MSNBC nektar å kringkaste sigerstalen til Trump – hevdar det er uansvarleg å gjere det

På den sokalla «super-tysdag» 5.mars 2024 vann presidentkandidat Donald Trump so det suste, noko den amerikanske djupstaten på ingen måte likar. Steve Watson på nettstaden Modernity.news skriv at hovudstraumsmedieformidlaren MSNBC gjekk so langt som å nekte å sende sigerstalen til Donald Trump fordi dei meiner det er «uansvarleg» å gjere det. Dei meiner nemleg at han står der og lyg.

Mi omsetjing:

«Det vittige MSNBC-ankeret Rachel Maddow valde nok ein gong å avslutte innslaget før Donald Trump heldt sigerstale etter å ha vunne 15 av super-tysdag-delstatane, med det resonnementet at det er ‘uansvarleg å late’ Trump ‘lyge med vilje’.

Då Trump stod og tala, avbraut Maddow med eit ‘jaaaa, okay’, medan ein av dei andre klovnane lo i bakgrunnen.

Ankeret slo deretter fast: ‘Eg vil seie at det er ei avgjerd som vi stadig vender tilbake til når det gjeld balansen mellom å late nokon lyge med vilje på lufta om ting som dei har loge om før, og du kan spå at dei kjem til å lyge om, so difor er det uansvarleg å late dei gjere det.’

Maddow heldt fram: ‘Det er ein balanse mellom å vete at det er uansvarleg å kringkaste det, og òg vete at den som snart blir den de facto-nominerte kandidaten til Det republikanske partiet; dette er ikkje berre mannen som sannsynlegvis vil bli den republikanske presidentkandidaten, men dette er måten han køyrer på.’

MSNBC-anker Stephanie Ruhle sa: ‘Vel, her er måten vi balanserer det på. Vi faktsjekkar ræva av han.’

‘Ja, og vi gjer det etter det faktum,’ svarte Maddow, og la til: ‘Det er det beste verktøyet vi har. Det fiksar ikkje det faktum at vi kringkasta det.’

MSNBC og CNN gjer dette heile tida.

So, kva slags fælslege løgner driv Trump og spreier denne gongen?

Han snakka om den omfattande rapporterte avsløringa denne veka i kjølvatnet av FOIA-søksmålet [FOIA = Freedom of Information Act], om at Biden-regimet i hemmelegheit flaug inn tusenvis av ulovlege innvandrarar frå utlandet til minst 43 ulike amerikanske lufthamner frå januar til slutten av desember 2023.

Etter å ha stempla Biden som ‘den verste presidenten i vårt lands historie’, la Trump til: ‘I dag vart det formidla at 325 000 menneske vart flogne inn frå ukjende verdsdelar. Migrantar vart flogne i fly, gjekk ikkje gjennom grensekontrollen, gjekk ikkje gjennom den svære Texas-barrieren…’

Trump heldt fram: ‘i dag vart det formidla like før eg kom hit, det var utruleg. Eg sa, det må då vere ein feil. Dei flaug 325 000 migrantar, flaug dei inn over grensene, inn i landet vårt. So det fortel dykk verkeleg kor dei kjem frå.’

‘Dei vil ha opne grenser, og opne grenser kjem til å øydeleggje landet våret. Vi treng grenser og vi treng frie og rettferdige val,’ la han til.

Wow, for ein ‘uansvarleg’ ting å ‘lyge med vilje’ om! Vi vil vel ikkje at amerikanarar skal høyre om slike fælslege løgner, vil vi vel?

Her er den komplette, usensurerte talen.

Som vi [Modernity.news] tidlegare sette søkjelys på, då super-tysdag-resultata kom inn, gjorde Maddow, saman med andre MSNBC-paneldeltakarar, inkludert Jen Psaki, narr av amerikanarar som trur grensekrisa er eit alvorleg valtema.»

Kommenter innlegget