Tyrannen Trudeau vil fengsle PÅ LIVSTID alle som han trur kan utføre hatkriminalitet

Kanadiske Justin Trudeau si venstreekstreme regjering vil no fengsle folk før dei har utført eit hatbrotsverk. Dette er som henta frå 2002-filmen Minority Report med Tom Cruise, der politiet i Washington D.C. bruker den sokalla PreCrime, som kan oppdage og arrestere mordarar før dei faktisk tek livet av nokon. Planen er å lansere dette kontroversielle programmet i heile landet. Fram til ganske nyleg rekna vi dette konseptet som rein fiksjon. Men no ser det ut som om ein har tenkt å innføre dette i fullt alvor – iallfall i Canada, og det på noko sopass subjektivt som «hatkriminalitet». Denne urovekkjande nyheita rapporterer The Gateway Pundit.

Mi omsetjing:

«The Daily Telegraph rapporterer at den drakoniske retningslinja vil danne del av Trudeau-regimet sin ‘Online Harms Bill’ [«lovforslag for Internett-skadar»], laga for å slå ned kvar ein opposisjon til den anti-progressive agendaen.

Eit av tiltaka i lovforslaget kan gje dommarar makt til å plassere personar i husarrest og tvinge dei til å gå med eit elektronisk merke på seg dersom dei trur at den personen kan utføre hatbrotsverk i framtida.

Sjølv om lovforslaget jo inkluderer tiltak mot problem slik som barnepornografi, handlar mykje av ordlyden om å kjempe ned sokalla hattale.

Canada sin justisminister, Arif Virani, erklærte at lovverket kan spele ei ‘svært viktig’ rolle i å motverke kritikk av minoritetar.

‘[Dersom] ein genuint fryktar eskalering, kan ein person eller ei gruppe stå fram og søkje eit fredsband mot dei og hindre dei i å gjere visse ting,’ forklarte Virani.

‘Det vil hjelpe til med å av-radikalisere folk som lærer ting på Internett og bruker vald i den verkelege verda – stundom med dødeleg resultat.’

‘Det som verkeleg er kritisk er at det gjev ein dommar eit vedunderleg verktøysett av dommar,’ heldt han fram. ‘Dette er ikkje eit minimumskrav om livstidsdom, dette er berre eit større verktøysett, inkludert det som vil vere maksimumsdommen.’

Under tiltaka som blir føreslegne i Bill C-63 [«lovforslag C-63»], som fyrst vart avdekt førre månad, kan dei som blir funne skuldige i slike brotsverk òg stå overfor livstid i fengsel.

Lovverket involverer òg skapinga av ein Kommisjon for digital tryggleik [Digital Safety Commission], som har i oppgåve å handheve lovverket og sikre seg at nettplattformer følgjer alle reglane.

Den vil òg etablere rolla Digitaltryggleiks-ombodsperson [Digital Safety Ombudsperson], som er ansvarleg for å ‘fremje brukarinteresser, tilby støtte, og kome med tilrådingar til både sosialmedieplattformer og statlege organ’.

Førre månad uttrykte den kanadiske opposisjonsleiaren Pierre Poilievre sin opposisjon mot lovforslaget på det grunnlaget at det utgjer sensur.

‘Desse alvorlege handlingane burde bli kriminaliserte, etterforska av politiet, prøvd i retten og straffa med fengsel, ikkje skubba over til nytt byråkrati som ikkje gjer nokon ting for å hindre brotsverk, og som ikkje kjem med noka rettferd til offera,’ stod det å lese i meldinga.

‘[Vi] trur ikkje at staten burde forby meiningar som motseier den radikale ideologien til statsministeren,’ la han til.»

Kommenter innlegget