Har Kate Middleton blitt ofra og erstatta med ein dobbeltgjengar?

Sjå òg «Kjelde på innsida av det britiske kongehuset: Kate Middleton vart MYRDA i Illuminati-blodofring!», publisert 18.mars 2024.

Det verserer stadig villare rykte om Kate Middleton og hennar mystiske og langvarige fråvær frå offenlegheita. Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice kjem i denne artikkelen, som Saksyndig her presenterer eit omsett utdrag frå, med sine teoriar om kva som kan ha skjedd med prinsesse Kate. Han skriv at ho har blitt myrda og erstatta med ein dobbeltgjengar som opptrer i offentlege samanhengar, dette ifølgje bestevenninna til prinsesse Diana og minst to hjelparar på palasset.

Dmitry skriv:

«Ifølgje Christine Fitzgerald, Diana si bestevenninne dei siste åra av hennar liv, kjem ikkje det britiske folket til å akseptere ein ny prinsesse Diana-situasjon, som vil innebere at kongefamilien slepp unna med mord for andre gong på nokre få tiår.

I staden skal dobbeltgjengarar bli brukte for å dekkje over brotsverket og halde publikum i mørket om eliten sin luciferianske religion og deira blodofringar for Dyret.

Men der er berre eitt problem med den diabolske planen til dei kongelege. Dei har blitt so arrogante og uvørdne at dei har etterlate fingeravtrykka sine over heile åstaden. […]

23.februar vart der observert to svarte hestar med ein ‘fanga’ kvit hest og eit svart flagg utanfor Buckingham Palace.

Dei to siste gongene dei kongelege iscenesette denne djupt symbolske seremonien overfor verda, var før Fyrste verdskrig i 1912, og deretter dagen før Dronning Elizabeth II døydde i 2022.

Ekspertar på det okkulte åtvara oss om at eliten akkurat hadde signalisert at verda hadde gått inn i ein fase med eld og menneskeofring. Openbert ignorerte dei aller fleste denne eldgamle visdommen – men kanskje burde dei ha høyrt etter.

Straks etter dette sjeldne synet av den fanga kvite hesten, døydde Jacob Rothschild, den kongelege Thomas Kingston døydde, og no, ifølgje dei som er nærast ho, har Kate Middleton, prinsessa av Wales, blitt myrda i ei høgprofilert Illuminati-blodofring.

Medan dei nøyaktige datoane for okkulte ritual varierer kvart år på grunn av månefasar og andre variablar, er det ikkje noka nyheit at kongefamilien utfører menneskeofringar det fyrste kvartalet av året.

Gjennom hundreåra har tallause offer inkludert barn blitt myrda i kaldt blod av dei nådelause kongelege. Desse hendingane vart ofte feira gjennom dyrking av Baal eller Moloch, guddommen som Hillary Clinton innrømte at ho dyrka i sine e-postar som vart offentleggjorde av WikiLeaks i 2016.

Ingen bruker namnet Moloch ut av det blå i ein samtale. Dei aller fleste veit ikkje eingong kven Moloch er. Derimot har Bohemian Grove utført blodofringar til Moloch, den eldgamle guden for menneskeofring, sidan 1800-talet – det skal ha blitt ofra brent menneskekjøt ifølgje mange reportasjar.

Om dei samlar seg blant redwood-tre i California eller i palass i Storbritannia, er den globale eliten den same over heile verda; dei praktiserer den same luciferianske religionen, og dei deler dei same syndene – pedofili og mord. […]

Den eldgamle blodofringspraksisen eksisterer den dag i dag. Derimot, i denne massemedia sin tidsalder, tek den okkulte eliten del i mega-ritual som er laga for å bli sett av heile verda. Kvifor? For å oppnå auka magisk kraft.

Det blir kalla Avsløring av metoden [Revelation of the Method på engelsk], eit underbevisst psykologisk krigføringsverktøy som tener som ein listig og okkult måte å auke kreftene til elitane som herskar over oss, og samstundes gjere folket makteslause.

Men uheldigvis for huset Windsor, dumma dei seg ut kraftig denne gongen. […] Dei kongelege har til no delt totalt fire forfalska fotografi i hovudstraumsmedia som hevdar å vise Kate Middleton som opptrer normalt i offentlegheita. […]

Du kjenner utan tvil til dei to fyrste forfalska bileta, som gjekk viralt på den tida det var openbert at dei ikkje var ekte. Sjølv hovudstraumsmedia måtte innrømme at det som alle med to auge kunne sjå var korrekt.

Det tredje biletet som viste Kate Middleton i ein bil, vart òg avfeia med éin gong. Der er ikkje ein sjanse i havet at dette er same dama. For det fyrste er den nye Kate minst ti år yngre, utan ei bekymring i verda – ulikt den ekte Kate som ser ut til å ha forstått skjebnen sin, akkurat som Diana.

Den fjerde versjonen viste Kate saman med William på ein gard, og var meint å ‘gjere slutt på nettrykte’, ifølgje hovudstraumsmedia. Der var berre eitt problem. Fotografiet vart raskt avvist som nok ei forfalsking.

Bileta av ei glad og frisk Kate i ein raud blazer vart faktisk tekne i september i fjor.

Kongefamilien har blitt trengt opp i eit hjørne og prøver desperat å dekkje over brotsverket.

Men det blir endå verre.

I eit forsøk på å gå vidare frå alt fotografistyret, offentleggjorde kongefamilien ein særs uklar video av William og Kate som gjekk ved sida av kvarandre, og som visstnok gjorde sine daglegdagse ting særs glade og bekymringsfri.

‘Ingenting å sjå her, folkens, prinsessa av Wales lever i beste velgåande!’ var tydeleg bodskapen som kongefamilien sendte til verda.

Men dei vart tekne på fersken igjen. Og denne gongen er bedrageriet fatalt.

Etterforskarar brukte KI for å ‘gjere klart’ det bevisst uklare ansiktet til prinsessa av Wales – og, mine damer og herrar, lat meg introdusere Kate Middleton Dobbeltgjengar nummer 1.

På dette punktet kan vi fullstendig avskrive alt kongefamilien har å seie om Kate Middleton i all framtid.

Ifølgje onkelen til Kate, Gary Goldsmith, som høyrest ut som han tjuknar i halsen når han snakkar om ho, er noko ròte i kongefamilien og han får ikkje lov til å snakke om det.

Onkel Gary seier at Kate vil vende tilbake, sjølv om tonen hans ikkje kunne ha vore mindre overtydande.

Kor mykje veit Gary? Tydelegvis nok til å forstå at han ikkje kan snakke fritt og utan frykt.»

Kommenter innlegget