For tida driv desperate anleggsarbeidarar i India og søkjer jobbar via israelske rekrutteringsbyrå sidan dei ikkje får jobb heime. Gjeld, arbeidsløyse og dårleg lønn i heimlandet tvingar dei til å potensielt risikere livet i Israel for betre lønn, slik at dei kan ta seg av familiane sine. Dette rapporterer den uavhengige journalisten Saurabh Sharma for RT (Russia Today). Her følgjer Saksyndig si omsetjing av denne reportasjen:
«Aman Kumar (27) står ved porten til eit statleg styrt industritreningsinstitutt, utstyrt med eit oransje papirarmband. Han ventar på å høyre resultatet av testen han fullførde for å bli rekruttert til Israels bygg- og anleggsindustri.
Israel, som har vore i krig mot Hamas sidan 7.oktober, skal mest sannsynleg trekkje tilbake arbeidsløyva til 90 000 palestinarar og erstatte dei med indisk arbeidskraft. I mai 2023 skreiv India og Israel under på eit forståingsmemorandum som dekte sivilingeniørarbeid.
Under den valde rekrutterarar seg ut 10 000 arbeidarar i landbruksdelstaten Haryana (der 52 000 søknader vart delte ut av delstatsregjeringa), og 7000 i den mest folkerike delstaten i India, Uttar Pradesh (UP).
Over åtte dagar frå 28.februar fann ein andre rekrutteringsrunde stad i UP sin delstatshovudstad, Lucknow. Den slutta torsdag, med totalt 6920 kandidatar innan felta gipsarbeid, fliselegging, rammearbeid og metallbøyearbeid. Totalt 4121 vart valde ut.
RT snakka med søkjarar medan dei venta, og dei sa at det ikkje var ein kort prosess. Aman, som vart vald ut i desember, måtte sende inn papir, helseattestar, og gjennomgå ein grundig visumprosedyre. Han har fagbrev som industriteknikar, sjølv om han har teke testen for ‘metallbøyearbeid’. Han seier til RT at han har vore industriteknikar i tre år, men månadslønna er berre 10 000 rupi (121 dollar) utan jobb- eller velferdstryggleik.
Som andre unge og mellomaldrande indarar som står og ventar ved rekrutteringsbyrået, er hans einaste mål å tene meir for å hjelpe familien og betale gjelda deira; han er klar til å flytte til Israel. Familien til Aman – som er på botnen av India sin kastepyramide – er mot avgjerda hans, og foreldra har gjentekne gonger bede han finne seg ein jobb i India.
‘Det har gått tre år og inntekta mi har vore den same,’ seier Aman til RT. ‘Der finst verken jobb eller velferdstryggleik. Inga forsikring og alltid trugselen om å misse jobben. (Å reise til Israel) er eit av dei beste høva til å tene meir. Ein har absolutt ikkje noko val her. Dersom du prøver å finne ein annan jobb, vil du bli tilbydd mindre enn det du tener no. Eg trur det er betre å reise dit, tene meir og døy ein eller annan gong.’
‘Eg kan døy her eller eg kan døy der. Det er betre å døy med pengar i banken enn å laste foreldra med gjeld for gravferda di,’ legg Aman til.
Ifølgje det uavhengige Centre for Monitoring Indian Economy, auka arbeidsløyseprosenten i India til 8% i februar frå 6,8% i januar.
Derimot, ifølgje data frå Periodic Labor Force Survey offentleggjort av National Sample Survey Office, var den indiske arbeidsløyseprosenten for dei frå 15 år og eldre på sitt lågaste på seks år på 3,2% frå juli 2022 til juni 2023.
Medan han ventar på resultata sine, seier Aman til mora og systera si på telefon at jobben i Israel ikkje er i krigssona, og at han kjem til å vere trygg.
‘Eg har prøvd svært hardt å overtyde dei. Faren min snakkar ikkje mykje med meg. Dei har lese om nyheitene denne veka om ein indisk mann som vart drepen i Israel og er meir bekymra, men eg føler eg har mislykkast her fordi eg ikkje har vore i stan til å finne ein jobb som betaler so godt som evnene og ferdigheitene mine. Dette er eit godt høve,’ seier Aman til RT, og viser sitt nyleg skaffa pass.
