å kome med ytringar slik som ‘menn og kvinner har dei same moglegheitene til å oppnå ting’ og ‘positiv handling er rasisme’.
Newcastle universitet har no retningslinjer som slår fast at kvite ikkje får lov til å seie ting som ‘kvite blir òg drepne av politiet’, fordi dette òg er ein ‘mikro-aggresjon’. […]
Ein av dei som prøver å eksponere all denne galskapen er dr. Edward Skidelsky i Komiteen for akademisk fridom (CAF), ei støttegruppe for ytringsfridom som åtvarar mot det desse utdanningsinstitusjonane gjer for å presse gjennom anti-kvitt hat i tilsetjingsprosessar.
‘Ved å føre kampanjar mot det å stille spørsmål og det å nekte, blir desse universiteta forkjemparar for ein ukritisk aksept av ytringar om dei ymse, udefinerte områda som deira mikro-aggresjonsretningslinjer refererer til,’ er eit sitat frå Skidelsky. ‘Effekten, igjen, er å underminere ein kultur av frie undersøkingar.’ […]
Ein annan som fører kampanje mot slikt nonsens er Chris McGovern, leiar i Kampanjen for ekte utdanning [Campaign for Real Education], som åtvara at ‘woke-viruset har infisert universitet i stor grad.’
‘Det er feigt,’ sa McGovern om retningslinjene til desse utdanningsinstitusjonane. ‘Universitet skal liksom vise intelligensen og fornufta si, og dei bruker desse feil for å følgje woke-agendaen.’
Dei mange konsekvensane av at woke-viruset spreier seg gjennom akademia, er at skular fjernar ord som ‘mann’ og ‘mor’ frå sin eksistens; at dei hevdar at menn kan skilje ut mjølk frå brysta; at dei kallar ordet ‘amerikansk’ ein ‘skadeleg’ bruk av språk; at dei oppmuntrar studentar til å bruke LGBTQ+-‘nypronomen’; og at dei fjernar ordet field [«felt»] frå skulematerial fordi dei meiner det er ‘rasistisk’. [Dei tenkjer nok på bomullsåkrane der afrikanske slavar arbeidde på 1700- og 1800-talet, cotton field på engelsk; i alle tilfelle ein sær og søkt måte å stemple eit elles nøytralt ord; oms.komm.]
‘Ingenting roper implisitt rasisme meir enn å formalisere ein redusert prestasjonsstandard for ei gruppe menneske basert på hudpigment,’ spøkte ein lesar sarkastisk om korleis alle desse ‘anti-rasisme’-retningslinjene omtrent er so rasistiske som ein kan vere mot menneske med mørk hud.
‘Der burde vere anti-rasismelover mot slike fordomsfulle personar, og dei burde bli sparka på ræv ut av alle noverande eller framtidige leiar- eller administrative stillingar.’
Ein annan skreiv at slik galskap er ‘typisk’ for dagens sokalla akademikarar, som er so djupt inne i sine små, venstreorienterte elite-bobler at dei har mist alt grep og fatteevne om det verkelege livet.
‘Visjonen deira er rein kommunisme,’ la denne personen til, ‘som ikkje er overraskande blant akademikarar, naturlegvis. Dei hindrar det å prøve lykkast medan dei samstundes lønner middelmådigheit og nederlag.’
Mange vidaregåande skular og universitet har blitt so ‘woke’ at unge nok vil få det betre om dei går på yrkesskular.»
