Parlamentsmedlem Andrew Bridgen: «Senior-kabinettminister fortalde meg at alle covid-vaksinerte snart kjem til å døy av TURBOKREFT!»

For tida er det sol og vakkert vêr, og dei som lét seg manipulere til å late seg covid-vaksinere, aner for det meste fred og ingen fare der dei lever sine liv og hevar si lønn. At folk blir sjuke og døyr som fluger rundt dei, vel dei å ignorere etter beste evne. Takka vere mobbegrupper som «Ting som norske antivaksere sier», har det store fleirtalet blitt lurt til å tru at covid-injeksjonane er trygge og effektive, og at alle som meiner det motsette er alvorleg sinnslidande konspirasjonsteoretikarar som berre kan finne seg ein mørk krok og døøøø.

No er det kanskje dei covid-vaksinerte som bør førebu seg på ein snarleg død. Iallfall om vi skal tru den britiske parlamentsmedlemmen Andrew Bridgen. Nettstaden The People’s Voice rapporterer (mi omsetjing):

«Dei vaksinerte vil snart byrje å døy i fleire hundretals millionar ifølgje den britiske parlamentsmedlemmen Andrew Bridgen, som avslørte at ein senior-kabinettminister fortalde han detaljar om planen om å bruke turbokreft til å avfolke verda.

Ifølgje Bridgen fann hendinga stad i terommet på Westminster Houses of Parliament, der den her namnlause senior-ministeren sa til han at han kom til å vere ‘død av kreft snart’ fordi han vart villeia til å ta vaksinen under nedstenginga.

‘Du kan snakke ut alt du vil,’ sa ministeren til Bridgen. ‘Det speler inga rolle. De er vaksinerte. De vil snart døy av kreft.’

Andrew Bridgen har tenestegjort som parlamentsmedlem for Nordvestlege Leicestershire sidan 2010. Han har blitt ei prominent stemme i kampen mot globalistisk autoritarisme i Storbritannia, og kjempa mot covid-vaksinepåbod, nedstengingar og munnbindpåbod.

Bridgen sine tidsmessig passande åtvaringar om skyhøge førekomstar av kreftdødsfall som eit resultat av mRNA-vaksinar, kjem i det Pfizer-tilsette byrjar å gå ut og varsle om bløffen.

Turbokreft kjem til å krevje liva til hundrevis av millionar, om ikkje fleire milliardar, menneske dei neste få åra, ifølgje personen på innsida av Pfizer som åtvarar at alle som er vaksinerte med mRNA er ei vandrande, snakkande, tidsinnstilt bombe som ventar på å eksplodere.

Ifølgje personen frå innsida var covid-pandemien og mRNA-utrullinga ein operasjon som hadde vore planlagt i fleire tiår, der det eksplisitte føremålet var å skade, lemleste og drepe store tal menneske med vilje.

Men det blir endå verre. mRNA-utrullinga er berre i si spede byrjing. Dei sjuke og forskrudde skrømta som er ansvarlege for den massive auken av turbokreft-tilfelle kjem no til å hauste enorme finansielle utbyte ved å tvinge heile verda til å bli vaksinert mot det problemet som dei [«skrømta»] forårsaka i fyrste omgang.

Globalist-eliten bruker den farmasøytiske industrien til å utføre det største brotsverket mot menneskeheita i historia, og som vanleg er dei bestemt på å skjule sin vondsinna agenda i full offentlegheit.»

Misforstå meg ikkje. Dette er ikkje noko eg som uvaksinert frydar meg over. Det er djupt tragisk dersom dette stemmer. Den som lever får sjå, er vel eit ordtak det er føremålstenleg å bruke her.

Kommenter innlegget