Globalist-eliten ser på dei eldre som ei økonomisk og ressursmessig bør for samfunnet, og dei må difor alle avlivast ved fyrste og beste høve, helst på isolerte avdelingar der ingen kan høyre dei skrike. Alle kan derimot ikkje leggjast inn på sjukehus og sjukeheimar. Her gjeld det dermed å heilgardere seg. No vil amerikanske CDC (Centers for Disease Control and Prevention) at alle seniorar over 65 skal ta ein «booster» (oppfriskningsdose). Som vår flittige journalist Ethan Huff i Natural News skriv (mi omsetjing):
«CDC sin Rådgjevingskomité for immuniseringspraksis (ACIP) [Advisory Committee on Immunization Practices] sitt panel seier at eldre vaksne treng umiddelbar beskyttelse mot ‘den auka risikoen for alvorleg sjukdom på grunn av covid-19’, og at dei kan oppnå dette ved å bli stukne med dei nyaste kjemiske sprøytene frå den farmasøytiske industrien.
I ei pressemelding frå 28.februar seier CDC at deira nye tilråding er basert på ‘dei noverande tilgjengelege dataa knytt til vaksineeffektivitet’, som visstnok peiker på at dei nyaste boosterane gjev solid beskyttelse for dei eldre mot dei siste variantane av Kina-viruset.
‘Vaksne frå 65 år og oppover blir uforholdsmessig påverka av covid-19, der meir enn halvparten av covid-19-sjukehusinnleggingar frå oktober til desember 2023 fann stad i denne aldersgruppa,’ påstår CDC.
‘Data held fram med å vise kor viktig vaksinasjon er for å beskytte dei som står i størst fare for alvorlege utfall av covid-19. Ein ekstra dose med den oppdaterte covid-19-vaksinen kan gjenbyggje beskyttelsen som har svunne hen sidan ein haust-vaksinedose, og gjev med dette auka beskyttelse til vaksne frå 65 og oppover.’
(Relatert: Same kor mykje du har blitt skadd av covid-sprøyter, vil CDC framleis at du skal late deg stikke med kvar einaste nye ‘booster’.)
CDC driv med skremselspropaganda atter ein gong
Enkelte medlemmer av CDC-rådgjevingspanelet var ikkje glade for den fyrste tilrådinga, ikkje fordi den gjekk for langt og er basert på pseudovitskap, men heller fordi den, etter deira meining, ikkje gjekk langt nok i å skremme eldre til å ta den nyaste boosteren.
Den fyrste føreslegne retningslinja var berre ei tilråding om at eldre nok kunne gjere lurt i å ta dei nyaste boosterane. Enkelte CDC-panelmedlemmer argumenterte at tilrådinga trong sterkare språk som instruerte folk frå 65 og oppover om at dei burde ta dei nyaste boosterane – elles kom dei til å bli sjuke og døy.
Til slutt stemte panelet 11 mot 1 om å bruke, sterkare, meir skremmande ordlyd etter CDC-direktør dr. Mandy Cohen bestemte at det høyrdest best ut, og argumenterte at det ville få bakken til å brenne under føtene på eldre, slik at dei utan å mukke (eller stille spørsmål) skulle pile av garde og ta dei nye injeksjonane.
‘Dei fleste covid-19-dødsfall og sjukehusinnleggingar i fjor var blant dei frå 65 og eldre,’ hevda Cohen om kvifor ho støtta den sterkare tilrådinga. ‘Ein ekstra vaksinedose kan gje tilleggsbeskyttelse som kan ha minka over tid hjå dei med størst risiko.’
Det Cohen på passande vis ikkje tok opp, er ein ny studie frå Japan som åtvarar om farane ved dei nyaste boosterane. Den studien avgjorde at der ikkje finst nok evidens til å støtte påprakkinga av desse nye sprøytene på eldre vaksne.
‘Den ekte drivkrafta bak all denne avgjerdstakinga er å skape og følgje pengane,’ skreiv ein skeptisk lesar i kommentarfeltet om kvifor CDC held fram med å lyge til folket om dei dødelege sprøytene.
‘Dersom du ikkje kan tene på noko, plasser deg sjølv i ein nisje der du kan gjere det lovleg å stele det frå dei som kan tene på det, medan du eliminerer resten. Det er der vi er no.’
‘Faktisk handlar dette òg om befolkningskontroll,’ svarte ein annan. ‘CDC er skuldig i brotsverk mot menneskeheita. Eg lurer på om nokon nokosinne vil gjere noko med det… Det har eg alvorleg tvil om.’
‘Dei bryr seg ikkje ein gong lenger om at vi veit at dei prøver å drepe oss,’ sa ein annan. ‘Eg reknar med at dei ikkje nådde sitt mål om eldredød fyrste gong, so no pressar dei på med nok ein runde med desse giftsprøytene.’
CDC vil aldri slutte med å presse kjemiske injeksjonar på amerikanarar, same kor farlege dei er.»
