Problemet med nettroll: Kor går grensa mellom ytringsfridom og mobbing?

Vi her i Saksyndig-redaksjonen opplever for tida stadig krassare og vondsinna åtak på enkeltpersonar på ymse Facebook-sider. Dette ser vi på som reine mobbesidene, der individ blir utvalt, uthengt og utskjemt fordi dei har meiningar som fleirtalet ikkje har. Slik uthenging tek vi naturlegvis avstand frå, sidan nemnde grupper ikkje opnar opp for at dei råka personane får moglegheit til forsvar og tilsvar. Vi ser på slike grupper som eit ormebol av nettroll som ikkje ser ut til å ha betre ting å bruke tida si på.

Dette fører etter vårt syn over til eit viktig skilje i den offentlege diskursen: Kor går grensa mellom ytringsfridom og mobbing?

Vi har registrert at enkelte nettroll er meir aktive og meir berykta enn andre. Kven kan vel ikkje ha unngått å sjå til dømes Øyvind Bergh utfalde seg på Facebook – til og med i arbeidstida når han eigentleg burde ha drive med oppgåver på Havforskingsinstituttet. Avdøde Kurt Oddekalv, som ein medarbeidar her i redaksjonen hadde som nær venn, fekk eit ublidt møte med Bergh og ein kopp kaffi då Oddekalv kalla han eit nettroll.

Av omsyn til ryktet til Bergh vil vi her understreke at vi ikkje har som intensjon å hengje han ut. Vi vil berre påpeike at åtferda hans ikkje akkurat er kroneksempelet på folkeskikk og danning. Mannen burde ta eit oppgjer med handlingane sine og kanskje vurdere ein litt mentalt sunnare hobby. I det minste burde han ikkje drive med nettmobbing i arbeidstida.

Eit anna nettroll er Lasse Josephsen, som Kjetil Tveit 23.mars 2024 publiserte eit innlegg på Facebook om. Mannen som ein gong var eit «høyreradikalisert nettroll», blir i dag brukt som ekspert på ekstremistiske miljø. Kan ein då kalle han erfaringskonsulent? Akkurat som ein hackar blir leigd av politiet for å avsløre datakriminalitet?

Tveit skriv:

«Den 14.mars fikk Josephsen lov å meske seg på det groveste i Medier24 i en artikkel han hadde titulert ‘Charter-Sveins grumsete univers’ i en uorganisert suppe av et personangrep mot Svein Østvik.

Psykologspesialist Silje Schevig, journalist Julia Schreiner Benito og TV-personlighet Svein Østvik påpekte i et tilsvar i går at han ikke har sluttet å trolle, med dette relativt ferske eksempelet der han nærmest spyttet på fredsforskeren Johan Galtungs grav:

‘På Josephsens Facebook-profil kunne vi nylig lese hans hånlige harselas med fredsforsker Johan Galtungs død: ‘Der døde jaggu Johan Galtung, fredsbevegelsens rødbrune Gandalf’. Samt hans beskrivelse av Svein Østvik som ‘en paranoid bie som konstant flyr fra den ene antisemittiske blomsten til den andre’.

Men da er han jo bare et troll som har skiftet beite… fra et angivelig høyreradikalt troll, til et konsensustroll som nå blir brukt av medier for å trolle på den ‘rette siden’.’

Dette minner faktisk litt om Ingeborg Senneset som etter eget sigende var mobberen i skolegården som ung, og som voksen skiftet beite til å dehumanisere vaksineofre og uvaksinerte i sine spalter i Aftenposten.

Hvem er alle disse som stadig rydder plass i mediespaltene til de mest diabolske blant oss, som med presisjon er innstilt på følgende default: ‘spark alltid nedover i samfunnet’.

Trioen Østvik, Schevig og Benito har skrevet et knakende godt tilsvar på selveste åstedet, Medier24, etter Josephsens pubertale oppgulp, og heldigvis var avisen – som tross alt tar sikte på seg å være medienes vaktbikkje – så reale at de trykket også dette.»

Lasse Josephsen sin artikkel «Charter-Sveins grumsete univers» kan lesast her. Tilsvaret frå Svein Østvik, Silje Schevig og Hemali-redaktør Julia Schreiner Benito kan lesast her. Mobbegruppa «Ting Som Norske Antivaksere Sier» sitt innlegg om artikkelen kan lesast her.

Nettmobbing er eit stort problem. Mobbing i skulegarden var sånt ein måtte rekne med, men dette vart ikkje spreidd andre stader enn nettopp skulegarden. Nettmobbing kan kven som helst lese, og kan få store sosiale konsekvensar for offera. Dei som driv med slikt burde tenkje nøye etter kva dei bruker dagane på.

Den offentlege diskursen er etter vårt syn irreversibelt splitta. Her har folk samla seg i skyttargraver og kastar bomber og skyt på kvarandre. Resultatet er ei utbomba slagmark og frontar som berre blir meir og meir steile. Håpet om forsoning og respekt for kvarandre sine meiningar ser ut til å forsvinne meir og meir. Vaksne folk burde verkeleg vete betre enn å rotte seg saman og mobbe folk vekk frå både karriere og helse. Det kan nesten sjå ut som nettrolla har som mål å øydeleggje enkeltpersonar og familiane deira.

Dei som har ein slik agenda har grovt misbrukt retten til å ytre seg. Då handlar det ikkje lenger om ytringsfridom. Då har ei farleg grense blitt kryssa, ei grense det blir vanskeleg å ikkje krysse igjen. Dette er ikkje meint som verken trugslar eller åtvaring – berre eit tips i all medmenneskelegheit.

Kommenter innlegget