Om ein skal tru ein ny studie som blir omtala i ein nyleg artikkel frå ABC News, vurderer ein no pytonslangar som eit meir berekraftig kjøtalternativ. Dei skal visstnok ha ein kvalitet på kjøtet som liknar på kyllingfilet. Det er iallfall eit meir smakfullt alternativ til insekt, som Klaus Schwab og hans lakeiar i World Economic Forum vil at folk flest skal ete.
Som Julia Jacobo skriv i nemnde artikkel (mi omsetjing):
«Vitskapsfolk lærer stadig meir om kva slags kjøtkjelder som kan tene som eit meir berekraftig alternativ til storfe, svin og kylling.
Pytonkjøt kan tilby ei form for kjøt som er mindre karbonintensiv enn dei noverande alternativa, ifølgje forskarar som studerte gardar i Søraust-Asia for to artar av pyton – retikulert og burmesisk – i 12 månader.
Pytonslangar har ein ‘ekstrem biologi og evolusjonær svinging mot ekstrem ressurs- og energieffektivitet,’ sa Patrick Aust, konserveringsspesialist ved nonprofitten People for Wildlife og medforfattar av artikkelen, til ABC News. Sidan pytonslangar er eit ‘bakhaldsåtaksrovdyr’ som vel bytte som er opptil 100% av deira eiga vekt, kan dei overleve i særs lange periodar mellom måltid, sa Aust.
‘Desse dyra er ekstremt gode konverterarar av mat, og spesielt protein,’ sa han. ‘Bokstavleg tala er dei spesialistar på å lage mest mogleg ut av særs lite.’
Pytonslangane vart fôra ein gong i veka med protein frå lokale kjelder, slik som gnagarar fanga i naturen og fiskemjøl, og vart jamleg målte og vegne over ein 12-månadersperiode ifølgje artikkelen. Forfattarane fann ut at begge pytonartane voks raskt – opp til 46 gram per dag – der hokjønn såg høgare vekstratar enn hannkjønn.
Pytonslangar er òg i stand til å overleve ekstreme hendingar, sa Aust. Når forsyningskjeder blir forstyrra – slik ein såg under covid-19-pandemien – kan det få ‘katastrofal effekt’ på globale avlingssystem.
‘Under covid-19 var der eit stort tal kyllingar og grisar som måtte avlivast fordi der var små forstyrringar i forsyningskjedene,’ sa Aust. ‘Bøndene kunne ikkje eingong takle den forstyrringa.’
Pytonslangar viste seg derimot under studieperioden å overleve lengre periodar med forstyrringar, eller ekstreme vêrhendingar, utan å lide nokon uheldige effektar,’ sa Aust, og la til at dei ‘levde på nåden til årstidene’ i sørlege Vietnam og Kambodsja.
‘Dei kan plukke opp på slutten av dei periodane,’ sa han.
Andre dyr som blir avla fram for kjøtet tek mykje lenger å formeire seg enn pytonslangar, har forsking vist. På eitt år kan ei ku produsere i snitt 0,8 kalvar, fann ein studie publisert i PLOS Biology ut i 2021. Ein gris avla fram for svinekjøt kan produsere 22 til 27 grisungar på same tid ifølgje artikkelen.
Derimot kan ein ho-pytonslange produsere mellom 50 og 100 egg på eitt år, sa Aust.
Verda treng høgkvalitetsprotein med eit mykje mindre karbon-fotavtrykk – spesielt sidan effektane av klimaendring held fram med å bli verre, sa forskarane.
‘Vi er verkeleg i ferd med å gå tomme for ressursar, medan behovet for høgkvalitets-næringsstoff samstundes er på veg opp,’ sa Aust.
Reptil har historisk sett vore ein populær matrett i tropane, og pyton blir allereie eten over store delar av Søraust-Asia, sa Aust.
Trenden byrja truleg organisk, då bønder gjorde pyton til eit av husdyra sine, sa Aust. Pyton produserer to enorme stykke kvitt kjøt som liknar særs mykje på kyllingfilet, sa han.
Medan Aust og familien jamleg et pytonkjøt – ofte steikt slik at det ‘blir sprøtt og fint’ – la han til at det vil ta lang tid før den vestlege verda kulturelt tek til seg tanken på å ete slangar.
‘Dette kjem ikkje til å bli ei universalløysing for proteinbehovet vårt, men vil kanskje spele ei viktig rolle i framtida når det gjeld kva som er smaksmessig akseptabelt for den vestlege ganen,’ sa Aust.
Dyrevelferdsorganisasjonar har bede om reduksjon i behovet for produkt frå dyr som lid i intensive gardbrukssystem, og oppmuntrar til ein plantebasert diett i staden for. Kommersielt avl av villartar for menneskeleg forbruk er ei vesentleg bekymring utifrå eit konserveringsperspektiv, sa Karla Dumas, visepresident for husdyrbeskyttelse for Humane Society of the United States, til ABS News i ein e-post.
‘Vi frårådar å ikkje prioritere planteprotein som ei leiande løysing,’ sa Dumas. ‘Mesteparten av den noverande produksjonspraksisen av egg, kjøt og meieriprodukt rundt om på kloden skaper alvorleg dyreliding gjennom ekstrem innesperring og inhuman behandling, transport og slakt. Den massive skalaen og veksten av dyrelandbruk har gjort det til ein av dei førande drivarane for klimaendring, på lik linje med all transporten i verda kombinert. Det har andre betydelege negative miljømessige effektar, inkludert økologisk skade gjennom ikkje-berekraftig landbruk og vassureining.’
PETA viser til sitt veganar-startsett, ein gratis guide med råd og oppskrifter, til folk som er nysgjerrige på å byrje med ein meir berekraftig livsstil.
‘Pytonslangar kan føle smerte og frykt, og dei ønskjer ikkje å bli slakta meir enn kyr, grisar, kyllingar eller hundar gjer,’ sa Danielle Katz, PETA-seniordirektør for kampanjar, til ABC News i ei melding. ‘Ekspertar er einige om at vegansk kosthald er livsviktig for å stoppe klimakatastrofen, so det å leggje fleire dyreartar til dei milliardane som allereie lid og døyr for å bli mat kvart år, vil vere eit like stort feilsteg som det er vondskapsfullt.’»
