Kva skjedde eigentleg med prinsesse Kate?

Det nyaste biletet av prinsesse Kate og barna måtte trekkjast tilbake fordi ein fort fann ut at biletet var manipulert. Ettersom dette var fyrste livsteiknet frå Kate på aldri den tid, byrja spekulasjonane raskt å svirre. David Vance har følgjande å seie om den mystisk fråverande prinsessa (mi omsetjing):

«Vel, Mothering Sunday gjorde lite for å avfeie rykta som omgjev Prinsessa av Wales! Du hugsar sikkert at ho sist vart sett i desember, og so vart vi informert om at ho skulle på sjukehus for å opererast.

Prinsessa vart lagt inn på London-klinikken tysdag 16.januar, og dagen etterpå informerte ein at operasjonen hennar hadde funne stad. Palasset har ikkje gått ut med informasjon om tilstanden hennar, og spesifikt bede om at ønsket om at hennar personlege medisinske informasjon skal vere privat.

Og det var det. Ingen detaljar vart gjevne, ingen oppdateringar kom, ingen takkehelsingar til folk som vart bekymra. Derimot, medan rykte verserte, vart dette biletet offentleggjort førre veke.

Dersom vi zoomar inn byrjar spørsmål å dukke opp.

Ansiktet hennar ser pløsete ut, og det ser ut til å vere mørke ringar under auga. Enkelte har til og med antyda at det ikkje var prinsessa i det heile! So kongeleg PR gjekk i høggir og vi fekk dette biletet på morsdagen.

Føremålet med dette biletet, som visstnok vart teke av prins William, var å late folk sjå at prinsessa hadde gjenvunne helsa og var tilbake i famntaket til familien sin. Faktisk, i tilfelle du gjekk glipp av dei subtile poenga, tok Daily Mail seg bryet med å peike dei ut for deg! Det er slik dei vrir og vrengjer på ting.

Derimot, akkurat som det tidlegare pløsete biletet, framkallar dette òg spørsmål.

For det fyrste, går ho ikkje med gifteringen sin. For det andre, til å vere ei kvinne som visstnok har fått fjerna livmora, går ho med særs tronge dongeribukser. Er det noko slikt du ville ha forventa? So, dersom du ser på prins Louis (venstre), ser fingrane på høgrehanda hans underlege og unaturlege ut. Òg, dersom du ser på prinsesse Charlotte sin arm, ser den fråkopla ut?

Dersom dette er eit KI-bilete, er det photoshoppa? Dersom dei fotoredigerte armen hennar, kva anna har dei endra på?

Vel, so openbert var photoshoppinga at i går kveld kom nyheita om at dei fleste medieformidlarar trekte tilbake biletet sidan det var manipulert.

So no veit vi at Kensington Palace prøvde å villeie oss ved å publisere dette tvilsame biletet og det har bite dei i ræva. So langt har der ikkje kome nokon kommentarar. Det store spørsmålet er enkelt – kvifor manipulerte dei dette biletet? Kva er den eigentlege tilstanden til prinsessa av Wales? Sanninga er at vi ikkje kan vere sikre på kva som har skjedd med prinsessa, men når kongelege løgner blir avslørt lyt vi sanneleg lure på kor ho er, korleis det går med ho og kva som eigentleg skjer.»

Det mykje omtala biletet kan mellom anna sjåast i denne artikkelen frå MSNBC, opphavleg publisert av CNN. I følgje artikkelen skal Kate sjølv ha beklaga at ho redigerte biletet. Ein norskspråkleg artikkel om saka kan lesast på TV2 sine nettsider.

Kommenter innlegget