Som dei fleste innan alternative og hovudstraumsmedia har fått med seg, skal det finne stad ei total solformørking i delar av USA 8.april i år. Enkelte oppfattar dette som eit teikn på komande undergang av den rådande verdsordenen, og det kan sjå ut som sjølv offentlege organ i USA har ein mistanke om at dette er noko langt meir enn ei total solformørking. Michael Snyder skriv på nettstaden The Most Important News om solformørkinga, og stiller eit heilt legitimt spørsmål: Kvifor blir sjølvaste Nasjonalgarden sendt ut, dei som berre rykkjer ut når det skjer kriser?
Han skriv (dette er eit representativt utdrag; linkar er å finne i originalartikkelen):
«Nasjonalgarden skal berre sendast ut i naudsituasjonar. Men i desse dagar blir Nasjonalgarden brukt til alle slags ting. Til dømes blir hundrevis av Nasjonalgarde-soldatar brukt til å undersøkje veskene til dei som reiser med T-banesystemet i New York by. Dette set ein særs alarmerande presedens, og eg forstår ikkje kvifor fleire menneske ikkje blir opprørte over dette. Og no har vi fått vit på at Nasjonalgarde-troppar skal sendast ut under Den store amerikanske solformørkinga [engelsk The Great American Eclipse] 8.april. Kva i all verda forventar dei vil skje under denne formørkinga?
Utan tvil kjem det til å bli ei historisk hending.
Som eg [Snyder] har diskutert tidlegare, blir det estimert at dette vil bli den mest sette astronomiske hendinga i heile historia til landet vårt [USA].
Og nær sagt alle i Nord-Amerika vil bli i stand til å sjå i det minste ei delvis formørking. […]
8.april kjem millionar av amerikanarar til å reise til stader der dei vil liggje i skuggen av den totale formørkinga. Oklahoma blir utropt som dei av dei beste delstatane for dette, og det blir rapportert at Nasjonalgarden i Oklahoma ‘skal utstyre utrykkingspersonale so vel som einingar med hazmat-responsevner’.»
Hazmat-drakter er heildekkjande drakter som blir brukt ved mistanke om mellom anna alvorleg luftboren sjukdom eller farleg biologisk avfall. Hazmat er forkorting for hazardous material, «farleg materiale». Snyde skriv vidare:
«Eg kan forstå kvifor dei føler at dei treng å vere førebudde.
Men å hente inn Nasjonalgarden er vel å overdrive litt, synest du ikkje?
Innbyggjarar i Oklahoma blir oppmoda til å ‘byggje opp lager av drivstoff og daglegvarer’ før solformørkinga, og dei blir òg instruerte om å ha ‘fleire former for kommunikasjonsmidlar i tillegg til mobiltelefonar’. […]
Seriøst?
Dei vil at folk skal gjere alt dette på grunn av ei formørking som berre kjem til å vare i nokre få minutt?
Faktisk er ikkje Oklahoma den einaste delstaten som kjem med slike åtvaringar. Ifølgje ein Newsweek-artikkel med tittelen Map Shows Warnings for People to Stock Up on Food Ahead of Solar Eclipse [«Kart viser åtvaringar om at folk må byggje opp lager av mat før solformørkinga»], har minst fire delstatar no åtvara innbyggjarane sine om å byggje opp matlager. […]
Eg innser at områda som ligg i den direkte skuggen av den totale formørkinga forventar eit stort tal gjester, men det kjennest ut som om styresmaktene verkeleg går ut av sine gode skinn her.
Berre sjå på kva tenestepersonar i Hays fylke, Texas, ber innbyggjarane sine om å gjere:
- Parkeringsproblem – mange på parkering, avgifter for parkering, det å måtte parkere og gå til destinasjonen din (Ver vennlege og berre parker i tilviste område og ikkje på private eigedommar eller i område som kan forårsake tryggleiksproblem)
- Trafikkforseinkingar og vegstengingar
- Lengre ventetider på restaurantar (Vurder å lage mat ‘heime’ i staden, eller ta med ein liten kjølebag med ferdiglaga mat)
- Meir trafikkork (forgjengarar og køyretøy)
- Forseinka respons på naudtenestene
- Forstyrringar/manglande dekning på mobiltelefonar
- Høgare enn normale nivå av stress og/eller temperament
- Kortlesarar kan slutte å fungere (ta med kontantar)
Kvifor trur dei kortlesarar ikkje kjem til å fungere?
Og kvifor skulle mobiltelefondekninga bli forstyrra?
Eg forstår det ikkje.
I Arkansas gjennomførde dei faktisk ei ‘direkte treningsøving’ som simulerte naudsituasjonar som kan oppstå under formørkinga. […]
Personleg forventar eg ikkje ein større katastrofe eller naudsituasjon den dagen formørkinga skal finne stad.
Men du veit aldri, eg kan jo ta feil.
Og det er sanneleg uunngåeleg at der vil kome langt fleire ‘overraskingar’ etter kvart som dette året skrid fram.
Faktisk, under sitt nylegaste intervju med Tucker Carlson, åtvara den tidlegare amerikanske representanten Ron Paul spesifikt mot potensialet for ei svart svane-hending [engelsk black swan event]. […]
Eg trur ikkje der vil skje ei svart svane-hending 8.april.
Men denne formørkinga vil vere noko særs tydingsfullt.
Den store ‘X’-en over USA som Den store amerikanske formørkinga av 2017 starta, vil vere fullført av Den store amerikanske formørkinga av 2024.
Og i det Den store amerikanske formørkinga av 2024 flyttar seg over nasjonen vår, vil sola, månen og dei andre sju planetane i vårt solsystem alle stille seg på linje på himmelen.
Heile solsystemet vårt skrik bokstavleg tala at denne dagen er viktig, og ein skulle tru at fleire folk snakkar om den store ‘X’-en som er i ferd med å bli fullført rett over New Madrid-forkastinga.
Tragisk nok vil mesteparten av befolkninga raskt gløyme denne formørkinga so snart den har passert, og det er ekstremt uheldig.»
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
