Reiner Füllmich kjem med innsiktsfulle oppdateringar om rettssaka og arrestasjonen sin

Sjå òg «Den ulovlege kidnappinga og forfølginga av Reiner Füllmich», publisert 15.februar 2024.

Ein av nøkkelleiarane i «Nürnberg 2.0»-prosjektet har som mål å halde dei som står bak covid-19-«pandemien» 100% ansvarlege for sine brotsverk mot menneskeheita. Ein av dei er den tyske advokaten Reiner Füllmich, som seint i fjor vart arrestert av djupstaten på bakgrunn av falske og oppdikta påstandar om underslag. No har viktige oppdateringar kome om saka, som Ethan Huff pliktfullt rapporterer om for Natural News (mi omsetjing):

«Dr. Füllmich, som for tida sit i fengselet i Göttingen på bakgrunn av skuldingar om underslag, har so langt vore til stade fem dagar i retten. Borgarjournalist Daniela Goeken, som var til stade alle fem rettsdagane, rapporterer at dr. Füllmich sin arrestasjon var ein ‘konspirasjon, ei orkestrert og iscenesett handling av mange folk for å dømme han til inaktivitet’. Dr. Füllmich sine Koronakomité-kollegaer tok del i ei ‘jakt’ på han, og konspirerte med påtalesida for å utføre hans arrestasjon.

‘Dei vegra seg ikkje frå å lure han til ein stad, leggje feller for han, invitere han til arrangement berre for å få høvet til å gripe han,’ seier Goeken. ‘Fordi det visstnok ikkje var mogleg å arrestere den tiltala lovleg, sidan han var i eit ikkje-europeisk land og der var ikkje ustada nokon internasjonal arrestordre.

‘Korleis kan denne ‘jakta’ skje i eit sivilisert land som Tyskland? Kvifor får påtalesida, som faktisk er temmeleg normale borgarar, lov til å aktivt ta del i å hjelpe med å arrestere og fengsle personen dei har meldt?’ legg ho til, og skriv at dr. Füllmich ikkje er ein kriminell, og at dette er ei sivil sak – so kvifor denne jakta? […]

Når det gjeld sjølve saka, er ‘brotsverket’ dr. Füllmich er skulda for å ha gjort, lett å gjere godt. Han seier han kan betale tilbake kva enn han lånte frå kontoen til Koronakomiteen so fort eigedommen hans har blitt selt.

Det vart òg avslørt at den kriminelle tiltalen som vart registrert mot dr. Füllmich, vart signert 2.september 2022, før nokon slags påståtte ‘brotsverk’ hadde funne stad. Korleis kan dette skje? Og viktigast av alt, har denne typen ting nokosinne skjedd før?

Då huset til dr. Füllmich vart selt, fekk han ikkje eingong lov til å betale tilbake det han hadde lånt fordi påtalesida på ein eller annan måte fekk pengane ‘overført til ein av sine eigne kontoar’, forklarer Goeken.

‘Førestill dykk det ein augneblink, folk melder inn ei klage om lovbrot ‘som eit føre-var-tiltak’, for so å sikre seg at den tiltala ikkje har noko anna val enn å faktisk utføre ‘brotsverket’, la ho til. ‘Handlar dette eigentleg om pengar, eller ligg det noko heilt anna bak?’

Ein av dei som melde han, Vivane Fischer, gav eit forvirrande vitnesbyrd i nesten to heile dagar av rettssaka, og antyda at dr. Füllmich stal pengane, men var ute av stand til å betale dei tilbake fordi inntekta frå salet av huset vart stolen av Fischer og dei andre meldarane.

På den fjerde og femte dagen av rettssaka kom Fischer med ville påstandar mot dr. Füllmich som gjaldt kva han gjorde med pengane, og lykkast ikkje å riktig forklare seg at dei fyrst vart tekne for å beskytte dei frå å bli konfiskerte av staten. I prosessen fekk Fischer seg sjølv til å framstå i eit dårleg lys etter at ein chat-korrespondanse vart vist på skjermen der dr. Füllmich spurde Fischer om hennar del av pengane, som ho innrømte var ‘allereie borte’.

‘Det ser nesten ut som du har brukt opp desse pengane?’ spurde dommaren deretter Fischer, som ho svarte på med ymse orsakingar.

‘Vi står overfor eit mysterium,’ forklarte Goeken om korleis saka mot dr. Füllmich byrja å falle frå kvarandre rundt dette punktet i prosederinga. ‘Men det vi kan sjå er at det er ein konspirasjon. Det er ei iscenesett handling av mange folk som til sjuande og sist har ført til at den mest aktive medlemmen av eit lite samfunn av sanningssøkjarar… no blir dømt til absolutt inaktivitet og blir fullstendig makteslaus i eit høgtryggleiksfengsel der han blir behandla som ein alvorleg kriminell.’

Goeken si fulle oppdatering er tilgjengeleg på Truth Summit («sanningstoppen»).»

Kommenter innlegget