I 2040 vil Noreg mangle 24 000 helsefagarbeidarar – «ingen» veit kvifor

Det er eit faktum at helsepersonell i stadig større grad blir mangelvare i Noreg. Ein kan gjerne spekulere i kva årsakene kan vere, og eg kjem her med kva eg sjølv trur kan vere forklaringa. Eg er sjølv utdanna helsefagarbeidar med over 15 års erfaring i yrket, men jobbar no i ein heilt annan bransje som har ingenting med helsefagarbeid å gjere i det heile. Arbeidet er fysisk tungt, men det er levebrødet mitt, og eg held meg i god form. Arbeidsmiljøet er fabelaktig – vi er for det meste menn, og eg er einaste nordmannen. Eg har lært heile gjengen brukbar norsk, noko dei set stor pris på.

NRK publiserte 21.mars 2024 ein artikkel som skildrar eit problem i helsesektoren: På to år har søkjartala til læreplassar for helsefagarbeidarar gått ned med 17%. I 2040 vil Noreg mangle 24 000 helsefagarbeidarar. I artikkelen blir den nyutdanna helsefagarbeidaren Therese Tollefsen intervjua, ho jobbar på Helse Stavanger si avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering, etter å ha gjennomført læretid på Stavanger universitetssjukehus. Som ho sjølv seier:

«Jeg er en av få på mitt kull som i dag jobber som helsefagsarbeidere [sic].»

Eit anna sitat frå Therese:

«Jeg har alltid likt å jobbe, og blir jeg tilbudt en ekstravakt, så sier jeg alltid ja.»

Det er ingenting å seie på motivasjonen til Therese. Ho har den rette haldninga no, men det spørst om ho er like motivert om ti år, eller ikkje minst tjue år. Mange i helsesektoren går av med AFP ved fylte 62, medan nokre tek ekstravakter etter at dei er pensjonistar, og gjerne held det gåande til dei er i 70-åra. Eg har sjølv jobba med slike pensjonistar, og dei er blant dei aller dyktigaste kollegaene eg har jobba med.

NRK kjem med ei ganske god oppsummering av kva ein helsefagarbeidar gjer. Her vil eg berre kommentere at då eg sjølv tok fagbrev for over ti år sidan, so jobba ikkje helsefagarbeidarar på sjukehus. Eg hadde ingen praksis på sjukehus, medan dette no er blitt vanleg igjen. Yrket helsefagarbeidar er ei samanslåing av yrka hjelpepleiar og omsorgsarbeidar, og denne samanslåinga skjedde på 2000-talet. Skilnaden mellom hjelpepleiar og omsorgsarbeidar var at hjelpepleiaren hadde praksis frå sjukehus, medan omsorgsarbeidaren ikkje hadde det. På slutten av 90-talet vart hjelpepleiarane uforklarleg «bannlyst» frå sjukehus – etter det eg har høyrt, vart hjelpepleiaroppgåvene overført til sjukepleiarar, pleieassistentar og portørar. Min generasjon av helsefagarbeidarar har difor ikkje erfaring frå sjukehus, noko som har ført til at vi har ein tendens til å bli valt vekk i jobbsøkjarprosessen.

Leiinga ved Stavanger universitetssjukehus veit at det blir stadig færre søkjarar til helsefagarbeidarstillingar og læreplassar, men dei veit ikkje heilt kvifor. Lønn blir brukt som ei mogleg forklaring, men her vil eg presisere at lønna til ein helsefagarbeidar er relativt god. Årslønna i ei 100%-stilling er før alle tillegg kjem, og alle som har jobba i helsesektoren veit at ein får rikeleg med tillegg. Etter klokka 17 får ein kveldstillegg, og etter klokka 21 får ein nattillegg. Tidlegare vart nattillegget rekna frå klokka 17, so det at ein får ekstra betalt etter 21 er noko nytt. Helgetillegget kjem i tillegg: Dersom ein jobbar seinvakt laurdag, får ein både kveldstillegg/nattillegg og helgetillegg. Dersom laurdagen fell på ein raud dag (1.juledag, 1.påskedag, 17.mai og liknande), får ein 133% tillegg. Dette tillegget kjem i tillegg til kvelds-, natt- og helgetillegg. Lønna blir dermed særs god om ein bruker strategi og «med glede» steppar inn på til dømes kveld julaftan om julaftan fell på ein laurdag eller sundag. Sjølv jobba eg på den måten i mange år, og det viste på lønnsslippen.

Helseføretaka har eitt problem til felles: Dei slit med dårleg bemanning på grunn av reduserte midlar. Pengane ser ut til å ha forsvunne på mystisk vis. Dårleg bemanning kan derimot kompenserast av eit godt arbeidsmiljø og kollegaer som er lojale både overfor leiinga og kvarandre. Det går an å skape trivsel og god stemning på arbeidsplassen. Det motsette vil vere å skyte seg sjølv i foten. Mi personlege erfaring er at enkelte diverre ikkje har denne agendaen. Kva dei sjølve trur dei oppnår med denne åtferda, veit berre dei.

NRK spør Therese kvifor ho trur at søkjartala går ned. På det svarer ho:

«Jeg vet ikke helt, men jeg tror det er for lite informasjon om hva helsefagarbeider er. Det husker jeg fra da jeg gikk på videregående skole. Og så burde nok lønnen vært bedre.»

Til Therese vil eg svare: Lønna di kjem til å bli betre. Dersom du held ut i 16 år, so vil du oppnå full ansiennitet. Ein helsefagarbeidar med 16 års ansiennitet tener faktisk meir enn ein nyutdanna sjukepleiar. Og du bør nok skaffe deg viktige verv slik som verneombod eller tillitsvalt. Vurder ei vidareutdanning når du har tid og krefter. Gjer deg sjølv so uunnverleg for arbeidsgjevar som du berre kan, for då er det mindre fare for at enkelte i personalgruppa vil prøve å få deg fjerna.

Sjølve yrket helsefagarbeidar er ganske so greitt når ein fyrst har lært seg rutinar og bebuarar å kjenne. Mange yrke er langt tyngre reint fysisk, og mange yrke er definitivt farlegare. Brannmann, politi og vektar er tre yrke eg kjem på sånn reint i forbifarten. Du, Therese, er heldig som får ivareta sårbare grupper i samfunnet, og eg unner deg alt vel i din nye jobb. Berre hugs ein siste ting: Du lever ikkje for å jobbe, du jobbar for å leve. Spar pengar kvar månad og bygg deg opp ein solid buffer – berre sånn i tilfelle du plutseleg skulle misse jobben. Slikt kan jo lett skje i våre dagar om enkelte i personalgruppa bestemmer seg for det. Faktisk kan nettopp slike giftige eple i korga vere årsaka til at helsefagarbeidarar vel seg vekk frå helsesektoren og heller jobbar i andre bransjar.

Kommenter innlegget