Valdgiftsdommar i kanadiske Ontario: Sjukepleiarar som fekk sparken for å nekte å ta covid-19-injeksjon vart USAKLEG oppsagt

Ni sjukepleiarar i den kanadiske provinsen Ontario som vart oppsagt fordi dei nekta å ta covid-19-«vaksinen» kan no få igjen jobbane sine, har valdgiftsdommar James Hayes bestemt. Dette rapporterer Natural News. Valdgift (engelsk arbitration) er ifølgje norsk Wikipedia ei form for privat rettargang der ein tvist blir løyst av ein valdgiftsrett i staden for ein vanleg domstol. Partane utnemner ein dommar (engelsk arbitrator), og ein valdgiftsdom kan som hovudregel ikkje ankast. Dette er ikkje å forveksle med eit konfliktråd, som meir er ei meklingsteneste og eit alternativ til tradisjonelle straffereaksjonar.

Ein slik valdgiftsdom har no altso skapt presedens i Canada. Som Natural News skriv (mi omsetjing):

«[Valdgiftsdommar] Hayes stilte seg på sjukepleiarane si side, som vart representert av fagforeininga Ontario Nurses’ Association (ONA), i dommen han bestemte 28.februar. Sjukepleiarane vart oppsagte av den kanadiske helseomsorgstilbydaren Quinte Health fordi dei takka nei til covid-19-vaksinen. Quinte Health styrer fire sjukehus i den kanadiske Ontario-provinsen, ifølgje LifeSiteNews.

‘Dei burde ha fått tilbod om ulønt permisjon og må difor få igjen stillingane sine som tilsette i Quinte om det er det dei ønskjer,’ skreiv han. ‘Sjukepleiarar som har tenkt å forbli uvaksinerte er i mindretal overalt. Men ein kan ikkje ignorere rettane deira som tilsette.’

Quinte Health påførde sine tilsette vaksinepåbod, og kravde at arbeidsstokken skulle ta to injeksjonar mot covid-19 frå og med september 2021. Tilsette fekk beskjed om å presentere bevis på fyrstedosen innan 1.oktober 2021, og bevis på den andre dosen innan 31.oktober 2021. Tilsette som ikkje gjekk med på dette fekk automatisk avslutta arbeidsforholdet.

Dette resulterte i at ni sjukepleiarar, som ONA representerte føre Hayes, vart oppsagt i 2022. ein tiande sjukepleiar fekk sparken i 2023 etter at ho kom tilbake frå foreldrepermisjon. […]

Advokat Howard Goldblatt, som representerte ONA, lovpriste dommen som ‘ei viktig avgjerd’. Han heldt fram: ‘Eg håper, i det omfang at vi kan få desse sjukepleiarane tilbake på arbeidsplassen, at dørene vil stå opne og at dei vil vende tilbake.’ Ifølgje Goldblatt skal ONA og tilsette i Quinte Health diskutere kompensasjon for dei oppsagte sjukepleiarane sine tapte arbeidsår.

Basert på tala til ONA sa Quinte opp rundt 600 sjukepleiarar for å ikkje lyde helseføretaket sitt covid-19-vaksinepåbod.

Quinte Health er pliktig til å følgje dommen til valdgiftsdommaren

Ifølgje ei melding sendt på e-post frå Quinte Health, vart vaksinepåbodet handheva ‘som eit viktig tiltak for å beskytte helsearbeidarar, hindre smitte, oppretthalde helseteneste-kapasiteten, fremje folkehelse og oppfylle vår etiske plikt i å prioritere pasienttryggleik og velvære’.

Quinte Health sin visepresident for folk og strategi, Susan Rowe, hevda at avgjerda om å sparke dei uvaksinerte sjukepleiarane var på grunn av rekrutteringsbekymringar. Trass dette innrømte ho at helseføretaket hadde 100 ledige stillingar rundt om på sjukehusa sine. Rowe nemnde òg at Quinte Health ikkje sendte sjukepleiarane ut i ulønt permisjon sidan selskapet ‘ikkje såg føre seg at det ville kome kort- eller langsiktig endring i vaksinekravet’.

‘Dersom vi ikkje gjekk til oppseiing, ville vi måtte ha halde stillingane opne og kunne berre fylle desse med mellombelse tilsetjingar,’ vitna ho føre Hayes. ‘Det ville ha vore utfordrande å rekruttere… og halde på personale med mellombelse roller.’

[Det Rowe prøver å seie, er at dersom sjukepleiarane hadde vore i ulønt permisjon, hadde ikkje stillingane deira kunne lysast ut som faste stillingar fordi dei framleis eigde stillingane. Då hadde dei berre kunne utlysast som vikariat, og dei aller fleste vil helst ha faste stillingar. «Løysinga» vart dermed oppseiing, slik at stillingane kunne lysast ut som faste stillingar; oms.komm.]

Trass vaksinepåbodet indikerte statistikk frå helseføretaket ‘at av dei 335 smitta tilsette mellom april 2021 og mars 2022, var berre 60 mellom april og desember 2021. Dei andre 275, og sannsynlegvis enkelte av dei 60, fann stad i ei fullvaksinert personalgruppe’.

Quinte Health erklærte likevel etter dommen at dei ‘respekterer avgjerda til valdgiftsdommaren og vil arbeide med våre ONA-partnarar når det gjeld vegen vidare’.

‘Vi håper at avgjerda vil føre til at fleire sjukehus går vekk frå sine vaksinepåbod,’ sa ein sjukepleiar til LifeSiteNews under vilkår om å få vere anonym. ‘Med tanke på mangelen på sjukepleiarar i Canada, vil det vere fabelaktig om fleire sjukepleiarar kunne kome tilbake på jobb.’

Ifølgje ei nyleg melding frå Health Canada, står landet overfor ein mangel på 90 000 legar, sjukepleiarar og anna frontlinjepersonell – noko som har resultert i ei ‘helsearbeidarkrise’. På grunn av dette har ventetida for å få helseomsorg i Canada auka til eit snitt på 27,7 veker, noko som får folk til å fortvile og gjere slutt på livet ved hjelp av eutanasi i staden for å vente på behandling.

For tida er vaksinepåbod for helsearbeidarar framleis gjeldande i mange jurisdiksjonar i Canada trass ein kritisk mangel på personale på mange sjukehus. Medan somme provins-regjeringar har fjerna påboda, krev fleire sjukehus framleis denne eksperimentelle vaksinen som eit vilkår for tilsetjing.

I tillegg har ei nyleg avdekt spørjeundersøking funne ut at eit betydeleg tal kanadiske helsearbeidarar, inkludert dei fleste sjukepleiarar, vegra seg for å ta dei eksperimentelle covid-19-sprøytene og gjorde det berre fordi det vart påbode i heile helsesektoren.»

I denne videoen kan du sjå Kristi Simmonds, ein sjukepleiar som vart alvorleg vaksineskadd av Moderna sin covid-19-injeksjon.

Kommenter innlegget