Milan Maurya (34) som kjem frå UP sitt Varanasi, statsminister Narendra Modi sin parlamentariske valkrins, reiste 313 kilometer (195 miles) for å kome til Lucknow for å få papira sine sjekka. Han tok rekrutteringstesten i desember og kvalifiserte seg.
‘Før covid jobba eg i Malaysia og tente nok. No i India er eg ikkje i stand til å finne ein jobb som betaler godt nok for familien min, so difor reiser eg til Israel,’ seier Milan til RT.
‘Familien vil ikkje at eg skal flytte til Israel fordi dei føler at livet mitt vil vere i fare, men eg tener 15 000 rupi (181 dollar) her, og det er ikkje nok. Eg er i djup gjeld, so eg bestemte meg for å flytte til Israel.’
Han har ikkje andre ferdigheiter enn stålbøying. ‘Å finne jobb i ein annan sektor er òg vanskeleg, og eg ser ikkje noka framtid her. Befolkninga vår har resultert i høg konkurranse der folk er viljuge til å betale for ei kvar lønn. Underbetaling og utnytting i den indiske bygg- og anleggsindustrien skjer på grunn av befolkninga, og ingen kan hjelpe oss,’ seier han.
‘Eg treng berre å sende legeerklæringa mi, og so vil eg vere klar til å reise so fort dei godkjenner visumet mitt,’ seier Milan. ‘Eg veit at familien min er bekymra, men betaling vil lækje alt. Eg vil bli lykkelegare av å sjå barna mine på gode skular, at foreldra mine et skikkeleg, og at kona mi ikkje treng å bekymre seg for manglar på kjøkkenet.’
Mazhar Aziz, ein senior-tenesteperson ved det statsstyrte Industrial Training Institute (ITI) i Lucknow, sa til RT at der er stort behov for arbeidskraft frå UP, og at det difor skjer ein andre runde med rekruttering i delstatshovudstaden.
‘I den fyrste rekrutteringsinnsatsen i desember valde Israels byrå ut rundt 5000 arbeidarar som jobbar som murarar, fliseleggjarar, snikkarar og metallbøyarar ut av rundt 7000 kandidatar,’ seier han. ‘I den andre runden er det vi høyrer at byråa har som mål å tilsetje rundt 3000 fleire arbeidarar, og at dette kan gå opp til 5000. Dei som kvalifiserte seg i fyrsterunden får no visuma sine.’
På tysdag kom regjeringa i New Delhi med råd om at indiske statsborgarar som bur i grenseområda til Israel flyttar til tryggare delar av landet, etter at eit antitank-missilåtak nær grensa til Libanon drap ein utanlandsk arbeidar og skadde to indarar alvorleg.
Talspersonen for UP sitt styrande Bharatiya Janata-parti (BJP), Rakesh Tripathi, sa til RT at arbeidsløyseraten både nasjonalt og i delstaten går ned fordi regjeringa skaper jobbar. ‘Dette Israel-høvet er berre eitt av vala,’ sa han. ‘Der er mange andre høve tilgjengelege òg i India. I tillegg kjem ikkje desse arbeidarane til å bli sendte til israelske konfliktsoner, noko regjeringa har vore tydeleg om.’
Swami Prasad Maurya, ein opposisjonell politikar som snakkar ut om tema knytt til kaste og arbeid, seier at regjeringa har mislykkast i å gje arbeid til dei unge, som er grunnen til at eit stort tal indarar no søkjer jobbar i Israel.
‘Regjeringa klappar seg på brystet på grunn av veksande BNP, men snakkar ikkje om veksande arbeidsløyse,’ sa han til RT. ‘Er det ikkje skammeleg at unge i so store tal prøver å flytte til eit anna land som er i krig med eit tredje? Regjeringa burde i fullt alvor sjå på dette problemet i staden for å skryte over jobbskaping.’»
