Befolkninga i Vesten blir erstatta av folk som hatar vestleg sivilisasjon

Konseptet befolkningsutskifting er ikkje berre ein konspirasjonsteori frå høgreekstreme og nynazistar. Befolkninga i Vesten blir i stadig større grad erstatta av ikkje-vestlege som ikkje deler det same grunnsynet som den opphavlege befolkninga, noko Fjordman påpeikte allereie på 2000-talet, og som Hege Storhaug skreiv om på tidleg 2010-tal. Folk flest avviser dette som rasisme og tøv, men statistikken talar sitt tydelege språk: Fødselsraten blant vestlege går ned samstundes som det skjer stadig meir innvandring frå ikkje-vestlege land, som i sin tur føder langt fleire barn enn dei innfødde. Etter kvart som åra går vil difor vestlege vere i mindretal i sine eigne land.

Jordan Schachtel publiserte ein artikkel på nettstaden The Dossier 12.mars 2024 som er av interesse for oss i Saksyndig-redaksjonen. Han skriv innleiingsvis at grunnfundamentet til Vesten held på å kollapse frå innsida, og det i ein akselererande fart. Dersom den noverande utviklinga held fram, vil ingen vere igjen til å skru av lyset når den vestlege kulturen forsvinn.

Saksyndig si omsetjing:

«Eg [Schachtel] er i Strasbourg i Frankrike denne veka [veke 11], der eg skal halde tale i Europaparlamentet om den trugselen som ligg innåt i ESG-rørsla. [ESG står for Environmental, social and corporate governance = «miljø-, sosial- og konsern-styring»; oms.an.]. Eg er super-ivrig etter å oppdatere alle dykk om det seinare denne veka, men lat oss leggje det til side ein augneblink…

Å vere der har gjeve meg sjansen til å reflektere over den problematiske tilstanden til Vesten, spesifikt å innsjå at ho overhengande problem trugar med å rasere grunnmuren til våre ideologiske og kulturelle institusjonar.

Strasbourg er ein vakker by. Arkitekturen der tener som ein slåande påminnar om dei utrulege prestasjonane til den meir enn tusen år gamle franske sivilisasjonen, og Alsace-kulturen. Meisterverket i byen er Strasbourg-katedralen, eit verdsunderverk frå den sida. Den høgtragande kyrkja var ein gong den høgste bygningen i verda. Og det tok rundt 400 år å fullføre, ei tidsramme som rett og slett er ufatteleg for tidspreferansen til våre 2024-hjernar.

I dag tener Strasbourg som setet til Europaparlamentet og nokre få andre europeiske institusjonar.

Og Strasbourg, slik som dei andre større byområda i Frankrike, er heim for ein betydeleg, raskt veksande minoritet av borgarar og ikkje-borgarar som ikkje respekterer dei kulturelle verdiane som Frankrike (og resten av Vesten) ein gong stod for.

Når ein går rundt i gatene her nede har ein like stor sjanse for å høyre arabisk som ein har til å høyre fransk. Medan det ikkje nødvendigvis er eit problem i seg sjølv, tener det som ein inngangsportal som avslører det omkringliggjande temaet.

I den ikkje so altfor fjerne fortida, hadde franske leiarar ei strengt assimilerande haldning mot innvandring. Dette var spesielt sant for dei fyrste store bølgjene av muslimar frå tidlegare franske koloniar. Den mest nylege bølgja av migrantar frå den arabiske verda kunne ikkje ha brydd seg mindre om det franske samfunnet, og det seier dei til og med rett ut.

Ifølgje ei 2020-spørjeundersøking frå Institute français d’opinion publique [«fransk institutt for folkeopinion»], seier nesten halvparten av franske muslimar at religionen deira går framfor lovene og verdiane til Frankrike. Og blant muslimar under 25, er tre fjerdedelar (!) einige med dette.

Med tanke på den stadig nedgåande fødselsraten blant franske kvinner, er det mogleg at innan 30 til 40 år vil Frankrike bli eit land med eit fleirtal av muslimar.

Men trass denne statistikkbaserte realiteten (og det at det muslimske samfunnet erklærer at dei har ingen intensjon om å vidareføre franske tradisjonar og verdiar), er franske og europeiske politikarar over det Davos-menneskefanga moderne politiske spektrum, raske med å avfeie kvar ein diskusjon rundt dette temaet som irrelevant og/eller rasistisk.

Naturlegvis er ikkje dette berre eit fransk problem, det er eit problem i heile Vest-Europa. For at eit samfunn skal blomstre (både frå eit økonomisk og kulturelt perspektiv), bør raten for befolkningserstatning liggje komfortabelt over 2,1 barn per kvinne. Som du kan sjå i dette oversiktskartet, får ikkje kvinner i Europa på langt nær nok barn. Det same er tilfellet i USA, der fertilitetsraten i 2023 var 1,78 fødslar per kvinne.

Dersom dei som krev å få arve den ein gong so stolte vestlege sivilisasjonen ikkje snart snur kursen, vil dei bli erstatta av folk som vil skrive over den historiske kulturen og verdiane til desse samfunna som om dei aldri eksisterte i fyrste omgang.

Vi snakkar her ikkje berre om tal, dette gjeld òg politisk.

I Vesten kan ikkje våre ymse politiske disputtar bli adresserte utan å fyrst gripe to større problem: vi får ikkje nok babyar og vi importerer menneske til våre suverene land som ikkje deler verdiane våre. Alt anna, som inkluderer nesten alle våre andre heite poteter av nokre politiske og ideologiske disputtar, kjem på ein fjern andreplass i forhold til nemnde trugslar som våre respektive nasjonar står overfor.»

Kommenter innlegget