16 år gammal tysk jente arrestert på skulen fordi ho støttar AfD – får uventa støtte frå Elon Musk

For tida ser politi og politikarar ut til å ha nervane på utsida av kroppen når det gjeld politiske ytringar dei sjølve er ueinige i – eller får ordre om å vere ueinige i om dei vil behalde jobb, lønn og rykte. All dissens skal slåast ned med makt og frykt, sjølv om ytringane kjem frå nokon som umogleg kan utgjere ein reell trugsel. Den 16 år gamle tyske skulejenta Loretta B. vart nyleg henta i klasserommet av politiet. Grunnen skal ha vore eit TikTok-innlegg der ho støtta partiet Alternative für Deutschland (AfD). No har ho fått uventa støtte av milliardæren og gründeren Elon Musk, som med rette lurer på kva alt styret handlar om. Dette rapporterer Remix News (mi omsetjing):

«I slutten av februar vart jenta henta ut av klassen framfor klassekameratane og avhøyrt av politiet, noko som fyrst vart rapportert av den tyske avisa Junge Freiheit.

I TikTok-innlegget spurde ho ‘Kva har Tyskland og smurfane til felles? Dei er begge blå.’ Posten viste til AfD, som har blå partifargar.

Ho hadde òg delt eit innlegg som slo fast at Tyskland ikkje berre var ein stad på kartet, men òg ein heim for ho.

Som respons på historia uttrykte Elon Musk i vantru: ‘Verkeleg, er det alt?’

I eit intervju med Junge Freiheit fortalde Loretta B. til avisa at då ho vart henta ut av klassen av politiet, ‘følte eg alle sine gjennomborande blikk på meg’.

Brandenburg-politiet spreidde deretter desinformasjon etter hendinga, der dei hevda at mora og dottera forstod politihandlingane, der dei sa: ‘Eleven viste forståing for polititiltaka og den førebyggjande tilnærminga bak dei, sidan det var det som var viktig for ho for å beskytte mot moglege fiendtlege handlingar som kunne oppstå frå aktivitetane deira på sosiale nettverk’.

Mora sa at dette var ei løgn, og at ‘eg vart fullstendig skrekkslegen. Der er ingenting kriminelt med videoen og likevel blir dottera mi behandla som ein kriminell’.

Rektoren på Richard-Wossidlo-Gymnasium i Ribnitz-Damgarten ringde fyrst til politiet på grunn av TikTok-innlegga til jenta. Politiet sa til Junge Freiheit at dei hadde utført ‘ein slags faresamtale’ med eleven. Mora, Annett B., sa at dottera vart gjort til mål på grunn av politiske motiv: ‘Det skulle statuerast eit døme av dottera mi!’

Mecklenburg-Vorpommern sin «Tryggleiks- og offentlege orden-lov» inkluderer ikkje provisjonane som utelukkar ytringar basert på risiko for offentleg forstyrring. Derimot blir det i Baden-Württemberg-lova til dømes brukt om ein trur at ‘ein person kjem til å forstyrre den offentlege tryggleiken innan ein rimeleg tidsperiode’.

Politioperasjonen skapte sinne i heile Tyskland. Minister for interne affærar i Mecklenburg-Vorpommern forsvarte nyleg betjentane sine. ‘Dersom nokon seier: ‘Eg kjenner grensene’, so er det best,’ la politikaren vekt på torsdag i delstatsparlamentet i Schwerin når det gjaldt 16 år gamle Loretta.»

2 comments

Kommenter innlegget