Transgalskapen deler røter med ein 90-talskult som kastrerte seg for å stige opp til «neste nivå»

Den raske framveksten av transkjønnsideologi har ein enkelt kunne observere det siste tiåret. «Farsotta» handlar ikkje berre om å ønskje å uttrykkje seg sjølv gjennom transvestisme, men visse personar insisterer at dei òg skal bli behandla som det motsette kjønnet, der dei går gjennom kjemiske og kirurgiske endringar og krev at alle andre skal synast det er greitt. Enkelte går til og med so langt som sjølvmord dersom ikkje alle tek del i dette teateret.

Natural News skriv (mi omsetjing):

«Armando Simon, ein trespråkleg innfødd på Cuba og pensjonert psykolog, seier at denne emosjonelle utpressingstaktikken har blitt tilrådd av minst éin psykolog i Canada. I tillegg har fleire kjendisar skifta kjønn og blitt glorifisert i media. Slik som med kopibrotsverk og prominente sjølvmord, byrja andre å hevde den same statusen, og insisterte i tillegg på at dei var ‘offer’, som var ein høgstatus-kategori på den tida.

Derimot argumenterte Simon i artikkelen frå tenkjetanken American Mind under Claremont Institute, at alle desse har blitt påverka av kastrasjonskultar opp gjennom historia. På 90-talet, sa han, trudde Heaven’s Gate-kilten i USA at ‘kjernevesena’ deira kom til å stige opp til det neste nivået i ein komet etter at dei gjennomførde sjølvmord, der enkelte medlemmer fyrst valde å bli kastrerte eller kjønnslemlesta. I tillegg praktiserte Skoptsy i Russland kastrasjon og fjerning av brysta for å eliminerte sexlyst. Der fann òg stad kastrasjon i Aravan-kulten og i India; Tritiya Prakriti refererer både til sjølvkastrasjon og homofili. ‘Den novernade transrørsla er òg ein kastrasjonskult… Det som skil den noverande rørsla ut er at, medan kjønnslemlesting vart utført i dei nemnde kultane jamfør ein ekstern idé, har det å bli transperson blitt eit mål i seg sjølv,’ forklarte han.

Han sa òg at folk er lettlurte nok til å underkaste seg endringsprosessen på grunn av historia om massesjølvmord, der deltakarane vart overtyda om å drepe seg sjølve og dermed gjorde det viljug. Vidare var det enklare å rekruttere andre til å kaste seg på ‘vogna’ på grunn av idealisering av overgangen, minimering av lemlestinga, bruk av eufemismar, presentasjon av ein rollemodell og det å skape forvirring om sjølvidentiteten. ‘Psykisk sjuke og barn er spesielt sårbare og blir difor valde ut som mål,’ sa han og siterte deretter ein studie der tenåringar på ungdomsskulen som identifiserer seg som transpersonar, òg har støtte sannsyn enn sine normale jamaldringar å ha underliggjande mentalhelsetilstandar slik som depresjon, angst, ADHD og autisme; forsøkte/gjennomførde sjølvmord heldt fram sjølv etter at dei fekk behandling for å bli transpersonar.

Det som gjer ting verre er at dei fleste forkjemparar frå den ‘transhumanistiske’, venstreekstreme kulten er medisinske og psykologiske profesjonelle. Ein psykolog ved Boston Children’s Hospital erklærte offentleg at barn i livmora veit at dei er transpersonar, medan ein annan psykolog ved New York universitet Langone Health hevda at babyar til og med kan onanere i mors liv. […]

Under feiringa av Detransition Awareness Day [detransition er når ein transperson går tilbake til sitt opphavlege kjønn – om det er mogleg], påkalla presidenten for Catholic League for Religious and Civil Rights, Bill Donahue, merksemd rundt ‘den manglande effektiviteten’ av kjønnslemlesting og kastrasjon når det gjaldt den mentale og psykologiske velværa til den kjønnsforvirra i eit skriv publisert på nettsida til organisasjonen.

‘Tidevatnet er i ferd med å snu. Den sinnssjuke ideen om at biologi ikkje speler noka rolle – vi kan sjølvidentifisere kjønnet vårt – har nådd ein topp,’ sa han. ‘Biden-administrasjonen held sanneleg fram med å fremje transkjønnsideologi. Det er òg sant at amerikanske eliteinstitusjonar på åtferdsvitskapsfeltet og det medisinske samfunnet held fram med å feilinformere folket. Men den gode nyheita er at sjølv der revurderer mange ståstaden sin, olg kjem over til vår side. Vår side er den til vitskapen. Deira side er den til politikken. […]

Ifølgje han gjorde American College of Pediatricians nyleg ein gjennomgang av meir enn 60 studiar rundt temaet unge vaksne som har skifta kjønn. Dei oppdaga at ingen langsiktige studiar viste fordelar, ei heller evaluerte nokon studiar risikoar assosiert med dei medisinske og kirurgiske inngrepa som blir tilbydd desse unge vaksne. I tillegg ‘er der ingen langsiktig evidens for at mentalhelsebekymringar går ned eller blir letta etter ‘kjønnsbekreftande terapi’’. Dei konkluderte òg at der er sterk evidens for at barn og unge vaksne som identifiserer seg som transpersonar, har opplevd betydelege psykologiske traume som har ført til deira kjønnsdysfori. Difor ‘kan dei ikkje støtte den sosiale bekreftinga, den medisinske intervensjonen eller den kirurgiske lemlestinga av barn og unge vaksne som identifiserer seg som transpersonar eller ikkje vil tilhøyre noko kjønn.’

Donohue sa òg at ei gruppe av fem profesjonelle i Noreg i fjor undersøkte det som det medisinske samfunnet fremja, og irettesette dei for å ikkje følgje vitskapen. Kjønnsbekreftande behandling med hormon og kirurgi, sa dei, var ‘ikkje korrekt, har ugjenopprettelege og betydelege konsekvensar og har ein svak kunnskapsbase’.

I ein lengre artikkel publisert i februar i New York Times, fann ein og ut at folk som har gått tilbake til sitt opphavlege kjønn og medisinske profesjonelle som ikkje lenger støttar transkjønnsideologi, ofte blir stigmatiserte for å gjere det. Dei som har gått tilbake, eller vurderer det, fortener vår utbreidde støtte. Dei treng ikkje å bli marginaliserte av bøller som er for ideologisk korrupte eller grådige til å innsjå at transkjønnsideologi er eit monumentalt bedrag.»

Kommenter innlegget