Medlemmer av covid-kartellet fører systematisk folket bak lyset

Sjå òg «Biolog åtvarar at WHO planlegg å ta kontroll over nasjonane for den neste pandemien – og bekreftar at covid-‘vaksinane’ har drepe 17 MILLIONAR», publisert 9.januar 2024.

Måndag 26.februar 2024 heldt senator Ron Johnson eit rundbordsmøte (engelsk roundtable meeting) med tittelen Federal Health Agencies and the COVID Cartel: What Are They Hiding?, «føderale helsebyrå og covid-kartellet: kva skjuler dei?». Der kom evolusjonsbiologen dr. Bret Weinstein, som òg er tilknytt Brownstone Institute, med eit vitnesbyrd. Han sa følgjande, her gjengjeve via Natural News og omsett av Saksyndig:

«‘Eg trur vi må zoome ut dersom vi skal forstå mønsteret som vi er samla for å utforske, fordi mønsteret er større enn dei føderale helsebyråa og covid-kartellet. Dersom vi zoomar ut og spør ‘kva skjuler dei?’, blir svaret like openbert som det er urovekkjande: Dei skjuler alt,’ sa han på byrjinga av vitnesbyrdet sitt. Ifølgje han var det skjerande for han som vitskapsmann å snakke med slik ei visse fordi dei er trena til å presentere idear med varsemd, som hypotesar som treng å testast. Derimot sa han at han er temmeleg sikker, og han har testa ideen om at ‘vi blir systematisk blinda av ‘helsestyresmaktene’’.

Han støtta skuldinga si med ei forklaring. ‘Mønsteret er eit enkelt eit. Du kan teste det sjølv: Kvar einaste institusjon vigt til offentleg sanningssøking er under åtak samstundes. Dei er alle i ein tilstand av snarleg kollaps. Kvar einaste gruppe med ekspertar mislykkast fullstendig. Individuelle ekspertar som gjer motstand eller verre, som prøver å føre institusjonane sine tilbake til fornuft, blir tvinga til underkasting,’ forklarte han. Han argumenterte at dei blir marginaliserte eller tvinga ut om dei ikkje legg seg i taumane.

‘Vi er forlatne i eit toskeparadis,’ heldt han fram. ‘Forskingsuniversiteta våre bruker enorme summar av offentlege midlar for å kome til førehandsbestemte konklusjonar. Professorar held berre førelesingar om det som samsvarer med visdom som studentane har plukka opp på TikTok – sjølv når desse førelesingane seier imot dei grunnleggjande prinsippa i disiplinen deira. Ein gong so stolte aviser som New York Times og Washington Post rapporterer berre viktige historier etter at dei har blitt allmenn kunnskap. Gravferdsagentar må no slå alarm over mønstera som medisinske etterforskarar ikkje får med seg.’

Han la òg til at Centers for Disease Control and Prevention (CDC) har blitt ein utmerka guide for å beskytte helsa dykkar, men berre for dei som innser at du må gjere det motsette av kva enn CDC tilrår. Til slutt la han vekt på korleis Department of Homeland Security prøvde å opprette eit sanningsministerium og erklærte sannferdig kritikk av staten som ei form for terrorisme.

‘Men eg kan seie dykk det at vi blir systematisk nekta verktøya til Opplysningstida og dei rettane som er garanterte i grunnlova vår. Vi, dei som framleis er lojale mot verdiane til Vesten, må kjempe dette slaget med stort mot. Vi må vinne, for dersom vi ikkje snur trenden, vil resultatet vere ein mørk tidsalder som skil seg ut frå tidlegare mørke aldrar berre når det gjeld makt og den sofistikerte naturen til tvangsinstrumenta til dei som skal herske over oss,’ avslutta han talen sin med. […]

Under forumet snakka Johnson og andre om rapportar om problem med Vaccine Adverse Event Reporting System (VAERS), ein database som blir halden ved like av to byrå, CDC og Food and Drug Administration (FDA).

Johnson fekk ein e-post frå ein nyleg gift mann som fann ut at hans 36-årige kone ikkje kunne få barn etter at ho fekk sin andre covid-19-sprøyte. Han las korrespondanse høgt under nemnde forum. ‘Ho valde ein karriere, vart biten av baby/familie-basillen og no kan ho ikkje få barn,’ sa ektemannen. ‘Ho grin heile tida. Ho ber om orsaking til meg som om det er hennar feil. Nokon må få dei til å betale. Og vi treng tryggingsmekanismar slik at dette ikkje skjer igjen.’

I ei melding tilbake i februar til Daily Signal argumenterte ein FDA-talsperson for at VAERS-systemet inneheld rådata og i seg sjølv ikkje er konklusivt. ‘VAERS-heimesida er open når det gjeld avgrensingane til systemet,’ sa FDA-talspersonen. ‘Når kvar ein medlem av folket går inn på nettsida, må brukaren deretter anerkjenne lesing og forståing av spesifikk informasjon som inkluderer, blant andre viktige detaljar, ‘VAERS-data tilgjengelege for offentlegheita inkluderer berre dei fyrste rapportdataa til VAERS. Oppdaterte data som inneheld data frå medisinske register og korreksjonsrapportar under oppfølging blir brukt av staten for analyse. Derimot, av talrike grunnar inkludert datakonsistens, er ikkje desse tilleggsdataa tilgjengelege for offentlegheita.’ […]

Johnson argumenterte at eliteinstitusjonane skadde truverdet sitt under pandemien. ‘Eg meiner den veksande korrupsjonen til vitskapen, vitskapleg forsking, medisinske tidsskrift, føderale helsebyrå og, som eit resultat, praksisen av medisin, har blitt eksponert i den mislykka responsen på pandemien,’ sa Johnson. ‘For å reparere skaden som har skjedd, må vi ærleg og nådelaus jakte på sanninga.’»

Weinstein sitt vitnesbyrd kan sjåast i denne videoen.

Kommenter innlegget