Dette er neppe gode nyheiter for dei med flyskrekk, og er stikk i strid med mantraet frå flyindustrien om at det er langt tryggare å fly med passasjerfly enn det er å køyre bil. For ei tid tilbake gjekk ein varslar i flyselskapet Boeing ut og sa at den kommersielle luftfartsindustrien blir bevisst sabotert av eliten. Om dette er sant eller ikkje, kan diskuterast. Faktum er at denne varslaren førre helg vart funnen død på ein parkeringsplass utanfor eit hotell, tilfeldigvis same dag som han skulle vitne i retten mot Boeing.
Nettstaden The People’s Voice rapporterer (mi omsetjing):
«Laurdag [9.mars 2024] oppdaga politiet i Charleston i delstaten Sør-Carolina liket til den tidlegare kvalitetskontrollsjefen i Boeing, John Barnett (62), i køyretøyet sitt. Han hadde visstnok døydd av eit sjølvpåført sår med eit skytevåpen.
Ifølgje reportasjane var Barnett i Charleston førre veke for å vitne om hans pågåande rettssak mot Boeing, der han skulda selskapet for å bevisst sabotere sine eigne fly og ‘forringe karakteren hans og leggje hindringar i karrieren hans’.
‘Han skulle spørjast vidare ut på laurdag. Då han ikkje møtte opp, vart hotellet hans kontakta,’ rapporterte BBC.
InfoWars.com rapporterer: ‘Han vart deretter funnen død i bilen sin på parkeringsplassen ved hotellet.’
I årevis hadde Barnett uttrykt bekymring for problema han observerte då han arbeidde ved Boeing sine fasilitetar i North Charleston, og åtvara BBC i 2019 at som eit resultat av hastig masseproduksjon, hadde selskapet sin 787 Dreamliner-flåte ei rekkje tryggleiksproblem, inkludert at enkelte fly hadde blitt upassande tilpassa i etterkant med ‘substandard’-delar som hadde blitt berga frå andre fly.
Barnett hadde i tillegg påkalla merksemd til problem med selskapet sine naudoksygen-system.
Dei mangelfulle systema innebar at dersom trykket fall raskt i kabinen under ei flyging, risikerte ein at so mykje som éin av fire oksygenmasker ikkje fungerte.
Barnett sa at han uttrykte bekymring til overordna utan resultat.
‘Ein 2017-gjennomgang av FAA [Den føderale luftfartsadministrasjonen; oms.an.] kom fram til same konklusjon som han, noko som påla Boeing å gjere noko,’ skriv Daily Mail.
Barnett hadde òg snakka ut om andre problem hjå Boeing, inkludert den påståtte fjerninga av inspeksjonsoperasjonar som han hevda førde til eit vell av eskalerande problem.
‘Vi er djupt leie oss for herr Barnetts bortgang, og tankane våre går til familien og vennene hans,’ sa Boeing i ei melding.
Skeptiske brukarar på sosiale media stilte spørsmål ved om herr Barnett kunne ha vore eit offer for konsernmord. […]
Døden til varslaren kjem i det Boeing sine fly har vore gjenstand for ei rekkje negative overskrifter dei siste månadene, inkludert minst fem hendingar førre veke som inkluderte at eit hjul fall av under avgang, eit fly som vart råka av svikt i landingsutstyret, og ein frykteleg motorbrann i lufta.
FAA har òg etterforska selskapet etter at ein dørplugg bles av eit Alaska Airlines Boeing 737 Max-fly under avgang i januar.
BBC rapporterer:
‘Førre veke sa FAA at ein seksvekers revisjon av selskapet hadde avdekt ‘fleire tilfelle der selskapet visstnok mislykkast i å følgje krav retta til kvalitetskontroll av flyproduksjon’.’»
