Det kinesiske kommunistpartiet gjev ordre om fjerning av ALLE covid-data i landet

Om ein ikkje vil at kompromitterande opplysingar skal bli kjende, so øydelegg ein dei. Det ser ut til å vere det som er planen i det kommunistiske fastlands-Kina, som Jamie White i InfoWars rapporterer. Det verkar som om det kinesiske kommunistpartiet, CCP, har tenkt å slette covid-perioden frå historia, slik at framtidige generasjonar ikkje skal lære om desse hendingane. Det viser nemleg at sjølvaste CCP mislykkast i å verne innbyggjarane mot det påstått dødelege og allmennfarlege SARS-CoV-2-viruset.

Mi omsetjing:

«Den kinesiske regjeringa har kravd ei landsdekkjande fjerning av alle covid-19-data i helsesystemet sitt, ifølgje rapportar.

Ei kjelde frå Changsha, Hunan, som går under namnet ‘herr Chen’ sa til Epoch Times at ein kontakt som har ein høg rank ved eit lokalt sjukehus avslørte den informasjonen til han.

‘Han sa direkte til meg: regjeringa gjev helsedepartement i heile landet instruksar om å utslette alle covid-19-relaterte data, inkludert informasjon om heile epidemi-hindringsprosessen og vaksinasjonsregister. Dei må tilinkjegjere alle data utan å etterlate eit einaste spor, og dataregister må slettast fullstendig,’ sa herr Chen.

Chen sa at direktivet gjeld heile nasjonen, inkludert vaksine og alt som regjeringa ser på som flaut relatert til epidemi-hindringstiltaka.

‘Ingen data kan sparast, verken på papir eller på datamaskin. Register av vaksineadministrasjon skal eliminerast, so vel som register av nukleisk syre-testing og alle audmjukande episodar som fann stad under heile epidemi-hindringsprosessen,’ sa han.

Målet til CCP er å utslette covid-kapittelet frå Kina si historie frå bøkene for å hindre at framtidige generasjonar skal finne ut det som CCP ser på som eit massivt statleg nederlag.

Frå Epoch Times:

‘Etter byrjinga på covid-19-utbrotet i tidleg 2020, følgde Det kinesiske kommunistpartiet (CCP) ei ‘null-covid’-tilnærming, og innførde ekstreme pandemi-kontrolltiltak. Derimot resulterte desse tiltaka ofte i sekundære katastrofar, noko som nørte opp under offentleg misnøye og sinne.

Innan siste halvdel av 2022 feia ‘Kvitt papir-rørsla’ [White Paper Movement] gjennom nasjonen, der det braut ut gateprotestar ymse stader. Før CCP sin 20.nasjonale kongress dukka plakatar opp på Sitong-brua i Beijing, der ein kravde slutt på null-covid-politikken, og kravde at den kinesiske leiaren Xi Jinping skulle gå av.

I slutten av 2022 oppheva CCP uventa nedstengingsrestriksjonar, som avslørte alvoret av pandemien under nedstenging. Straks byrja smitta personar og lik å overfløyme sjukehus i heile landet.’

Chen seier problemet framleis er der fordi covid-tilfelle og lungebetennelse eksploderer i kommunist-Kina.

‘For tida er sjukehus fylde til randa av mange eldre og barn, og sjukehusføretaka går so det suser. Situasjonen er spesielt spent på velutstyrte sjukehus, der vanlege borgarar som regel ikkje får tilgang.’

Ifølgje Chen meiner mange kinesiske borgarar at desse tilfella som dukkar opp er knytt til covid-vaksinen.

‘Etter vaksinasjon følte mange av oss oss fysiske dårlege i rundt ei veke, og opplevde betydeleg ubehag,’ sa han. ‘Enkelte som oppsøkte legehjelp oppdaga deretter knutar i lungene. Det er eit vanleg scenario for personar som brukte å vere friske før vaksinasjon. Derimot vegrar dei fleste seg for å ope diskutere desse problema fordi dei manglar konkret bevis for å kunne tilskrive dei vaksinane.’

Chen hevda òg at CCP er uroa for ei ny bølgje med covid-dødsfall på grunn av vaksinen kan kome i framtida, og førebur orsakingar for ein slik situasjon.

‘Covid-19-pandemien og vaksinen har allereie resultert i eit betydeleg tal dødsfall blant eldre. Dersom der finn stad nok ein situasjon med dødsfall i stor skala om ti år, vil staten leggje skulda på andre årsaker, enn på covid-19-vaksinen.’

‘Eg personleg trur at vaksinane vi har fått er forfalska, og at dei kjem med biverknader,’ la han til.

Det at Kina driv og kvitvaskar og undertrykkjer historia, er eit trekk ved det kommiunistiske regimet, noko som deira Store brannmur beviser, der alt CCP ikkje ser på som passande blir sensurert.

CCP har òg gått drastisk til verks for å dekkje over alt det fælslege tilknytt Mao Zedong sin Kulturelle revolusjon og Det store spranget, mest nyleg på 100-årsdagen for dei.

‘Det dei gjer er å kontrollere kvar einaste kinesar sin tankemåte og slette kvar einaste person si historie,’ sa den pro-demokratiske demonstranten Dong Zehua til LA Times i 2021. ‘Dei ønskjer å skrive historia sjølve.’

CCP sine løgner og brotsverk mot menneskeheita, no sist deira utslepp av covid-19 på verda, må ikkje få lov til å bli kasta i historie-søppelbøtta.»

Kommenter innlegget