CDC innrømmer endeleg at covid ikkje er meir trugande enn vanleg sesonginfluensa

Etter årevis med nekting og skremselspropaganda ber no amerikanske Centers for Disease Control and Prevention (CDC) folk om å ikkje bekymre seg for covid-19. Det eingong so «dødelege og allmennfarlege» viruset er nemleg ikkje verre enn vanleg sesonginfluensa. Ethan Huff i NewsTarget, systersida til Natural News, skriv (mi omsetjing):

«Nye CDC-retningslinjer for reisande føreslår å behandle trugselen covid på same måten som ein behandlar trugselen influensa. Dersom du har rennande nase eller andre influensasymptom, tilrår CDC at du held deg heime til dei har gått over og utviser varsemd etter det igjen.

‘Covid-19 er framleis ein viktig folkehelsetrugsel, men det er ikkje den krisa det eingong var,’ sa dr. Brendan Jackson, leiar i luftvegsvirus-responseininga ved CDC sitt National Center for Immunization and Respiratory Disease.

‘Og helseeffektane til det liknar i aukande grad dei til andre [luftvegs-virale] sjukdommar, inkludert influensa og RS-virus.’

Dei fleste amerikanarar har for lengst gløymt covid, og behandla det i stor grad som influensa, eller til og med som ein bløff, heilt sidan opplegget vart rigga til i 2021. Likevel prøver CDC å halde seg relevante ved å halde seg oppdatert i tida og låst som om deira nyaste ‘vitskap’ er i samsvar med det mange har visst i fleire år om ikkje-trugselen covid. […]

Sjølv det medisinske samfunnet, som aggressivt pusha munnbind og ‘vaksinar’ dei fyrste to åra av covid, seier til folk at dei ikkje lenger treng å bekymre seg for det sokalla viruset. Mange pushar ikkje eingong CDC sine retningslinjer, og ber i staden folk om å rett og slett bruke sunn fornuft, akkurat som dei gjorde før ‘pandemien’.

Trass alt dette, prøver CDC framleis å overtyde folket om å sjå på covid som noko som er annleis enn influensa, sjølv om det er ingen merkbar skilnad i symptom mellom dei to.

‘Lat oss vere tydelege: covid-19 er ikkje influensa,’ la Jackson til i ei melding, og hevda at covid ‘framleis forårsakar meir alvorleg sjukdom og fører til meir langvarige effektar.’

CDC påstår òg at meir enn 1000 menneske i veka døyr av covid. Og dei med ‘lang covid’ lid av symptom som kan vare i månader, år eller for alltid, avhengig av personen.

De må hugse at dette er CDC sine påstandar, og ikkje påstandane til forfattaren [Ethan Huff]. For alt saka angår eksisterte covid aldri eigentleg bortsett frå skaden forårsaka av ‘vaksine’-shedding, 5G-aktivering og andre biovåpen-utslepp som fann stad akkurat før kvart nye ‘utbrot’ eller auke i ‘tilfelle’.

‘Vi vil at folk skal erkjenne at fleirtalet av virusspreiing finn stad når du er sjukast, og etter kvart som dagane går, spreier viruset seg mindre,’ erklærte CDC-direktør dr. Mandy Cohen i ei nyleg melding.

Sokalla asymptomatisk spreiing eksisterer heller ikkje, sjølv om vi vart fortalt at det gjorde det. CDC seier faktisk ikkje dette rett ut, men antydar no heller at asymptomatisk spreiing har ‘mindre sannsyn’ for å skje enn spreiing frå ein reelt sjuk person med symptom.

Utruleg nok prøver etablissementet framleis å få folk til å ‘vaksinere’ og ‘booste’ seg sjølve minst éin gong i året, akkurat som med vanleg influensavaksine. Eldre over 65 er primærmåla for denne rutine-injeksjonskampanjen, og CDC vil òg at seniorar skal ‘booste’ seg om våren òg, so lenge det går fire månader mellom kvar dose.

‘Rundt 60% av seniorar er ikkje oppdaterte når det gjeld covid-sprøyter,’ klaga Wall Street Journal i ein artikkel som pusha jamlege covid-injeksjonar.

CDC er ein ubrukeleg, vondarta spøk, og det same er Wall Street Journal

Kommenter innlegget