J.K. Rowling politimeldt for å kalle transperson «feil» kjønn

Tru det eller ei – i dag er det sett på som «hatkriminalitet» å kalle ein transperson sitt objektivt korrekte kjønn. Om ein mann føler seg som ei kvinne, og nokon kallar han ein mann, kan han (ho?) gå til politiet og få oppretta sak på personen. RT (Russia Today) rapporterer at J.K. Rowling, forfattarinna av Harry Potter-bøkene, har blitt meldt til politiet av ein transperson for å med vilje ha kalla vedkomande feil kjønn. Dei skriv (mi omsetjing):

«Britisk politi har bekrefta å ha motteke ein klage etter at ein transkjønnskringkastar sa at ho har meldt Harry Potter-forfattar J.K. Rowling for ‘feilkjønnings’-kommentarar på sosiale media, har Reuters rapportert.

I eit intervju på onsdag [6.mars 2024] kom India Willoughby, ein britisk transkjønnsjournalist og realitity-TV-personlegdom, med påstandar om at Rowling utførde eit hatbrotsverk ved å bruke feil kjønn på ho, og sa at ho hadde kontakta politiet om Rowling sine kommentarar på X (tidlegare Twitter).

Willoughby, som vart den fyrste transkjønnsverten på det populære talkshowet Loose Women [«lause kvinner»], refererte til ein kommentar som Rowling hadde skrive tidlegare denne veka som svar til ein annan X-brukar. ‘India vart ikkje ei kvinne. India driv med kostyme-rollespel [engelsk cosplay] i ein kvinnehatande, mannleg fantasi av kva ei kvinne er,’ skreiv Rowling.

‘Å kalle ein transperson ein mann, når ein veit at den personen er ei kvinne – og eg er ei kvinne same kva J.K. Rowling seier… fødselsattesten min seier kvinne, passet mitt, alle papira mine, eg er juridisk anerkjent som ei kvinne, og det at J.K. Rowling bevisst, og det er nøkkelordet, kallar meg feil kjønn når ho veit kven eg er, er sterkt fornærmande,’ sa Willoughby, som òg har vore med i Celebrity Big Brother, til den uavhengige nyheitsformidlaren Byline TV.

Rowling har avvist påstandane, og seier at det ikkje var eit brotsverk å ha kjønnskritiske synspunkt. Den suksessrike og anerkjende forfattarinna gjekk på X for å skulde Willoughby for ‘å i besettelse ha gjort ho til ei målskive’, som ‘kan gå over den juridiske grensa for trakassering’. Ho viste òg til ei nyleg rettssak som etablerte at kjønnskritiske synspunkt er sett på som ei beskytta filosofisk tru under British Equality Act.

Rowling gjekk so langt som å skildre Willoughby som ‘eit klassisk døme på den mannlege narsissisten som lever i ein tilstand av endelaust raseri’.

Dette kjem som ein del av ein årelang feide på sosiale media mellom Willoughby og Rowling, som gjentekne gonger har referert til TV-stjerna [Willoughby] som ‘han’ på sosiale media.

Rowling har blitt ein kontroversiell figur når det gjeld transkjønnstemaet, og på å definere kva ei kvinne er. Dette har gjort ho til eit mål for kritikk frå enkelte transaktivistar og kjendisar, inkludert stjernene i Harry Potter-filmane – men det har òg gjeve ho støtte frå dei som driv med kampanjar for kvinnerettar.»

Kommenter innlegget