29.februar 2024 publiserte Paul Craig Roberts ein artikkel på nettstaden sin om USA og NATO sin stadfortredarkrig i Ukraina mot Russland. Sit Putin på sidelinja og lèt ting eskalere, slik at vi får ein utslettande atomkrig? Eller tek han ikkje Vesten på alvor fordi han for lengst har innsett at dei ikkje er i stand til å kjempe ein krig mot Russland? Ein vaksen har jo ingen grunn til å frykte raseriet til ein småunge.
Mi omsetjing:
«Kor realistisk er Putin?
Som lesarane veit, er eg bekymra for om toleransen til Putin overfor ein for lenge varande Ukraina-konflikt oppmuntrar konflikten til å springe ut av kontroll. Eg har skrive om denne risikoen som blir forsømt av Kreml mange gonger. 27.februar vart eg intervjua av Finian Cunningham om denne risikoen. Dersom intervjuet blir lagt ut på nettet, vil eg linke til det før det blir fjerna av forteljingskontrollørane.
Der er ingen tvil om at eg har fått rett i at provokasjonane, akseptert av Kreml med berre ord i opposisjon, har auka i alvor dei siste to åra.
Fyrst kom Vesten til å sende ukrainarane hjelmar og soveposar. So ammunisjon til småvåpen. So artilleri. Stridsvogner vart nemnde, men Washington og NATO sa ‘aldri stridsvogner’. So sendte dei stridsvogner. So, etter fyrst å ha nekta, sendte dei dronar og mellomrekkjevidd-missil. So informasjon om mål. So leigesoldatar. So, etter å ha nekta, vurderer ein no langrekkjevidd-missil og amerikanske F16-ar som er i stand til å trengje seg djupt inn i sjølvaste Russland langt frå slagmarka. Og no det siste, forslaget til den franske presidenten om å sende NATO-soldatar. ‘Vi kjem aldri til å sende soldatar,’ erklærer NATOs Jens Stoltenberg. Men alle dei tidlegare nektingane vart brotne og tyda ingenting.
So spørsmålet vi står overfor er: Har Putin redusert trugselen om at konflikten kan kome ut av kontroll ved å kjempe mot den på ein lågmælt basis avgrensa til Donbass og dei russiske områda, eller har denne lågmælte åtferda overtyda dei nykonservative i Washington om at Putin er ein papirtiger som vil akseptere kvar ein provokasjon og kvar ei fornærming? Dersom det siste er riktig, kjem provokasjonane til å auke i alvor fram til konflikten kjem ut av kontroll. Å gå frå hjelmar til NATO-soldatar er tydelegvis ei omfattande eskalering. Putin forstår at Vesten har som føremål å øydeleggje Russland, so kvifor forlengar han konfliktar som gjev Vesten høve til å utvide konflikten?
Kreml og vestlege mediahorer ser det grunnleggjande problemet når Ukraina blir medlem av NATO. Dei nykonservative som kontrollerer amerikansk utanrikspolitikk ser ut til å tru at Putin vil stå på sida av dette akkurat som han gjorde då presidenten av USA kalla han ‘den nye Hitler’ og ‘ein jævel’. Ingen amerikansk tenesteperson av noka grad snakka nokosinne offentleg om sovjetiske leiarar i slike ordelag. På veg til Reykjavik på Island, då han skulle møte Gorbatsjov, sa Reagan til sin omgangskrins at eitt uhøfleg ord til dei sovjetiske tenestepersonane ville gje dei sparken på flekken.
Målet til Reagan var å få slutt på Den kalde krigen, og det gjorde han. Det var dei nykonservative og det amerikanske militær-/tryggleikskomplekset som restarta den.
Som den avdøde Seven Cohen og eg [Paul Craig Roberts] la vekt på, er trugselen om atomkrig i dag mykje høgare enn under Den kalde krigen. I dei åra dreiv leiarar på begge sider og jobba for å redusere spenningane og for å oppnå gjensidig tryggleik som skulle redusere faren for atomkonfrontasjon. Eg var del av innsatsen og kanskje er eg ein av ei handfull menneske som framleis lever i dag og som stod i den opplevinga.
Då Sovjetunionen fyrst kollapsa då Politbyrået plasserte den russiske presidenten Gorbatsjov i husarrest, såg den nykonservative sin sjanse til å oppnå verdshegemoni, og byrja åtaket sitt mot Russland. Alle dei tryggleiksforsterkande avtalane som hadde blitt utarbeidde gjennom Den kalde krigen vart kansellert av Washington.
Generalsekretær i NATO, Jens Stoltenberg, er marionetten til Washington. Men han er ikkje dum nok til å bevisst starte ein krig mot Russland. Kven kan i sine villaste fantasiar førestille seg at Europa, som er ute av stand til å beskytte sine eigne grenser frå å bli invaderte av uvæpna innvandrarar, skulle kunne kjempe mot Russland? Krigen, om Putin kunne få seg til å kjempe i den, ville vere over på nokre få minutt.
Men Stoltenberg, Washington og Washington sine EU-marionettstatar kan byrje ein dødeleg krig ved å vere aldri so smarte. I staden for å gjere Ukraina til NATO-medlem, ei raud linje som sjølv ikkje Putin kan akseptere, skriv dei individuelle NATO-landa under på tosidige tryggleiksavtalar med Ukraina. Både Tyskland og britane har skrive under på slike avtalar, og fleire EU-territoriale einingar (Babels tårn, ikkje lenger nasjonar) er i ferd med å lage slike avtalar.
Det dette tydar er at sjølve NATO ikkje sender soldatar, men det gjer dei individuelle medlemmene. Kvifor speler dette noka rolle? Det er framleis ein krig mellom Europa og England mot Russland.
So eg stiller igjen spørsmålet mitt: Kvifor oppmuntrar Putin til stadig verre provokasjonar? Kvifor ser han Ukraina sitt medlemsskap i NATO som ei raud linje, ei verkeleg ei i staden for Putin sine raude linjer som berre blir med pratet, og kvifor trur han at tosidige tryggleiksavtalar mellom europeiske land og Ukraina er noko annleis enn Ukraina sitt medlemsskap i NATO?
Det er det at Putin nektar å leggje press på ein svak og kollapsande Vesten som fører til atom-dommedag. Eg skriv ikkje fordi eg ønskjer ein russisk siger. Eg skriv fordi eg ikkje vil ha atom-dommedag. Vesten er urimeleg. Putin trur framleis at han kan snakke fornuft med Vesten. Det er ein feil som er dødeleg for menneskeheita.»
