Ting er mildt sagt ikkje bra i Haiti for tida, der kriminelle gjengar har teke over styringa i den vesle staten på øya Hispaniola i Karibia. Dei skal ifølgje videoar og vitnesbyrd praktisere kannibalisme, der dei grillar og et menneske som dei fangar i gatene i hovudstaden Port-au-Prince. Ein truleg lettare sjokkert Ethan Huff i Natural News rapporterer at statsministeren i landet, Ariel Henry, no har gått av. Huff skriv (mi omsetjing):
«Etter fleire veker med ukontrollert kaos i hovudstaden Port-au-Prince, har statsministeren i Haiti Ariel Henry no gått av frå embetet sitt slik mange har kravd.
I ei melding avslørte Henry at han vil trekkje seg heilt so fort eit mellombels presidentråd er danna, og ein mellombels statsminister blir utpeikt.
‘Regjeringa som eg styrer kan ikkje halde seg kjenslelaus i denne situasjonen. Der finst inga ofring som er for stor for landet vårt,’ sa Henry. ‘Regjeringa eg styrer vil fjerne seg sjølv fullstendig etter installeringa av rådet.’
I tilfelle du ikkje fekk det med deg, so har gjengar drive og terrorisert Port-au-Prince i fleire veker, der somme har praktisert kannibalisme på offera sine. Eit av krava deira var at Henry skulle gå av, noko han no har gjort.
(Relatert: Visste du at nesten ingen i Haiti døydde av Wuhan-koronaviruset [covid-19] fordi nesten ingen der vart ‘vaksinerte’ mot det?)
USA skal gje 100 millionar dollar til Haiti
Berre nokre timar før Henry gjekk av, møttest karibiske leiarar og den amerikanske utanriksministeren Antony Blinken i Jamaica for å diskutere utviklinga av situasjonen i Port-au-Prince.
Henry er for tida i Puerto Rico der han visstnok ‘sit fast’ og er ute av stand til å reise heim igjen på grunn av væpna gjengåtak på Toussaint Louverture internasjonale flyplass.
‘Eg ønskjer å takke det haitiske folket for moglegheita eg har fått tildelt,’ sa Henry i sin avgangstale. ‘Eg ver alle haitiarar om å halde seg rolege og gjere alt dei kan for at fred og stabilitet skal kome tilbake so raskt som mogleg.’
For å hjelpe til å ‘sikre’ nasjonen seier USA at dei skal sende 100 fleire millionar dollar i skattepengar til Haiti, sjølv om den mektigaste gjengleiaren i nasjonen, ‘Barbecue’, seier han ikkje vil akseptere nokon amerikansk intervensjon.
‘I dag nyttar vi høvet til å fortelje det internasjonale samfunnet å gje Haiti ein sjanse,’ sa Barbecue. ‘På grunn av kva som skjer i Haiti no, må vi haitiarar bestemme kven som skal leie landet og kva slags regjeringsmodell vi vil ha.’
I skrivande stund er Haiti som nasjon sagt å vere kollapsa. Henry er ikkje lenger der, hamnene er offisielt stengde, og kannibalgjengar leia av Barbecue held fram med å vandre gatelangs i Port-au-Prince som i ein slags skrekkfilm.
Alt dette toppa seg berre nokre dagar etter at det amerikanske militæret utførde naudoperasjonar for å evakuere ikkje-essensielt personale frå den amerikanske ambassaden i Haiti. Amerikanske marinesoldatar vart òg sendte til ambassaden for å forbetre tryggleiken.
‘Dette er kva som kjem til å skje når finanskrisa omsider treffer, og der berre er nok pengeverdiar igjen til å betale regjeringssvina,’ åtvara ein lesar om kva USA, etter hans meining, må førebu seg på. ‘Gatene vil bli ‘barbecue’-territorium og dei med makta med avgrensa politi vil trekkje seg tilbake for å beskytte sine eigne.’
‘Dersom du ikkje kan mate politiet, vender dei seg mot politikarane,’ svarte ein annan. ‘Leigesoldatar jobbar berre for deg om du betaler og matar dei.’»
