Kva er grunnen til at folk møter stadig meir totalitære og menneskefiendtlege lover med nærast botnlaus apati, om ikkje til og med direkte godtaking av dei? Kvifor går ikkje folk og skrik i gatene og krev at deira inkompetente regjering går av? Dei vil oss jo openbert ikkje vel. Dersom ein leiar gjer ein dårleg jobb ut av inkompetanse, vond vilje eller begge delar, er den einaste fornuftige reaksjonen å få vedkomande fjerna frå stillinga.
«Kvar ei gruppe menneske som visstnok er i eit fritt samfunn og som har ein leiar (eller eit råd av menneske som leiar), utpeikt av den gruppa til å ta avgjerder utifrå dei felles interessene til gruppa, må lite på si eiga ‘sjølvregulering’, over og utover leiarane si regjering, for å kunne overleve. Dette er essensielt som eit ‘sjekk og balanse’-kriterium for eit sunt samfunn.»
Slik byrjar den kanadiske psykoterapeuten Todd Hayen sitt essay om eit alvorleg samfunnsproblem på nettstaden Off-guardian.org. Han skriv vidare (mi omsetjing):
«I dei fleste demokratiske samfunn blir dette gjort gjennom valprosessen. Folk blir sette inn i maktposisjonar, og tekne ut av desse dersom det skulle bli naudsynt, gjennom val, altso den populære stemma. Folket må halde nøye auge med kva som skjer i sine samfunn, på det lokale nivået, og i nasjonane sine, på eit nasjonalt nivå. Og naturlegvis må dei utøve kritisk evaluering når det gjeld globale hendingar òg. Berre då vil dei vete kven dei skal stemme på for kva som best tener samfunnet sitt.
Dette er slik vi har kontroll, om enn stundom ikkje nok, over staten vår. Vi har lite kontroll over ikkje-statlege organisasjonar (NHO-ar) gjennom valprosessen. Men vi har kontroll, igjen til ei viss grad, over sosiale normer, moralitet, verdiar og andre ting som kan gnisse mot våre eigne ‘samfunnsstandardar’ som ein masse, gjennom protestar og andre krav om ansvarleggjering. På denne måten blir samfunnet vårt på eit vis halde i sjakk gjennom dei grunnlovsfesta krava til ein nasjon, so vel som vår personlege vurdering av kva som er ‘rett’ og kva som er ‘gale’.
Menneske har tradisjonelt vore på same sida med somme av desse basiske prinsippa. Til dømes er der særs få kulturar, om nokon i det heile, som grunnleggjande er for mord. Særs få, om nokon, som er for seksuelt misbruk av barn, eller fysisk misbruk (naturlegvis, kva som avgjer begge desse tinga kan vere heller subjektivt).
Same kva ytterpunkta alltid presenterer når dei kjem med dekkjande ytringar (som vitterleg finst, og ein diskusjon av desse ytterpunkta til krevje enormt med tid og merksemd), deler menneske mange fundamentale prinsipp av ‘god menneskelegheit’.
Med mindre dei naturlegvis blir skubba vekk frå desse fundamentale prinsippa av ei eller anna ytre kraft – korrupt stat, lurendreiarar, vondskap… Satan. Enkelte vil seie at vi har ein naturleg tendens til å gå umoralske vegar (tenk på Moses som tok seg ein pause for å samle Dei ti boda og kva som deretter skjedde).
Når det er sagt, kva skjer når ein kultur i sin heilskap opplever, innåt i den kulturen, noko som avvik vesentleg frå desse prinsippa? Det at eit slikt avvik skjer kan kome direkte frå staten, eller frå det kollektive (eller, i vår noverande situasjon, sjå ut til å kome frå kollektivet, men som faktisk er eit bevisst avvik skapt av agendaen).
Svaret på det fyrste spørsmålet, i idelle tider, er dette: Kulturen står ikkje for det. Dei uttrykkjer misnøya si tydeleg, og dei gjer opprør, eller dei lyder i det minste ikkje agendaen. Dei seier: ‘Eg er helvetes forbanna, og eg finn meg ikkje i dette lenger!’
Uheldigvis er den tida då samfunnet vårt demonstrerte slik sjølvregulering, for lengst forbi. Vi såg dei siste restane av det under Vietnam-æraen i USA – og berre frå visse folkegrupper i samfunnet – og sanneleg ikkje sopass vellykka.
Sidan den tid har staten, eller kven det enn er som står bak denne marsjen mot gløymsle, har gjort det tydeleg at slik ei ‘misnøye med politikken’ til den herskande faksjonen ikkje vart stilt spørsmål ved, og dersom det vart, blir personen eller gruppa som stiller spørsmål hardt straffa. Eit særs smart trekk mot denne kvelande tankekontrollen var å få alle limt til ein mobilskjerm. Korleis ‘dei’ gjorde det, og det ikkje berre var ein naturleg teknologievolusjon, vil ta ei heil bok å adressere.
