Polsk kvinneleg gynekolog hevdar at eit foster er ein «parasitt»

Dette høyrest ut som noko den berykta dr. House kunne ha lira av seg, men har blitt offentleg ytra av ei dame som ikkje berre er lege, men gynekolog. Dette fann stad under ein debatt på ein populær internett-TV-kanal om temaet abort. ReMix News rapporterer (mi omsetjing):

«Under ein debatt om abort organisert av nettkanalen Zero, samanlikna dr. Anna Orawiec, ein gynekolog, graviditet med ei form for parasittisme som kvinner bevisst vel å ta del i.

‘Frå eit biologisk synspunkt er parasittisme ein situasjon der ein organisme tek frå ein annan og gjev ingenting tilbake. Graviditet er slik ein situasjon på ein måte, fordi fosteret nærer ikkje kvinna på nokon måte, so det er altso ein parasitt. Men dei fleste kvinner vel derimot å ta del i denne parasittismen og er glade for den parasitten som er inni dei,’ sa Orawiec.

Orawiec forklarte òg at ho er forkjempar for legalisering av abort heilt opp til 12.veka i graviditeten.

‘Eg meiner det er kvinna som bestemmer om ho ønskjer å vere gravid eller avslutte graviditeten. Dersom ein pasient vel å ta abort innan 12.veke, er det ein prosedyre som er trygg nok, tryggare enn å trekkje ei visdomstann. So her, om vi held fram graviditeten eller ikkje, burde avhenge av personen som er gravid,’ sa gynekologen.

Dei sjokkerande orda som kom frå ein lege under debatten når det gjeld retten til abort, vart dekt i breitt omfang på sosiale media.

‘Barnet er ein parasitt. Kvinna samtykkjer å bere parasitten inni seg og er glad for å føde parasitten. Korleis kan ein lege kalle eit barn ein parasitt?’ spør ein brukar på X.

‘Det er trist, men slike menneske burde kome med slike ytringar oftare, fordi dei latterleggjer venstresida sitt syn på abort. Dei tek dei til slikt eit ekstremt nivå,’ sa ein annan.

‘Eg kan ikkje finne ord i språket til siviliserte menneske for å kommentere desse avskyelege orda,’ sa ein annan brukar medan ein annan rett og slett skreiv: ‘Barbariske synspunkt.’

Debatten om liberalisering av abort vart tent på nytt i Polen i november i fjor då Venstre la fram to lovforslag, der det eine delvis avkriminaliserer abort og hjelp til prosedyren, og det andre som tillèt avslutting av graviditeten fram til 12.veke.

I slutten av januar i år vart eit utkast sendt inn av ei gruppe parlamentsmedlemmer frå Donald Tusk sin Borgarkoalisjon til parlamentet, som tillèt abort på førespurnad fram til 12.veke av graviditeten. Eit anna utkast, av Tredjevegsalliansen, reverserer grunnlovsrettsdommen av 2020 på abortreguleringar, og fører tilbake abort på grunn av skade på fosteret. Tredjevegs-politikarar vil òg ha ei folkeavstemming om abort. Szymon Hołownia i det polske parlamentet, har bestemt at alle utkast om abort skal diskuterast i Sejm [underhuset i den polske nasjonalforsamlinga] 11.april etter dei lokale vala. Dette skapte reaksjonar i den styrande koalisjonen, sidan Venstre og Tusk sitt parti ønskte temaet debattert so snart som mogleg.

Abortreguleringane som har vore i kraft i Polen sidan 1993 vart endra etter grunnlovsretten sin dom i oktober 2020. Tidlegare tillét Lov og familieplanlegging, kjent som abort-kompromisset, abort òg i tilfelle av alvorleg og irreversibel hemming av fosteret eller ein ulækjeleg tilstand som trugar livet til barnet. Grunnlovstribunalen fann ut at denne grunnen for å avslutte graviditeten var grunnlovsstridig, sidan den ikkje møtte standardane for å beskytte liv.

Dommen førde til masseprotestar i 2020, der temaet skadde dei styrande konservative (PiS) i 2023-valet.»

Kommenter innlegget