USA er visstnok i diskusjonar med Storbritannia og Australia om å invitere Japan til å ta del i våpenutvikling under AUKUS-tryggleikspartnarskapen, hevda nyheitsformidlaren Nikkei Asia laurdag [2.mars 2024], og siterer amerikanske tenestepersonar. Dette melder RT (Russia Today). Dei skriv vidare (mi omsetjing):
«Ei offisiell melding om partnarskapen er venta å bli gjort under besøket til den japanske statsministeren Fumio Kishida i Washington neste månad, hevdar formidlaren, og skriv at Japan skal bli det fyrste landet som blir invitert til å arbeide med det tresididge AUKUS militærteknologi-delingsrammeverket som vart etablert i 2021 av Australia, Storbritannia og USA.
Reportasjen la vekt på at der for tida er ingen samtalar om at Japan skal bli ein formell medlem av gruppa, og det at Japan deltek der er meint å bli avgrensa til eit særs spesifikt prosjekt knytt til utviklinga av banebrytande forsvarsteknologi under den sokalla Pillar 2 [«Søyle 2»] i blokka.
Under AUKUS-pakta er Pillar 1 vigd til å hjelpe Australia få tak i konvensjonelt væpna atomdrivne ubåtar, medan Pillar 2 er fokusert på utvikling og deling av avansert teknologi med krigsrelaterte kampevner slik som kunstig intelligens, kvantedatateknologi, undersjøiske dronar, hypersoniske missil og teknologiar for elektronisk krigføring.
Medan Det kvite huset og Pentagon verken har bekrefta eller avkrefta reportasjen frå Nikkei Asia, føreslo seniordirektøren for Aust-Asia og Oceania i det amerikanske Rådet for nasjonaltryggleik, Mira Rapp-Hooper, førre månad at Washington faktisk var viljug til å invitere eit nytt land til Pillar 2 ‘i den svært nære framtida’.
Førre månad slo den australske forsvarsministeren Richard Marles fast at han ønskte å arbeide nærare med Japan om teknologiske utviklingar, men utelukka Tokyo si involvering i atomubåt-prosjektet og antyda at det ville ta noko tid før samarbeid kan etablerast, sidan Pillar 2-prosjekta òg er på byrjingsstadiet.
Ifølgje kjeldene til Nikkei Asia, har Australia vore skeptisk om å inkludere andre land i AUKUS-pakta, sidan dei er uroa over at å gjere det kan gjere det vanskelegare å dele teknologi, og forseinke utvikling.
Når det gjeld Japan spesifikt, er der visstnok bekymringar om at dei må gjere betydeleg framgang på området cybertryggleik før dei fullt ut kan bidra til våpenutvikling under AUKUS.
Ein tenesteperson i Utanriksdepartementet forklarte til formidlaren at cybertryggleik er ‘essensielt’ fordi ‘vi forstår at våre motstandarar slik som [Kina] faktisk ser ei moglegheit… [og] har stor interesse i å prøve å få tak i forsvarsinformasjonen vår gjennom forsvarshandelen vår.’
I mellomtida har Kina fordømt AUKUS-pakta sidan den vart etablert, og argumentert for at målet om å utstyre Australia med atomutstyrte ubåtar, utgjer alvorleg ‘vekst- og spreiingsrisiko’ og trugar Asia- og Stillehavsregionen.»
