iNyheter skriv 5.mars 2024 om Jo Inge Hesjevik (H), som er ordførar i Finnmark-kommunen Porsanger. Han ønskjer å politimelde trugslar mot lokalpolitikarar i kommunen som følgje av eit omstridt vindmøllevedtak på reinbeiteland ved Skarvberget. At politikarar får trugslar på grunn av politikk som er i strid med viljen til folket, er ikkje noko nytt, og slikt blir rutinemessig meldt til politiet.
Det spesielle i denne saka er derimot at ordføraren vurderer å melde til politiet trugslar om trolldom.
Blant samane finst det ei form for vondsinna trolldomskunst som er kjent som ganning. Å ganne nokon vil seie å utføre trolldom med eit ønske om å skade nokon. Enkelte samanliknar det med voodoo. Som Hesjevik seier til lokalavisa Ságat:
«Vi må formode at den som kommer med truslene faktisk tror at det har en effekt, og faktisk tror at man påfører folk skade på den måten. Når man ganner, er det et ønske om å skade andre personer, for å få dem til å gjøre det man ønsker.»
Han fortel òg til lokalavisa at han kjenner til politikarar som har flytta frå Porsanger kommune etter å ha blitt ganna.
Saka illustrerer etter mitt syn eit interessant aspekt. Om både politikarar og politiet tek trugslar om trolldom på alvor, er det det same som å vedgå at trolldom er ekte. Dei som trugar med å ganne nokon, vil dermed falle inn under vilkåret i straffelova at ein trugsel skal straffast dersom personen er i stand til å gjennomføre trugselen. Om nokon med jaktrifle trugar med å skyte naboen, vil politiet rykkje ut og arrestere vedkomande sidan han absolutt er i stand til å gjennomføre trugselen. Om ein sjaman trugar med å kaste ei forbanning over nokon, vil nok politiet reagere tilsvarande om dei trur at forbanningar er reelle. Det eg lurer aller mest på, er kva politiet eigentleg kan gjere i eit slikt tilfelle. Torer dei ta sjansen på straffeforfølging med den risikoen å sjølv bli offer for ganning?
I kommentarfeltet aular det som vanleg med liv. «Freedooooom» skriv:
«Når man som politiker fatter vedtak som går mot befolkningens vilje… ja når man faktisk DRITER i folket… da må man ikke bli overrasket om folket blir sinte. Begynn å lytte til folket dere liksom skal representere så skal dere se at det blir slutt på trolldom.»
«Ulrich Ebersbach» skriv:
«Har faktisk prøvd med på Voodoo en gang. Det virket faktisk. Kan selvfølgelig ikke gå i detaljer her, men det er sterkt fristene og prøve igjen. Denne gangen i sterkere form mot Erna og Støre. Kanskje jeg skulle vurdere et samarbeid med Durexen?»
Han meiner her sjamanen Durek, og ikkje kondommerket Durex. Tor Larssen skriv:
«Det har vært sikker norsk rett at trusler om trolldom ikke rettsforfølges fordi trolldom ikke eksisterer og man ikke kan true med noe som ikke fins.»
Faktum er at det i Nord-Noreg i uminnelege tider har eksistert folk med det ein kan kalle overnaturlege evner. Til dømes har ein dei som kan stoppe blødingar på avstand. Alt dei treng å vete er fødselsdatoen og kva tid på døgnet personen er fødd. Då ramsar dei opp gammalfinske formlar som ein som er eldre enn dei har lært dei. Metoden har blitt skildra i Helsemagasinet, og fungerer, sjølv om vitskapen ikkje kan forklare den.
Eg avsluttar her med det «Torun Eilertsen» skriv:
«Jeg vet at mange nordlendinger er livredde når samene tar i bruk ganning. Politikerne får begynne å leve i sannhet, fordømme løgn som er ondskap og søke Jesus Guds sønn, da blir dem beskytta fra trolldom-ganning. […] Jeg kan ikke slutte å flire her. Kanskje politikerne blir kjeppjaget av samene.»
Éin ting er sikkert: ein køddar ikkje med urfolk!

Gann ivei, om det får de onde tullingene som forstår at de skader folk, urbefolkning eller uansett hva, blir redde og tenker seg om engang eller to før de begår overgrep, er det bare bra. Også i Trøndelag er dette et velkjent fenomen, og respektert. Her har vi jo nasjonalsenteret for Sørsamene, og prøver å stelle oss som best med de der medmenneskene.
De vant mot staten, men det ga bare tøyseresultater.. Håper de som står bak blir gannet til helvete.
LikarLikt av 1 person