Etter mitt syn er det mange år sidan Netflix hadde bra seriar og filmar – dei har alle blitt fjerna i tur og orden etter kvart som avtalane Netflix hadde med selskapa som produserte filmane og seriane gjekk ut. Det som er igjen, er som regel Netflix sine eigne produksjonar, der kvaliteten er tvilsam og agendaen bak blir meir og meir openberr. Sjølv sa eg opp mitt abonnement for over eit år sidan etter lengre tids misnøye med kvaliteten på dei ymse produksjonane, og for ikkje å snakke om den særs mørke bodskapen som låg bak dei.
No har fleire andre brukarar av Netflix tydelegvis gjort det same, ifølgje ein artikkel publisert hjå medieformidlaren Breitbart 16.mars 2024. Nettstaden skriv (mi omsetjing):
«Enkelte Netflix-brukarar har truga med å ‘kansellere’ abonnementa sine på grunn av ein visstnok seksuelt eksplisitt serie om ei berømt pornostjerne.
Supersex, ein serie i sju delar som vart publisert 6.mars, fortel historia om Rocco Tano, ein mann frå Ortona i Italia, som vart den mest berømte pornostjerna i verda i 1986 under namnet Rocco Siffredi. Han spelte i meir enn 1500 pornofilmar og kan ha hatt sex med meir enn 5000 menneske. Via Daily Mail:
‘Dramaet har frå Netflix fått aldersgrensa 18 år og oppover – men det har ikkje stoppa fans frå å dele avskyen sin over det ‘upassande’ innhaldet som har blitt publisert av strøymegiganten.
Den dampande scena på nokre sekund vart lagt ut av Netflix på Instagram-sida deira 7.mars, før den på mystisk vis vart sletta.
Den korte videoen viser stjerna i programmet, den italienske skodespelaren Alessandro Borghi, som kliner med og jukkar mot fleire lettkledde damer.’
Klippet forsvann frå Netflix sin Instagram-konto etter nokre få timar, sjølv om det er uklart om plattforma sletta det på grunn av kritikk frå fansen. Likevel har fleire Netflix-brukarar uttrykt misnøye over serien og har truga med å seie opp abonnementa sine.
‘Har vi porno på Netflix òg no, altso? Er i skrivande stund i ferd med å seie opp kontoen, barna mine kan ikkje sjå dette,’ skreiv ein brukar.
‘Er ikkje dette upassande for ei plattform der barn følgjer dykk?!’ skreiv ein annan brukar.
‘Er vi no i ferd med å gjere porno hovudstraums? Det er temmeleg kvalmande at der ikkje er noka åtvaring om eksplisitt innhald som dette,’ skreiv ein annan. ‘Likevel blir kvinner som legg ut bilete der dei ammar flagga [merkt som upassande; oms.an.]. Dette burde vere ein separat kategori på Netflix dersom du ønskjer å leggje ut slikt som dette.’
‘Det er verkeleg trist at dette blir akseptert i moderne kultur. Hyper-seksualiseringa av samfunnet vårt og generasjonen vår er deprimerande og fornedrande mot verdiane til begge kjønn,’ sa ein annan.
Skaparen av serien, Francesca Manieri, sa til The Independent at intensjonen hennar var å ‘setje menn framfor seg sjølve’.
‘Dette er det vi kallar det fallosentriske systemet, systemet der kuken står i sentrum av tanken framfor alt anna,’ sa ho. ‘So kva kan du gjere akkurat no, i 2024, for å forstå forholdet mellom menn og kvinner? Og korleis kan menn setje seg sjølve framfor biletet av sin symbolske kuk og prøve å dekonstruere alt dette?’»
Ein trailer frå den italiensk-språklege serien Supersex kan sjåast her.