Trass dei underliggjande grunnane til kvifor vi ikkje regulerer oss som eit samfunn, er det enkle faktum av vi ikkje lenger gjer det. Der brukte å vere ei tid, i ein galakse langt, langt vekke, då kulturen fastsette desse grensene (dersom dei var fri til å gjere det), og sjølv om herskarklassen ville prøve å krysse dei, mislykkast dei ofte. I dag er det langt meir sannsynleg at grensene kan kryssast utan so mykje som eit blikk frå massane. I dag har dei fått oss til å ete rett frå hendene deira.
Eg vil her kome med nokre døme: Kor er det samfunnsmessige raseriet når folk blir tvinga til å injisere i kroppane sine ein relativt ukjent substans? Sjølv om agendaen kom med ‘gode grunnar’ for ein slik ting, kor var bevist bak den grunnen? Dersom noko bevis dukka opp som motsa ideen om eit dødeleg virus som drap verda og ein vaksine som vart utvikla på åtte månader var ‘trygg og effektiv’, vart det raskt kvelt av den rådande makta og klassifisert som ‘feilinformasjon’ og ‘farleg’.
Kor er det samfunnsmessige raseriet når tusenvis av unge plutseleg oppsøkjer operasjonar og legemiddel for å støtte myten om at dei har ‘feilidentifisert’ seg sjølve basert på kva dei blir fortalt er ei løgn om sin biologiske identitet? Kor er ‘eg er helvetes forbanna’ når ‘autoritet’ avgjer at dei sit på fasiten på sanninga over barn, og foreldra kan berre dra til helvete?
Kor er det samfunnsmessige raseriet når vi plutseleg blir fortalt at vi ikkje lenger får lov til å bruke kontantar, eller at vi må bere med oss ein digital-ID som på grunnleggjande plan vil utslette kvart eit krav om personleg autonomi, for ikkje å nemne den komplette øydelegginga av personleg privatliv?
Kor er det samfunnsmessige raseriet når ein stat bruker milliardar av dollar på å støtte drapet på menneske i ein ‘krig’ på andre sida av jorda av ingen annan grunn enn å oppfylle kva enn slags vondsinna og einsidige mål den staten har?
Kor er det samfunnsmessige raseriet når enorme faksjonar av ikkje-valde ‘folk’ bestemmer seg for å ta styring over verda frå høgtsvevande og velfinansierte institusjonar slik som FN, WHO, WEF, NATO og, lokalt, FDA og CDC?
Kor er det samfunnsmessige raseriet når regjeringa i eit land tillèt den ulovlege innvandringa av fleire hundre tusen menneske utan nokon som helst sjekk av vandel?
Dette er berre nokre få døme. Denne artikkelen ville ha blitt hundre sider lang dersom eg berre hadde nemnt halvparten av desse ‘raserifaktorane’.
Kva er grunnen til at det ikkje blir skrike frå vindauga ‘vi er helvetes forbanna!!’? Der er mange grunnar, ein av dei kjem frå den orkestrerte innsatsen frå dei som sit med makta om å innføre slik ein innsats. Det er å hjernevaske samfunnet til lydigheit. […]
Det er som om vi alle er hypnotiserte, og kvar gong agendaen aktiverer ein del av planen sin, kjem sølvpendelen ut og blir svinga fram og tilbake framfor auga våre, følgt av ei fløyelsstemme som seier ‘Alt er godt, dette er bra for dykk’.
Denne stemma kan naturlegvis òg mumle: ‘Uvaksinerte er vonde, hat alle som spreier feilinformasjon, Putin er djevelen inkarnert, hat han med heile dykkar hjarte.’
På grunn av denne forma for kondisjonering, blant mange andre teknikkar, har vi som samfunn mist nesten alt av kritisk tenking – og som eit resultat kan vi ikkje lenger regulere oss som ein kultur.
Same kor ulogisk ei handling er, dersom vi blir fortalt at det er greitt, eller dersom det blir framstilt på ein spesiell måte (slik som å få ein 10-åring til å ønskje å skifte sitt biologiske kjønn, og framstille det som ein ufråvikeleg ‘rett’), hoppar vi rett på planen til agendaen – typisk utan å tenkje oss so altfor mykje om. ‘2+2=5, 2+2=5’, igjen og igjen blir dette hamra inn i oss, og til slutt trur vi det, slik at det då berre må seinast éin gong.
Snart vil det bli ‘2+2=6’, og igjen vil dei fleste av oss lyde, og aldri tenkje oss om.»
