Medan politiet i Canada i næraste framtid kjem til å få instruksar frå høgste hald om å arrestere folk før dei har utført «hatkriminalitet», ser det ut som dei for tida ikkje er nemneverdig interesserte i å oppklare verkelege brotsverk slik som til dømes biltjuveri. I den kanadiske storbyen Toronto er biltjuveri blitt eit so omfattande problem at det lokale politiet har gjeve opp. Som Paul Joseph Watson på nettstaden Modernity.news rapporterte 14.mars 2024, har politiet no gjeve innbyggjarane beskjed om å late tjuvar stele bilane deira ved å gje dei nøklane.
Som han sjølv skriv (mi omsetjing):
«Ja, verkeleg.
Styresmaktene seier bokstavleg tala til folk at for å stoppe kriminelle frå å gå til åtak på dei inne i heimane deira, burde dei berre leggje bilnøkkelen utanfor inngangsdøra.
Tenestekonstabel Marco Ricciardi i Toronot-politiet sa: ‘For å hindre risikoen for å bli angripen i heimen din, legg bilnøklane utanfor inngangsdøra fordi dei bryt seg inn i heimen din for å stele bilen din. Dei er ikkje ute etter noko anna.’
Og tru det eller ei, enkelte følgjer faktisk rådet.
‘[…] enkelte Toronto-innbyggjarar har beviseleg teke til seg rådet,’ rapporterer The Drive.
‘Slik som ein person som – etter å ha opplevd innbrot i køyretøyet sitt tre gonger – valde å late bilen stå ulåst (saman med ein stor, handskriven lapp som indikerte dette), slik at moglege tjuvar ikkje skulle knuse ruta endå ein gong.’
Brukarar på X uttrykte raseri over idiotien.
‘Slik ser eit uvæpna samfunn ut,’ kommentere ein av dei.»
Viva Frei kommenterte:
«Velkomen til @JustinTrudeau sitt Canada.
Der skytevåpen er ulovlege. Bortsett frå at kriminelle har dei, og du har dei ikkje.
Og politiet ber deg om å leggje nøklane dine utanfor utgangsdøra slik at væpna kriminelle kan stele bilen din og kanskje spare livet ditt.
Det har vore lenge sidan eg sa det, men FAEN TA DEG, Justin Trudeau!»
Watson skriv vidare:
«Det blir stole ein bil i Canada kvart sjette sekund.
Toronto har opplevd slik ein massiv epidemi av biltjuveri at folk må ta ekstraordinære grep for å beskytte seg, med tanke på at politiet verkar totalt uinteressert.
‘Ein Toronto-innbyggjar, Dennis Wilson, sa til The Times at han må leggje av 15 minutt til pendletida si for sine mange tryggleikstiltak, som inkluderer to bilalarmar, eit sporingsverktøy, fire Apple AirTags, rørslesensitive flomlys og ein bilnøkkel oppbevart i ein hackarsikker Faraday-pose,’ rapporterer blogTo.»
Ein liknande situasjon her i Noreg ser ein når det gjeld syklar. Det blir stole syklar heile tida, og politiet henlegg nær 100% av alle sykkeltjuverisaker. Sykkeleigarar blir oppfordra til å kjøpe dyre låsar som ein må ha skjerebrennar for å bryte opp. Ikkje det at dette hindrar sykkeltjuvar i å stele sykkelen din likevel, men slike låsar tek lengre tid og krev meir utstyr for å bryte opp – slik at sannsynet for at nokon oppdagar tjuveriet då statistisk sett skulle bli større. Alle sykkeltjuveria har no gjort det upraktisk og dyrt å eige sykkel, som liksom skal vere eit «grønt» alternativ til bil.
Politiet vel vekk reelle brotsverk og bruker heller arbeidstida på å plage lovlydige borgarar for å ha utført imaginære brotsverk. Folk skal ikkje lenger kunne stole på politiet, kan det verke som.

Jeg skrev om det. vi er på samme parti.
https://www.document.no/2024/03/16/canadisk-politi-om-biltyveri-legg-bilnoklene-utenfor-inngangsdoren-sa-unngar-du-brak/
LikarLikt av 1 person