Ein laurdag på Folk & Røvere

Klokka er presis tolv ein laurdag i midten av mars. Utestaden Folk & Røvere i koselege Skostredet er halvfull, men kjem nok til å bli smekkfullt innan klokka er slegen to. Ei søt, svarthåra ungjente står vakkert på utstilling bak disken i ei trong, svart skjorte med djup utringing og eit par lekre, himmelblå tights. Ho grip sensuelt eit glas og byrjar å tappe øl til ein eldre herre med langt hår og skjegg. Langs den solbada veggen sit ei gruppe menneske og drikk, drøser og ler. Ei blondine sit ved eit bord for seg sjølv og nippar til eit glas kvitvin. Ho har vakkert glitrande perleøyredobbar, eit sølvsmykke, ei svart skinnjakke og ein kvit sommarkjole.

Sola skin frå skyfri himmel. Dagen kunne ikkje ha vore meir perfekt.

Akkurat då kjem Arve luntande inn i lokalet. Han ser ut som han har kjempa i to verdskrigar og tapt begge. Hendene skjelv lett i det han tingar ein halvliter og ein skvett brunt brennevin. Han betaler, og hyler i seg det vesle glaset. Ølet skummar rundt kjeften hans i det han drikk iherdig. Han tingar ein runde til, før han tek drikkevarene med seg og set seg borte i den mørkaste kråa i lokalet.

Her skal han vere til dei hiv han ut. Å fare heim igjen kjem ikkje på tale, sjølv om Morfin-Mona har arbeidshelg og sannsynlegvis kjem til å avlive halve korttidsavdelinga. Då tilbringer han heller natta i fyllearresten.

Han har akkurat kvelva i seg halve halvliteren, då ei dame i 50-åra med langt, krøllete, Sjokade-brunt hår brått står framfor han. Auga hennar lyser av kjæte, leppene er forma i same trynet som ei dame har når ho syg kuken til ein mann. Ho er kledd i ei trong skinndrakt og utringinga hennar er faktisk endå djupare enn den til ungjenta bak disken. Fem sølvsmykke glitrar mot den raudlege huda.

«Hallaisen,» seier Arve. – «Kan eg hjelpe deg med noko?»

«Eg synest berre du ser so kjekk ut,» seier dama.

Arve ser på ho med eit skrått blikk. So flirer han:

«Då trur eg du skal sjekke synet ditt.»

Dama bryt ut i knisande latter so dei digre, struttande puppane sprett og dissar. So sit ho seg lett og leikent framfor han på ein av barkrakkane.

«Eg heiter Elvira,» seier ho og gjev han handa. Han handhelser noko motviljug. – «So… Har du eit namn?»

«Arve.»

«Arve. Det namnet elskar eg.» Ho leikar med det eine smykket sitt. Det har eit hjarteforma anheng. – «Eg elskar òg denne uteplassen. Det er so fint her når det er sol ute. Det er òg fint her når det regnar. Det er i grunnen fint der heile tida.»

«Javel, ja.» Han drikk ivrig frå ølen sin. Brennevinsglaset er for lengst tomt.

«Kan eg få spandere ein runde på deg?» Ho spør han nærast tiggande.

«Om du vil. Alkohol kostar jo det kvite ut or auget no.»

Elvira sprett leikent opp frå barstolen og smyg seg som ein lengtande slange gjennom lokalet. Snart dukkar ho opp med ein øl, eit glas brunt brennevin og eit glas raudvin. Arve tek det vesle glaset og hiv det i seg. Han hostar og kveser.

«Dæven, det var sterkt!» utbryt han.

«Ja, det er 21 år gammal whisky, nesten 60%,» seier Elvira. – «60… Det er vel alderen din, Arve?» Ho seier namnet hans med djup, nesten stønnande sensualitet.

«Nei, no må du gje deg. Eg er pensjonert med god margin. Eg nærmar meg 70.»

«Det skulle ein ikkje tru. Du ser so ung og kjekk ut.»

Arve ser lenge på ho med heva augnebryn. So flirer han igjen.

«Som sagt… Eg trur eg ville ha teke meg ein tur til optikar om eg var deg.» Han kastar eit blikk på sitt eige spegelbilete, på det pløsete, skjeggete, raudsprengde trynet.

«Du… Du har ikkje lyst å stikke ein stad og…» Ho bøyer seg nærare han. – «… ta ein kjapp ein? Eg er sprengkåt…!»

Arve ser på ho med store auge og ein perpleks grimase i fjeset.

«Høyr her, Elise…» byrjar han.

«Elvira,» seier ho.

«Høyr her, Elvira… Eg er ikkje interessert i å ha med prostituerte å gjere. Det har eg verken potens eller solvens til. Takk for drikken, men no må du nesten gå.»

«Hihi, eg er då ikkje prostituert. Eg er berre veldig, veldig kåt.» Ho fører ein finger lett og leikent nedover kinnet hans. – «Eg har kondom, faktisk fleire stykke.» Ho bøyer seg mot han og kviskrar han i øyret. – «Vi kan ta ein kjapp ein inne på dassen. Det er berre éi jente i baren, so vi kan lett snike oss inn dit.»

«Elvira, no må du gå!» Han nikkar sint mot utgangsdøra. – «Du skjemmer deg ut, du di gratispe. Du kunne nesten ha vore dottera mi.»

Elvira får eit sorgtungt uttrykk i ansiktet. So nikkar ho nesten på gråten, før ho tek med seg raudvinsglaset og tuslar ut av lokalet. Ikkje lenge etter kjem ho i snakk med nokon av mennene og kvinnene som sit ute ved vindauga.

