Burde idiotar få lov til å stemme? Konservativt tsjekkisk parti føreslår «kunnskapsprøve» for å kunne få stemmerett

Det er nærast for sjølvinnlysande å rekne at manglande politiske kunnskapar, intellektuell latskap og saueflokkmentalitet er ein farleg kombinasjon, for det kan vere forklaringa på at dei same inkompetente og grådige politikarane blir valde år etter år, slik vi ser i Noreg, der vi i praksis har valet mellom pest eller kolera: Erna Solberg eller Jonas Gahr Støre. Dei vil oss ikkje vel, og dei hatar oss. Dei vil innynde seg hjå globalist-eliten, som hatar dei like mykje. Folk flest skjønner ikkje det politiske spelet, og stemmer etter vane eller fordi naboen og vennene gjer det. Vi skal for all del ikkje skilje oss ut.

Det er eit spørsmål som skaper klein stemning, men det må stillast: Er enkelte rett og slett for dumme til å ha stemmerett?

Kan demokratiske samfunn vedta lover som diskriminerer mot dumskap og avgrense deltakinga til idiotar i det offentlege livet? Den polske kommentatoren Grzegorz Górny spør dette provoserande spørsmålet i ein artikkel henta frå ReMix News. Mi omsetjing:

«Terminologien ‘idiot’ hadde opphav i det gamle Hellas, og refererer til individ som fokuserer berre på det private liv og viser ingen interesse for politikk eller offentlege saker, og blir dermed sett på som uvetande.

I moderne demokratiske land utgjer tilstadeveringa av ‘idiotar’ – dei som er likesæle til offentleg liv og politikk, men likevel nyttar seg av sine borgarrettar under val – ei unik utfordring. Dette fenomenet har skapt debatt rundt visdommen om å late uinformerte individ påverke framtidige avgjerder via røysting.

Eit markant døme på å prøve å takle dette problemet fann stad i Bulgaria i 2016, då vallovstillegg introduserte ein regel som utelukka borgarar som mislykkast i å stemme under to val etter kvarandre av same type. Desse individa blir fjerna frå røystelistene, men kan få tilbake stemmeretten sin ved å søkje om å få kome tilbake på lista, eit tiltak som har som mål å oppmuntre borgarleg engasjement og, implisitt, luke ut dei uinteresserte eller uinformerte.

Derimot adresserer denne løysinga ikkje kjerneproblemet med uinformerte røystarar som tek del i val. Eit forslag av Jan Kubalcík, leiaren i det Tsjekkiske konservative partiet, føreslår ei nyskapande tilnærming: å krevje at borgarar består ein grunnleggjande kunnskapsprøve før dei røystar.

Denne prøva, som består av ti spørsmål som er tilfeldig utvalde av ei datamaskin frå tusen spørsmål, har som mål å ekskludere dei som manglar grunnleggjande forståing av politikk og allmenn kunnskap frå å ta del i avgjerdstakingsprosessar. Kritikarar argumenterer at denne metoden diskriminerer dei som er uvitande, og stiller spørsmål ved kor rettferdige og praktisk gjennomførbare slike tiltak er.

Trass at Det konservative partiet har ei lang tilstadevering i tsjekkisk politikk, har dei enno til gode å oppnå betydeleg påverknad på lovverket, og Kubalcík erkjenner dei små sjansane for at forslaget hans blir innført.

Dette pågåande dilemmaet set søkjelys på kampen mellom å sikre ein informert valkrins og ivareta inkluderande demokratiske prinsipp, noko som får samfunnet til å undrast over om dei faktisk blir ‘dømt til idioti’ når det gjeld valdeltaking.»

Kommentar frå Saksyndig: Eit liknande tiltak kan fint innførast i Noreg. Etter mitt syn er det mange som helst ikkje burde ha stemmerett i det heile, ettersom dei manglar heilt grunnleggjande kunnskap om politikk og korleis samfunnet fungerer. «Våre» politikarar på Stortinget er korrupte og uærlege, og har gjennom sine handlingar vist gong på gong at dei ikkje handlar i våre interesser. Dersom vi mot formodning har ein demokratisk valprosess i Noreg (noko eg finn stadig større grunn til å tvile på), so burde i det minste veljarane skaffe seg basiskunnskapar om kven som vil oss vel, og kven vil ofre oss til ulvane ved fyrste og beste høve for å innynde seg hjå globalist-eliten.

Kommenter innlegget