Sjå òg «Den sjokkerande sanninga bak nakenstuntet til John Cena under Oscar-utdelinga», publisert 13.mars 2024.
Det at den muskuløse fribrytaren og skodespelaren John Cena gjekk naken på scena under Oscar-utdelinga, har skapt furore i media. At det er nok ein avleiingsmanøver frå hovudstraumsmedia, er det vel ingen tvil om. Folk blir ved hjelp av brød og sirkus distraherte frå det faktum at verda er i ferd med å endre seg til det ugjenkjennelege. Fokus er retta på nakne herr Cena i staden for på ein mogleg verdskrig og ein sikker kollaps av det noverande finanssystemet.
No meiner enkelte at lakeien og leiketøyet Cena rett og slett var offer for eit audmjukingsritual frå sine eigarar i Illuminati. Adan Salazar på Alex Jones sin uhyre populære nettstad InfoWars kjem med sine tankar om nakenstuntet i ein artikkel publisert 11.mars. Saksyndig presenterer her ei omsetjing av den:
«Skodespelar John Cena stod overfor eit ‘audmjukingsritual’ under Oscar-utdelinga då han vart tvinga til å gå ut på scena med ingenting anna enn eit pappskilt, hevdar brukarar på sosiale media.
Den oppsiktsvekkjande hendinga tok alle på senga på prisseremonien sundag kveld [10.mars 2024], der den tidlegare WWE-fribrytaren trippa sidelengs bort til mikrofonen medan han heldt eit skilt som presenterte prisen for beste kostymedesign.»
X-brukar Eric Musau skriv: «Kva er eigentleg gale med John Cena, er dette normalt? Menn brukte å vere menn.»
Brukaren RAW EGG NATIONALIST skriv: «Dersom John Cena gjer dette offentleg, førestill dykk kva han gjer privat for å tilfredsstille herskarane av Hollywood.»
Adan Salazar skriv vidare:
«Stuntet vart straks stempla på nettet som eit ‘Illuminati-ritual’, der mange slo fast at Cena vart audmjuka med vile for å vise hans lojalitet som vassal til herskarklassen.
Cena gjekk seinare i ein kjole under presentasjonen.
Andrew Tate, guruen for mannleg myndiggjering som stadig er i hardt vêr, omtala hendinga då han sa at Cena utførte audmjukingsritualet for å ‘tilfredsstille sine homofile meistrar som betaler lønna hans’.
Andre brukarar på X (tidlegare Twitter) sa liknande ting, der mange peikte på at Cena tidlegare hadde blitt tvinga til å gå med skjørt og kle seg som ei kvinne.»
Liz Crokin skriv følgjande:
«Inga overrasking at John Cena går naken på scena på Oscar-utdelinga i beste sendetid, der barn høgst sannsynleg sit og ser på.
Dette er ikkje berre eit audmjukingsritual – dei Hollywood-pedofile, valdtektsmennene og pervoane koser seg verkeleg når dei ser dette. Eg er sikker på at Jimmy Kimmel gjer det òg!
Lat oss ikkje gløyme at Kimmel fekk Tom Hanks til å gjere eit innslag på programmet sitt der han seksualiserte småjenter då han kalla eit barn ein ‘sexy baby’ og fekk ho til å synge ‘Talk Dirty To Me’.
I tillegg hadde Kimmel eit anna innslag på programmet der det var eit FBI-identifisert pedofili-symbol og ein pizza. Pizza er pedofili-kode som har blitt bekrefta av FBI, dokument i Justisdepartementet og lokale lovhandhevingsbyrå.
Desse folka er sjuke!»
Var hendinga eit audmjukingsritual eller berre den sære humoren som visstnok finst i Hollywood? Éin ting er sikkert: der finst nok mange småkåte damer rundt omkring som heller fantaserer om John Cena akkurat no, enn å førebu seg på den komande kollapsen av det gjeldsbaserte finanssystemet!
