Kjelde på innsida av det britiske kongehuset: Kate Middleton vart MYRDA i Illuminati-blodofring!

Sjå òg «Kva skjedde eigentleg med prinsesse Kate?», publisert 13.mars 2024.

Prinsesse Diana si beste venninne har no gått ut og sagt at ho trur at prinsessa av Wales, Kate Middleton, som ikkje har vist seg i offentlegheita på lang tid, har blitt myrda som del av den britiske kongefamilien sine mørke okkulte tradisjonar. Dette skriv Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice.

Mi omsetjing:

«Det faktum at Kate kom til å bli teken av dage, har vore ei open hemmelegheit i det britiske aristokratiet i årevis, ifølgje Christine Fitzgerald, som hevdar at akkurat som venninna si prinsesse Diana, vart Middleton nøye utvalt til offerrolla på grunn av personlegdommen og slektsforholdet.

Medan folket i Storbritannia og rundt om i verda krev at kongefamilien kjem med bevis på at Kate lever, oppmodar kvinna som ein gong var Diana si beste venninne verda om å vakne opp til den mørke sanninga om Det luciferianske Windsor-huset. […]

Som Christine Fitzgerald forklarer, var personlegdommen og slektslinja til Middleton perfekt for rolla som kongeleg ritualoffer.

Ifølgje hjelparar på palasset var Kate alltid ivrig etter å spele rolla si ved å støtte eliteagendaen.

Det har no gått meir enn 80 dagar sidan Middleton sist vart sett offentleg. Sidan då har der blitt publisert det som skal vere tre bilete av prinsessa av Wales i hovudstraumsmedia.

Uheldigvis for kongefamilien viste alle desse tre bileta seg raskt å vere fotoredigerte forfalskingar.

Tenk på dette ein augneblink: Det fyrste falske biletet genererte overskrifter rundt om i verda. Kongefamilien forstod nivået av spekulasjon dette forårsaka. Under kva slags moglege omstende skulle dei svare på dette opptøyet ved å offentleggjere eit andre falskt bilete?

… og so eit tredje? […]»

Sjølv lojale journalistar i hovudstraumsmedia byrjar no å stille spørsmål ved kva som eigentleg skjer. Dmitry skriv vidare:

«Lat oss innrømme det. Kongefamilien har blitt trengt opp i eit hjørne og prøver desperat å dekkje over brotsverket. Ifølgje Fitzgerald forstår Kong Charles og resten av familien at dei ikkje kan gjenta det same stuntet dei gjorde med prinsesse Diana, som visste på førehand at livet hennar var i fare.

Tidene har endra seg sidan Dianas død og folket vaknar opp. Den kritiske trona kan ikkje overleve nok eit ritualoffer utført framfor pressa i gatene til ein av Europas største byar.

I staden måtte kongefamilien denne gongen dekkje over spora sine og låst som alt er i orden, og prinsessa av Wales har ikkje blitt rituelt slakta på linje med den eldgamle kongelege, okkulte tradisjonen.

Men snakket går blant folk. Lat oss setje saman bitane i puslespelet.

Ifølgje ein hjelpar på palasset vart Kate Middleton fyrst lagt i medisinsk ‘indusert koma’ tidlegare i år etter at ein rutineoperasjon i magen gjekk frykteleg gale.

Kven tok avgjerda om å leggje Middleton i koma? Direktivet kom ikkje frå Middleton sin eigen familie, men frå kongefamilien, ifølgje Concha Calleja, ein hoffreportar på fulltid med kontaktar i det kongelege hushaldet.

Kongefamilien har reagert med furore på desse påstandane, men Calleja held seg til sin versjon av hendingane, og seier at ho stoler på kjelda si.

Og ho er ikkje den einaste med informasjon frå innsida som støttar Christine Fitzgerald sine påstandar om at Middleton r død, og at kvar ei framtidig utgåve at prinsessa av Wales som vi ser offentleg, vil vere ein dobbeltgjengar tilsett for å hindre det britiske folket i å opne auga sine, rive dei kongelege ned frå sine elfenbeinstårn og halde dei ansvarlege for brotsverka sine.

Sjølv hovudstraumsmedia i Storbritannia er no med på den opne hemmelegheita om Middletons død.

Kven valde å setje eit bilete av prins William og hans sakna kone ved sida av ei overskrift om sakna lik? Dette er gjort med vilje. Det er ein underbevisst beskjed. Ei sake avsløring. Som vanleg gjer hovudstraumsmedia narr av folket på vegner av eliten.»

Kommenter innlegget