Han travar bort til bardisken og tingar ein ny runde frå den søte ungjenta med dei store puppane. Deretter set han seg i sitt mørke hjørne med sine mørke tankar. Han kastar eit blikk mot Elvira utanfor, og held nesten på å setje ølen i vrangstupen. Der sit ho for syne meg og kliner med ei blondine med perleøyredobbar og eit vakkert sølvsmykke!

«Dæven, ho er jo på alt som kan krype og gå,» mumlar han for seg sjølv og ristar blåsande på hovudet.

Ikkje lenge etter listar Elvira og denne blondina seg hand i hand gjennom lokalet. Ungjenta står med ræva i vêret og held på å setje på plass vinflasker under disken. Elvira blinkar lurt til Arve, før ho og blondina forsvinn inn på eit av toaletta. Arve ser etter dei med store auge.

Heldigvis er musikken akkurat so høg at ingen høyrer kva dei to damene driv med inne på det knøttvesle toalettet. Han likar Folk & Røvere, men toaletta der er so små at det knapt går an for ein vaksen mann å setje seg ned og drite. Snart er både ølen og brennevinet fortært, berre dei tomme glasa står gapande igjen og håner han. Den småbrisne mannen luntar gjennom lokalet og bort til bardisken, der ungjenta framleis står på alle fire med ræva struttande mot han.

«Hallaisen, eg lyt få ein runde til,» seier han.

«Det same?» spør ho på sin søte Rogalands-dialekt.

«Jepp. Men ein litt mildare whisky. Den eg drakk nettopp er jo reine bensinen.»

Snart står drikkevarene framfor han. Han betaler frå sin so godt som utømmelege konto. Han reknar med at kontoen ikkje vil bli so full neste veke, for tysdag morgon klokka ni skal han møte i tingretten og få sin dom for villmannskøyring. Her gjeld det å nyte livet medan han kan. I dag er det no stress, for sola skin og «alle» er glade.

«Åh, Merete, no kjeeeem eg…!!» rautar brått Elvira frå toalettet. Både Arve og ungjenta snur seg med store auge mot døra.

«Sssshit, du er reine villdyret…!!» klynkar denne Merete.

Litt etter kjem Elvira og blondina ut av toalettet, Merete ser ut som ho har vore i himmelen. Ungjenta stirer biskt på dei med hendene kvilande på hoftene.

«Javel, ja?» spør ho. – «Og kva har de to gjort inne på toalettet?»

«Øh, vi lét oss rive med av det vakre vêret,» seier Elvira, som no er like kåt igjen.

«Slik åtferd sømmer seg ikkje på ein utestad,» seier ungjenta. – «Det kan kome ungar her og alt. Eg må be dykk forlate denne utestaden.»

«Shit, eg er verkeleg lei meg,» seier Merete.

«Ring meg,» seier Elvira i det den sprutraude blondina luskar ut i gata. So snur ho seg mot ungjenta og Arve. – «De må berre orsake meg. Eg har ein sjukdom som heiter nymfomani. Eg er kåt heile tida.»

«Det… var då synd,» seier ungjenta, før ho nikkar mot døra.

Elvira stryk ein finger nedover skuldra til Arve, før ho trippar ut i den solbada gata.

«Eit psykiatrisk tilfelle, utan tvil,» seier han. – «Ho er jo verre enn kona mi! Vel, Elvira driv i det minste ikkje og tek livet av pasientane sine.»

«Hmm, ho er sjukepleiar, altso?» spør ungjenta.

«Ja, ho jobbar på korttidsavdelinga på [x] sjukeheim.»

«Hmm, denne Merete brukte òg å jobbe som sjukepleiar der.»

Arve kastar eit langt blikk etter blondina, som no er på veg mot handlesenteret Xhibition.

«Den blondina der?» spør han.

«Ja. Ho heiter Merete. Ho går her om laurdagane. Men det er fyrste gong ho har hatt sex med eit anna kvinnfolk inne på toalettet.» Ho himlar med auga.

«Merete… Sjukepleiar… Dæven, det er jo Merete-Merete!»

«Kjenner du ho?»

«Visst faen!» Arve sprett opp frå barstolen. – «Og Mona kjenner ho iallfall! Fy faen, den fitta!»

Han spurtar ut av lokalet akkurat i det han ser Merete forsvinne inn på Xhibition. Med sinnet lysande i auga tek han gata i ti-elleve lange steg. Han formeleg bykser inn i handlesenteret. Der ser han Merete på veg opp rulletrappa. Det han har mest lyst til no, er å finne eit balltre og gjere kort prosess med denne vemmelege lesba. So er det nett som ei indre stemme kviskrar til han at dette nok ikkje er ein so veldig god idé. Det siste han treng i livet no, er ein dom for vald. Eller drap.

Nei, her lyt han tenkje ut noko langt listigare. Med eit skummelt flir ser han Merete pile inn på Kondomeriet. Han ventar tolmodig, og ser ho kome ut igjen med ein liten pose. Jaso, so den megga skal heim og kose seg meir? Ein kjapp ein på toalettet på Folk & Røvere var ikkje nok, nei?

Ho trippar med leikne, lette steg ned rulletrappa. Ho kastar han eit raskt blikk i det ho passerer han. Han følgjer etter ho som ein umerkeleg skugge ut i sola. Ho går ned til Torget og hoppar på 4-bussen til Flaktveit.

«So det er slik du ser ut, Merete,» flirer han, før han spaserer tilbake til Folk & Røvere igjen.

Han sit resten av dagen og legg planar, planar som blir meir og meir nifse og forskrudde etter kvart som ølet går inn og vitet går ut.

Kommenter innlegget