Det har i lengre tid blitt forsøkt av enkelte aktørar å normalisere kannibalisme. Ein artikkel i New Scientist skal ha leika seg med tanken om at kannibalisme i grunnen har færre etiske problemstillingar enn folk vil vedkjenne seg. Dei stiller direkte spørsmålet: dersom ein kropp kan bli donert til medisinsk forsking, eller få organa brukt i andre kroppar, kvifor kan ikkje ein kropp òg bli donert til å mate sveltande?
Tanken er naturlegvis avskyeleg og sjokkerande. Der finst psykologiske sperrar hjå dei aller fleste menneske mot å ete andre menneske. Vi veit instinktivt at menneske ikkje er dyr. Vi har til og med sperrar relatert til kva slags dyr vi kan ete. Det er heilt innanfor å ete gris, sau, storfe og kylling, men ikkje det vi kallar kjæledyr. Ingen nordmann ville i sine villaste fantasiar sitje og glefse i seg katt, hund eller kanarifugl. Kanin ligg i grenselandet, medan hare er fritt vilt – bokstavleg tala. Måsar er ein pest og ein plage, men dei er freda – og smaker neppe særleg godt.
Susan Duclos på nettstaden AllNewsPipeLine tek opp problemstillinga knytt til kannibalisme i ein artikkel publisert 13.mars 2024. Ho refererer til følgjande påstandar som oppstod i byrjinga av mars (mi omsetjing):
«Fleire brukarar på sosiale media publiserte ein video som blir påstått å vise pågåande kannibalisme i Haiti. Etter å ha følgt linkane for å sjå om videoen faktisk viser det som blir påstått, fann vi ut at kvar einaste video har blitt fjerna frå Twitter.
Det byrja med den verifiserte brukaren Dom Lucre, som skreiv ‘X fjerna videoen min av Haiti-kannibalismen og berre min video. Alle andre videoar på X er framleis der. Etter at presidenten av El Salvador svarte, vart posten min fjerna. Nokon på X ønskjer at eg skal tape. Eg merka det for lenge sidan, men eg nektar å slutte.’
Sidan det innlegget har ikkje mindre ann fire andre videoar som visstnok skal vise det same blitt fjerna, der enkelte hevdar at gjeldande video vart fjerna for to år sidan, men ingen som bekrefta den påstanden, eller påstanden om at kannibalismevideoen var ny.»
Duclos legg ved ein link til det som skal vere bevis på kannibalisme i Haiti. Den kan sjåast her. Videoen på 29 sekund viser ein mann forsyne seg av noko som ser ut som eit menneskebein som ligg på eit bål.
Påstandane på X blir styrkte av ein reportasje frå Daily Express der ein journalist ute i felten i Haiti var vitne til kannibalisme i gatene i hovudstaden Port-au-Prince i samband med dei nylege opptøyane, opptøyar som fekk statsminister Ariel Henry til å gå av på grunn av trugslar frå gjengane som har teke over staten.
Det kan dermed sjå ut som om folk faktisk et andre folk i Haiti, og at dette ikkje er eit nytt fenomen. Det skal òg nemnast at statsminister Henry ikkje vart demokratisk valt, men vart installert av den overnasjonale djupstaten med USA i spissen. Gjengane som har teke over øystaten bruker våpen laga i USA. Gjengleiaren, den tidlegare politibetjenten Jimmy Cherizier, har kallenamnet «Barbecue». Namnet skal han ha fått på grunn av tendensen sin til å brenne folk levande og ete dei.
Kannibalisme blir sett på som grunnleggjande feil i dei fleste siviliserte samfunn. Lovverket og den styrande moralen er laga for å beskytte menneske, for menneske skil seg vesentleg ut frå andre medlemmer av dyreriket. Mennesket er skapt i Guds bilete, medan dyr ikkje er det. Medan ein ukontroversielt kan snakke om at mennesket har ei sjel, er det tilsvarande ukontroversielt å hevde at dyr ikkje har sjel. Å drepe og ete eit anna menneske er to alvorlege brotsverk som øydelegg sjølve skaparverket.
Duclos skriv vidare:
«Ting har blitt so ustabile og farlege i Haiti at fleire land, inkludert USA, flyg medlemmer av ambassadane sine ut av landet.
Det som kanskje er dei mest bekymringsverdige rapportane kjem frå det amerikanske Forsvarsdepartementet sin assisterande forsvarsminister for innanlandsforsvar og ‘halvkule-affærar’ [hemispheric affairs på engelsk], Rebecca Zimmermann, når ho svarte på eit spørsmål frå representant Matt Gaetz relatert til moglegheita for ei massiv tilstrøyming av haitiske immigrantar inn i USA.
‘Kongressmann, vi gjer ei rekkje ting for å forsikre at vi held oversikt over situasjonen, og vi er førebudd – for tida har vi ikkje sett store tal av det vi kan karakterisere som maritim massemigrasjon,’ sa Rebecca Zimmermann […], som Gaetz svarte til at dei var klare over den moglegheita.
‘Vi er merksame på den moglegheita,’ heldt ho fram. ‘Eg trur du har rett i at dei drivande forholda i Haiti lett kan presse fleire menneske.’
Som vi har sett dei siste tre+ åra, medan vi har sett millionar av ulovlege innvandrarar krysse det som i praksis er vidopne amerikanske grenser, har det vore umogleg å sjekke eller etterforske eller i det heile teke kjenne den eigentlege identiteten til dei som veltar over grensa.
Dette får ein til å stille spørsmålet om vi vil finne medlemmer av «Barbecue» sine kannibalgjengar blant flyktningane?
Sjølv om ein ser vekk frå kannibalisme, verkar det ikkje som ein god idé å sleppe folk inn i USA som hakkar levande menneske i bitar med machete.»
At hordar av valdelege kannibalar skal rave rundt i amerikanske gater og slafse menneskekjøt, er ikkje berre ei scene henta frå ein apokalypsefilm. Dette kan bli eit realistisk scenario, folkens!
